Hopp til innhold

OL-håpet skadde seg på bisart vis: – Blir berre for dumt

Eit ublidt møte med isen gjer at Eivind Henriksens opplading til Europameisterskapet og Dei olympiske leikane blir meir kompliserte enn ønskeleg.

Familien Henriksen

FAMILIEN ER MED: Eivind Henriksen tok med seg kona og sønene Amund (9 månader) og Emil (3,5 år) heile vegen til Australia for å førebu seg til EM og OL.

Foto: Privat

– Eg skulle ut med søpla. Eg krabba ut verandadøra, der var det klink is, så eg gjekk rett på snørra og landa dessverre på venstre kne. Eg har da fått ein slimposebetennelse, så det er jo heilt fantastisk.

Frå treningsleir i Australia fortel Eivind Henriksen om skaden han pådrog seg dagen før han skulle reise. Nå sit han i solsteika, og får ikkje trena som planlagt.

Saman med familien reiste sleggekastaren til andre sida av jorda for å kunne optimalisere treninga sidan både EM og OL nærmar seg.

Kneet til Eivind Henriksen etter skade

MR: Dette er bildet av kneet til Henriksen.

Foto: Privat

Planen var jo eigentleg å legge på ei ekstra kastøkt, så eg hadde hatt fire kastøkter i veka. Nå har det blitt kanskje ti økter totalt på fem veker, så ja, det er to i veka.

Usikker før EM

Skaden fekk han som sagt dagen før avreise til Australia, men at konsekvensane skulle vere så alvorlege som dei blei hadde han ikkje forventa.

Nei, eg tenkte ikkje så mykje over det der og da, men det gjorde jo vondt. Det var berre å sette seg på flyet dagen etter, også tenkte eg ikkje så mykje over det før det hadde gått nokre dagar. Da skjønte eg at det var eitt aller anna som har skjedd, seier han.

Vidare seier Henriksen at han framleis er usikker på kor lang tid det til ta før han er heilt frist og kan trene som normalt.

Nei, altså, det kjem jo litt an på da. Tar ein det heilt med ro, så går det jo sikkert litt fortare over. Samtidig så kjenner eg liksom, eg må jo teste ut ting og sjå kva eg kan gjere, kva som fungerer og kva som ikkje fungerer, seier 33-åringen.

Eg har prøvd meg litt dei siste dagane. Kastinga er jo for så vidt grei, men det gjer forferdeleg vondt nokre gonger, fortset han.

Sleggekaster Eivind Henriksen skadet seg før avreise

Sidan han sjølv er usikker på tidsperspektivet for skaden, er det naturlege spørsmålet: Kva konsekvensar får dette for deg framover, med tanke på EM og OL?

Ja, det er jo ikkje optimalt, det er det ikkje. Men eg har jo hatt mykje problem tidlegare òg, og det har gått greitt nokre gonger. Eg håpar å få løyst dette problemet ganske kjapt nå, så er det framleis greitt tid igjen, i alle fall til OL, seier han.

Fall neste igjen

Det er ikkje første gong 33-åringen er i ein liknande situasjon. For karrieren til Henriksen har vore prega av nettopp mykje skadar.

Eg har jo vore mykje skadd oppi gjennom karrieren, så å få enda litt meir i det, det begynner å bli nok da. Og når det liksom er ein sånn klønete skade, så er det jo, ja, det blir jo berre for dumt, seier han.

Eivind Henriksen i Australia

FAMILIE: Eivind Henriksen nyt også tida i Australia saman med familien. Her med sonen Amund på ni månader.

Foto: Privat

Sidan situasjonen er som han er for sølvvinnaren frå sommar-OL i 2020, må han berre prøve å ta det heile med eit smil. Og seier han var nære på å fallet igjen.

Samtidig så er det jo herleg å berre vere borte frå det, rett og slett møkkavêret som har vore heime i Noreg nå, og herleg å gå ut i shorts og T-skjorte klokka 6 på morgonen i nærare 30 grader, seier Henriksen.

Ein skal passe litt på når ein går rundt med slippers på kjøpesenteret på flisa der, viss det har regna litt. Eg har sklidd nokre gonger her òg, smiler han.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal