Hopp til innhold

Fleire skader hos kvinnelege fotballspelarar: – Eg er sjalu på gutane

Det er opp til seks gonger fleire korsbandskadar hos kvinnelege fotballspelar. Ulik anatomi er ikkje nødvendigvis grunnen til dette.

Tiril-Flokketveit

Styrke, styrke og endå meir styrke. Det har vore lite fotball på Tiril Espedal Flokketveit dei siste månadene.

Foto: Tobias Hovland / NRK

– Eg er sjalu på gutespelarane. Det trur eg nesten alle er, seier Stabæks midtstoppar Tiril Espedal Flokketveit.

Ho er ein av 24 spelarar som har roke korsbandet i Toppserien dei siste to åra.

NRK har samla inn tal frå 2023-sesongen som viser at eliteserieklubber har i snitt 2,5 årsverk tilsett i dei medisinske støtteapparata sine. I Toppserien er talet 1,2.

Cecilie Fiskerstrand, målvakt for Lillestrøm og det norske landslaget, røyk sjølv korsbandet like før EM i 2022.

Ho er klar på at mangelen på ressursar i Toppserien speler inn på det høge talet korsbandskadar.

– Eg kjenner fleire kvinnelege fotballspelarar som har fått veldig dårleg oppfølging etter skadar. Fysioterapeutar med ansvar for altfor mange spelarar gjer at oppfølginga blir mykje dårlegare.

Cecilie Fiskerstrand etter røket korsbånd. Olympiatoppen 2022.

Cecilie Fiskerstrand er ein av 24 spelarar som har roke korsbandet i Toppserien dei siste to åra.

Foto: Christian Dehlie Lokøy

Ho seier ho sjølv var heldig med folka ho hadde rundt seg då ho vart skadd, men understrekar at det ikkje er alle som har det slik.

– Kvinnefotballen har dei same krava som herrefotballen, ved at me trenar på same måte. Når me då ikkje har dei same ressursane, blir det fleire skadar, seier Fiskerstrand.

Får støtte av ekspertar

– Fotballtrenarane til kvinnene er ikkje like gode som herranes. Skadeførebygging og opptrening etter skade er ikkje på same nivå hos kvinnene. Dei har ikkje same tilgang til helsepersonell eller fysioterapeutar som hjelper med styrketrening. Så det er veldig store forskjellar.

Det seier Lars Engebretsen, professor i ortopedi og spesialist på kneskadar.

Lars Engebretsen

Lars Engebretsen, her som sjefslege for den norske OL-troppen i 2006.

Foto: Johansen / SCANPIX

Håvard Moksnes er spesialist i idrettsfysioterapi ved Idrettens Helsesenter. For to år sidan starta han, saman med fleire andre fysioterapeutar, å forska på korsbandskadar i Toppserien.

– På herresida er det større ressursar rundt laga. Då får ein gjort meir skadeførebyggjande trening, og dei har betre kontroll på totalbelastninga til spelarane, seier Moksnes.

Moksnes korsbånd

Håvard Moksnes meiner betre ressursar ville hjelpt for å unngå dei mest alvorlege kneskadane blant spelarane i Toppserien.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Dette sjølv om kvinner som driv med såkalla «vridingsidrett», som handball, fotball, innebandy og basketball, har fire til seks gonger fleire skadar enn herrane, ifølgje Moksnes.

– Det er forventa at jentene skal vera profesjonelle, og då må dei også ha eit profesjonelt, og godt, støtteapparat rundt seg, seier han.

Flokketveit er ikkje i tvil om at ho som kvinneleg fotballspelar gjerne ville hatt støtteapparatet til herrane.

– Det er jo det som er draumen for absolutt alle. At det ein gong tek seg til det nivået, seier Flokketveit.

Les også Ada Hegerberg slår alarm - no tek Toppserien grep

Ada Hegerberg og Mimmi Löwfenius Veum

Fleire operasjonar

Engebretsen seier det er ein auke i talet på operasjonar av korsbandskadar. Auken er større hos jenter enn hos gutar

– Det er viktig å hugsa at vesentleg fleire kvinner speler fotball no enn før, men det er naturlegvis ikkje den einaste grunnen.

Utviklinga i Toppserien ser likevel ut til å gå i rett retning. Tal frå dei første to åra av prosjektet til Moksnes og dei andre fysioterapeutane viser ei halvering i korsbandskadar frå 2022 til 2023.

Oversikt over korsbåndskader i Toppserien i 2022 og 2023.

Tala er henta frå Idrettens Helsesenter.

Grafikk: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

– Det er for kort tid med observasjon til at me kan kalla det ein trend. Forhåpentleg blir det endå færre i 2024. men skal me seia noko om utviklinga på korsbandskadar så må me følgje med og telja i minst ti år først, seier Moksnes

Dei ulike utviklingane viser at det er for tidleg å konkludera med kvifor tala er som dei er.

– Me veit ikkje kvifor kvinner er meir utsette for kneskadar enn menn. Det er nok veldig samansett. Det er litt forskjell på korleis me er sette saman, men det i seg sjølv er ikkje noko risikofaktor, som er avgjerande for at kvinner har fleire korsbandskadar, seier Moksnes.

Les også Fotballens store gåte

Beth Mead, England

Både Engebretsen og Moksnes er samde om at det går rett veg, men er likevel ikkje heilt fornøgd.

– Det går jævlig sakte. Målet bør vera å skapa dei same føresetnadene for kvinner, som for menn. Akkurat no er det noko med totalpakken kvinner får som gir fleire korsbandskadar, seier Engebretsen.

Flokketveit håpar utviklinga vil gå raskt, men er innstilt på at det kan ta tid.

– I utlandet har det teke seg opp i rekordfart. Sverige har utvikla seg mykje dei siste åra, så håpar eg berre det same skjer her, seier Flokketveit.

Ho er no på veg tilbake frå ein korsbandskade etter ni månader på sidelinja.

– Det har vore kjedeleg og veldig tøft, men det har også vore lærerikt, seier Flokketveit.

Siste nytt

  • Breigan nær norgesrekord

    Ida Breigan har vært i fyr og flamme så langt denne sesongen. Innendørs satte hun norgesrekord i lengde i februar, og hun flyr langt utendørs også.

    Under Texas Invitational fredag hoppet hun 6,65 meter. Det er bare tre centimeter bak norgesrekorden utendørs, som tilhører Margrete Renstrøm.

    Vindresultatene fra konkurransen er ennå ikke kjent. Breigan har tidligere hoppet 6,74 meter, langt forbi norgesrekorden, med da med for mye medvind.

    Breigans personlige rekord utendørs fra tidligere er 6,58 meter. Om vindforholdene i Texas blir godkjent, er den nå altså forbedret.

    Ida Andrea Breigan
    Foto: PRIVAT
  • Borge misset cuten i Los Angeles

    Det ble med to runder for golfproffen Celine Borge på LPGA-touren i Los Angeles. Hun var tre slag fra å klare cuten i turneringen.

    Borge hadde en tøff fredagsrunde og endte den på fem slag over par som følge av fem bogeyer. Hun startet svakt og lå fire over par etter åtte hull.

    Tønsberg-kvinnen hadde gått åpningsrunden på par, og dermed endte hun på +5 etter to runder. Cutgrensen gikk mellom to og tre slag over par.

    Australieren Grace Kim har spilt glitrende i California og leder turneringen med hele tolv slag under par. (NTB)

    Celine Borge
    Foto: Darryl Webb / AP
  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal