Hopp til innhold

Ada Hegerberg slår alarm - no tek Toppserien grep

Skadar har vorte eit aukande problem, og tysdag tok Ada Hegerberg eit oppgjer med kompetansen i og rundt kvinnefotballen.

Ada Hegerberg og Mimmi Löwfenius Veum

SLÅR ALARM: Nyleg fekk Mimmi Löwfenius Veum ei alvorleg skade i cupfinala mellom Vålerenga og Rosenborg. Ada Hegerberg (t.v.) tek eit oppgjer med kompetansen i og rundt kvinnefotballen.

– Det er ei ekstrem utfordring som er nøydd til å bli teken tak i no.

Det sa den norske stjernespissen Ada Hegerberg på eit pressetreff før Noregs viktige nasjonsliga-kamp mot Portugal.

Ho siktar til den stadig veksande skadeproblematikken i kvinnefotballen.

Ein norsk forskingsrapport publisert på National Library of Medicine viser at éin av fem spelarar i Toppserien, det øvste nivået for kvinner i Noreg, har eit helseproblem som gjer at spelaren ikkje kan trene eller delta som normalt.

– Ein kjempeproblematikk

Undersøkinga er basert på 2020- og 2021-sesongen, men vart tema igjen etter at Vålerenga-spelar Mimmi Löwfenius Veum forlét cupfinalen i tårer. Vålerenga har stadfesta at ho pådrog seg ein alvorleg kneskade, og truleg er ute i minst eitt år.

Tala bekymrar Hegerberg. Ho har sjølv slite med alvorlege korsbandskadar og hatt det ho beskriv som «ein frustrerande haust», og krev no at det blir sett større fokus på skadar i kvinnefotballen.

På spørsmål frå NRK om ein av fem-tala, svarar ho:

– Det er ein kjempeproblematikk, og så føler eg at vi snakkar og snakkar om det, men er det noko som blir teke tak i? Det er det spørsmålet vi er nøydd til å stille oss sjølve. Eg veit av eiga erfaring at det ikkje er nok kompetanse rundt kvinnekroppen eller kva som er rett trening, seier Hegerberg.

Fotball kvinner, A-landslaget, privatlanddskamp Sverige - Norge

KNETRØBBEL: Ada Hegerberg har hatt fleire skadar som har halde henne ut av spel over lengre tid.

Foto: Lise Åserud / NTB

«Som små menn»

Som kvinne har eg stått i situasjonen sjølv, eg har stått overfor alvorlege skadar. Det er kanskje der eg kjende meg mest håplaus i karrieren min, fortel Hegerberg.

Nyleg sa Rosenborg-spelar Cesilie Andreassen til NRK at ho kjenner ho har vorte feiltrena heile karrieren. Ho beskreiv det som at ho og andre kvinner har vorte trena som «små menn».

– Det er ikkje eit dumt sitat, seier Hegerberg med eit lite glis.

Ho blir straks meir alvorleg.

– All forsking har vorte basert på menn i alle år, og eg trur ho er veldig inne på noko med treningsbiten. Vi er ulike, og når alt av system er basert på menn og dei tek «klipp og lim» på damer, vil det ikkje seie at det er løysinga eller vegen å gå.

Hegerberg meiner meir kvinnespesifikk kompetanse, hjelp og trening kan ta kvinnefotballen til nye høgder.

– Eg trur om vi finn ut av det kan vi byrje å nå eit nivå som vi ikkje har sett før, og det er jo det som er målet vårt. Om fotballen skal gå i rett retning er vi nøydde å ha dei beste spelarane på banen. No er det nesten sånn at den som klarer å halde seg mest skadefri klarer å ha dei beste sesongane. Det er ein kjempeproblematikk, seier Lyon-spissen.

Euro 2024 Qualifier - Group A - Spain v Georgia

ALVORLEG: Nyleg pådrog det spanske stortalentet Gavi på seg ein alvorleg kneskade som gjer at han truleg mistar EM neste sommar.

Foto: JUAN MEDINA / Reuters

Også på herresida har det vore ei aukande bekymring rundt skadar. Fleire turneringar, kampar og eit tettare kampprogram kombinert med mykje stopp og start i spel, blant anna på grunn av videodømming, har bidrege til det.

– Vi er aktørar, men har ingen finger med i spelet i samband med alle avgjerder som blir tekne i organisasjonar som Fifa, Uefa og i forbund. Det blir fleire og fleire kampar, men det er ingen som faktisk utøvar spelet som har ein dialog med dei. Det er ein brutal realitet, og situasjonen kjem til å halde fram viss det ikkje blir teke tak i, seier ho.

– Blir samanlikna med gutane

Fleire av dei norske landslagsspelarane har dei siste par dagane snakka om kartlegginga som viser skadeproblema kvinnefotballen står overfor, og fleire av dei har vorte bekymra.

– Oi, det var overraskande mange, var det første Barcelona-spelar Ingrid Syrstad Engen sa då ho vart presentert tala.

– Ein høyrer mykje om at det er for mange skadar, men at det var så høgt hadde eg ikkje trudd, sa ho.

Enga meiner det er viktig at det blir forska vidare på, og det same seier Guro Bergsvand.

Fotball kvinner: landslaget trener på Ullevaal

BEKYMRA: Landslagsspelar Guro Bergsvand vil ha meir forsking retta spesifikt mot kvinnelege fotballspelarar.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Ein av fem høyrest veldig mykje ut. Det har vore forska for lite på kvinnelege idrettsutøvarar. Vi blir samanlikna med gutane heile tida, men vi har ein heilt annan kropp. Det er derfor viktig at det blir slik gjort forsking, slik at ein blir klokare på forskjellane og kan leggje til rette med skadeførebyggjande trening.

Og no skal det faktisk forskast grundigare på.

Jobbar med tiltak

Norges Idrettshøgskole, Idrettens Helsesenter, Norges Fotballforbund og Toppfotball Kvinner har sett i gang eit prosjekt for å drive med skadeførebygging i Toppserien.

– Det er eit kjempeløft at vi no har slått alle krefter saman, jobbar saman og bruker kompetansen til kvarandre. Forhåpentleg gjer det at vi får eit skikkeleg løft på det området, seier Håvard Moksnes, fysioterapeut ved Olympiatoppen og Idrettens Helsesenter, til NRK.

Moksnes er for mange kjende som Karsten Warholms fysio, og er også knytt til det medisinske støtteapparatet rundt kvinnelandslaget i fotball. Han er veldig glad for kartlegginga som har vorte gjort.

– Vi har eit mål om å få sett inn fleire og grundigare skadeførebyggjande tiltak i kvinnefotballen, fortel han.

Håvard Moksnes

TEK TAK: Håvard Moksnes er ein av dei som skal jobbe for færre skadar i Toppserien.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ein av dei bak forskingsartikkelen, Roar Amundsen, seier til NRK at dei ikkje vart overraska over funna.

– Vi har vel heller fått stadfesta at det var slik vi tenkte. Det er fleire muskelskadar enn før, og det må jobbast med.

Amundsen seier mistanken kom som følgje av at tempoet i kvinnefotballen aukar veldig fort. No ser han og dei andre forskarane på vegen vidare.

– Vi er i gang med ei vidareføring av dette prosjektet der vi har samla alle dei medisinske støtteapparata i Toppserien og jobbar med tiltak. Denne kartlegginga gjer at det blir gitt meir ressursar til mellom anna fysioterapeutar i Toppserien.

På høg tid, meiner Ada Hegerberg.

– Statistikken er brutal, seier ho, og understrekar:

– Vi har ein lang veg å gå. Intensiteten går opp og det krevst meir og meir av oss som individ. Vi treng hjelp til å vite kva som må gjerast for å ta betre vare på spelarane.

Runa Lillegård hos kiropraktoren der hun opplever å få hjelp mot smertene.

Kampen mot eget hode

Siste nytt

  • Gråtkvalt Rune brøt semifinale: – Tror jeg har røket akillessenen

    Det blir ikke noe finalemøte mellom Casper Ruud og Holger Rune i ATP-turneringen i Stockholm. Den toppseedede dansken måtte bryte sin semifinale med en skade.

    – Jeg tror jeg har røket akillessenen min, sa Rune til en behandler som kom på banen for å undersøke ham, ifølge nyhetsbyrået Ritzau.

    Den danske tennisstjernen kunne ikke tråkke på høyrefoten og måtte støttes inn i garderoben. Rune var i tårer og hadde tydelige smerter.

    Han hadde vunnet første sett i semifinalen mot franske Ugo Humbert, men måtte gi seg på stillingen 2–2 i sett nummer to.

    Humbert er dermed klar for finale.

    (©NTB)

    et par mennesker står i nærheten av hverandre og holder tennisracketer
    Foto: ANDERS WIKLUND / AFP / NTB
  • Kjempemiss av toppscoreren: – Nesten ikke til å tro

    Bodø/Glimt jakter et nytt seriemesterskap i Eliteserien, men var oppe mot en skummel motstander borte mot Sarpsborg 08, lørdag ettermiddag.

    Daniel Karlsbakk har 16 mål i serien denne sesongen, men fra én meters hold klarte han likevel ikke å omsette avslutning fra Mohanad Jeahze til mål.

    – Det er nesten ikke til å tro, utbrøt TV2s Endre Olav Osnes.

    – Jeg har aldri hatt en sånn før. Men jeg regnet med at den ville komme, uansett. Det er bare å være hard i hodet og tenke på den neste sjansen, sier Karlsbakk til NRK.

    I stedet smalt det i den andre enden. Fredrik Sjøvold avsluttet etter at Patrick Berg la igjen ballen med hælen. Skuddet gikk rett på Mamour Ndiaye, som likevel ikke fikk opp armene.

    Da var det gått 53 minutter av oppgjøret og Glimt ledet noe flatterende 3-1.

    Etter at vertene havnet under med Odin Bjørtufts vakre hodestøt, slo de tilbake på vakkert vis.

    – Det der er til å bli lyrisk av, faktisk. Et Glimt-lag som står høyt blir jo bare spilt av, sa TV 2-kommentator, Osnes.

    På tross av flere feite målsjanser til vertene, var Kjetil Knutsens gutter langt mer effektive.

    – Jeg har ikke sett på tall for «forventende mål», men kanskje var det uavgjortkamp? Men så var de som sinnsykt effektive, og vi var ineffektive, oppsummerte Karlsbakk.

    Andre omgang skilte seg ikke voldsomt ut fra den første. Det var mange store målsjanser til begge lag men ett av lagene slet med å omsette dem.

    Bjørtuft noterte seg for sin andre scoring for ettermiddagen, og etter flere brente sjanser fant også Kasper Høgh veien til nettmaskene. Sondre Sørli reduserte én gang for særpingene.

    Dermed ble det 5-2-seier til Glimt. I tillegg tok de tilbake tabelltoppen fra Viking.

    Daniel Karlsbakk
    Foto: Christoffer Andersen / NTB
  • Skeid rykker ned til 2. divisjon

    Den gamle fotballstorheten Skeid rykker ned til 2. divisjon.

    Det er klart etter at Oslo-laget tapte 0-5 for Stabæk hjemme på Nordre Åsen lørdag.

    Skeid ligger sist i 1. divisjon med 12 poeng, etter bare én seier på 26 kamper. De har 13 poeng opp til Raufoss på kvalifiseringsplass, og med bare fire kamper igjen av sesongen har Skeid nå ingen mulighet til å unngå nedrykk.

    Skeid rykket opp til Obosligaen før denne sesongen, anført av trener Vilde Mollestad Rislaa (bildet). Hun er den første kvinnelige hovedtreneren for et lag på nivå to i norsk fotball.

    Skeid er knyttet til strøket Torshov i Oslo. Klubben har åtte norgesmesterskap og ett seriemesterskap i fotball, de fleste på 60-tallet.

    Stabæk kjemper også for å overleve i 1. divisjon. Med dagens seier klatrer de forbi Raufoss til 13. plass og trygg grunn, men bare på grunn av bedre målforskjell.

    Laget fra Bærum har fem kamper igjen av seriespillet.

    En kvinnelig fotballtrener står på sidelinjen og ser utover en fotballbane
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal