Lørenskog rykka opp til eliteserien i 2008/09 sesongen, og har sidan den gong hatt som mål å ein gong stå att som vinnarar av sluttspelet.
Satsinga starta for alvor rundt 2010 då Lørenskog byrja å hente etablerte spelarar frå andre klubbar. Lørenskog Ishockeyklubb AS vart stifta i mai 2010.
Sidan den gong har klubben tapt om lag 50 millionar kroner (sjå faktaboks).
Avhengig av investor
Milliontapa vert dekka av dagleg leiar og investor i Lørenskog, Stig Atle Johnsen.
- Les også:
– Vi må vera såpass ærlege å seie at vi hadde aldri vore der vi er no om det ikkje hadde vore for hans støtte. Han brenn for klubben og hadde han ikkje vore investor er eg sikker på at han hadde stått blant supporterane og skrike seg hås, seier kommunikasjonssjef i Lørenskog hockey, Jonas Lukerstuen Bariås.
No kan millionsatsinga gje resultat, i form av ein kongepokal.
Johansen viste til Bariås då NRK kontakta han, og sistnemnde bekrefta at det er Johnsen som dekker tapet til klubben ved slutten av året.
Trøblete år
Sidan Johnsen kom inn som investor har Lørenskog gått frå å vera ein klubb som hoppa mellom divisjonane, til ein klubb som årleg deltek i sluttspelet. Det einaste som manglar er NM-tittelen.
– Det har vore ein del opp og nedturar dei siste sesongane, og vi har ryke i kvartfinalen to år på rad, seier Bariås.
I 2013/14 sesongen starta dei i tillegg med 20 minuspoeng, etter at dei gløymde å levere inn ein lisenssøknad i tide.
Første og einaste gong Lørenskog har vore i ein NM-finale var i 2012. Den gong tapte dei 4–2 i kampar mot årets finalemotstandar, Stavanger Oilers, – ein annan klubb som er bygd opp av eksterne investorar.
60–40 fordel Stavanger
Journalist i Romerikes Blad, Per Morten Sødal, er tett på Lørenskog og har dette å seie om den økonomiske situasjonen i klubben.
– Dei har jobba med å auke inntektene, samtidig som dei kuttar utgiftene. Tala for 2015 er ikkje klare enno og dei vil nok sjå betre ut enn 2014, men det vert nok ikkje fine tal uansett, seier Sødal.
På den sportslege fronten skilte det berre fire poeng mellom kveldens finalemotstandarar over 45 kampar i grunnserien. .
– Eg vurderer det til 60–40 fordel Stavanger Oilers, seier han.
Og det er akkurat den same prosentdelen Stavanger har vunne over Lørenskog i årets sesong. Oilers står med tre sigrar på fem kampar, mot Lørenskogs to.
Første kamp mellom laga vert spelt i kveld, og det skal spelast kampar annankvar dag heilt til eit av laga står med fire sigrar.