Hopp til innhold

Tok grep etter problem på heimebane: – Eg måtte berre kome meg vekk

Nokre reiser til psykolog, medan andre tek ein joggetur for å lufte tankane. Felix Baldauf (27) har sin heilt eigen måte å rydde i hovudet på.

Felix Baldauf på backpacking i Laos og Kambodsja

MEDITASJON: Felix Baldauf får ro i sjela av å reise på backpacking aleine til nye land. I år har han reist til Laos og Kambodsja i Asia.

Foto: PRIVAT

– Eg starta å reise då eg byrja å få veldig mange problem på heimebane. For meg vart det ein slags flukt frå verkelegheita. Eg måtte berre kome meg vekk frå alt og få tid til å tenkje, fortel Baldauf til NRK.

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse.

Brytaren har tidlegare fortald NRK om oppveksten då mor sleit med alkoholproblem, og at han deretter utvikla depresjon. I tillegg fekk han påvist Bekhterevs i år, ein kronisk ryggsjukdom.

Han var 20 år den første gongen han reiste aleine. Då drog han til Kina, og var der i to veker. I år har han reist til Laos og Kambodsja i Asia.

Felix Baldauf på backpacking i Laos og Kambodsja

REISER ALEINE: Her er Felix Baldauf i Kambodsja.

Foto: PRIVAT

– Kor viktig er det for din mentale helse å reise på slike turar?

– Det er sjukt viktig. Det har blitt ein tradisjon. Eg gjer det etter kvart VM, seier Baldauf.

No fortel Baldauf kvifor han held backpacking-tradisjonen ved like, og korleis slike reiser hjelp han med å kome til hektene att.

– Treng ein pause

Baldauf blei introdusert til reisemetoden av syskenbarnet hans, som byrja å reise aleine for mange år sidan. Brytaren hadde lyst å prøve det same, og etter hans første tur til Kina, blei han biten av basillen.

– Eg får ingenting ut av å reise ei veke til varmare strøk for å ligge på stranda. Då får eg ikkje kvilt hovudet på riktig måte, seier han.

Felix Baldauf på backpacking i Laos og Kambodsja

NYE INNTRYKK: Baldauf blir kjent med mange lokale på slike turar. Her skulle han på togtur i Kambodsja.

Foto: PRIVAT

Og det er ein god løysning, skal vi tru brytaren.

– Det har hjelpe meg å kome gjennom det som har skjedd dei siste åra. Hadde eg vore «fanga» i Noreg, og aldri kome meg vekk, så vil eg heile tida oppleve dei same nedturane og smellane på nytt, då eg ofte er på stader eg forbind med dårlege minne. Det trur eg kostar veldig mykje for den mentale helsa, seier han.

– Nokre vil kanskje seie at du rømmer frå problema?

– Eg trur alle treng ein pause frå kvardagen og livet sitt, innimellom. Det er to ting som får meg til å slappe av. Ein slik tur, eller fisking. Det er min løysning på å handtere utfordringane i kvardagen og få nullstilt hovudet, seier Baldauf.

Felix Baldauf på backpacking i Laos og Kambodsja

LADER BATTERIA: Her frå Laos.

Foto: PRIVAT

Trekkjer parallellar

Anne Marte Pensgaard, som er professor i idrettspsykologi på Olympiatoppen og hjå Noregs idrettshøgskule, meiner at Baldaufs måte å handtere kjenslene på, kan samanliknast med ein annan utbreidd metode.

– Eg ser for meg at reiser til andre land, kan ha ein liknande effekt som det å vere ute i naturen. Det er noko vi anbefaler som verkemiddel, for ein brukar sansane på ein annan måte, seier Pensgaard til NRK.

Anne Marte Pensgaard

KONTROLL: Anne Marte Pensgaard har doktorgrad i idrettspsykologi frå NIH, og har jobba tett med mange idrettsutøvarar.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ho fortel at naturen fører til at ein tilarbeider tankar ubevisst.

– Du får ein slags «ut av deg sjølv-kjensle», på den måten at du automatisk rettar fokuset utover. Du må rette merksemda mot å tråkke rett, halde deg på stien, og på eit vis blir det som meditasjon, seier ho.

Professoren understrekar at menneske har ulike måtar å handtere problema sine på, men uavhengig av val av metode, er det viktig å vere fleksibel i tankane sine.

– Ein kan fort bli låst i fokuset sitt, og dette er slike ting som tvingar deg ut av det statiske fokuset. Det kan gjere at du kjem tilbake til kvardagen på ein litt annan måte, seier ho.

Tidlegare har NRK fortalt om ultraløpar Therese Falk, som brukar trening og konkurranse som terapi:

Les også Kjærleikssorg motiverte Falk (46) til å setje ellevill rekord: – Emosjonelt

Therese Falk på 24-timarsløpet på Bislett stadion.

Nytt samarbeid

I tillegg til å reise på backpacking, har Baldauf tatt eit grep til for å bli sterkare mentalt.

For å sikre at han stiller best mogleg rusta til OL i 2024, har han inngått eit samarbeid med mentaltrenar Erik Bertrand Larssen.

Felix Baldauf på backpacking i Laos og Kambodsja

I FJELLA: Baldauf på motorsykkeltur i Laos.

Foto: PRIVAT

– Eg har hatt veldig mange gode samtalar opp gjennom åra, både med tilfeldige og med folk som er venene mine, som har bidrege på sin måte å gi meg tips og innspel til korleis eg skal handtere problema. Eg har aldri følt at eg har trengt psykolog, seier han.

Før hadde han ingen tru på mentaltrening, men den tanken har han snudd om på no.

– Eg har hatt ein ganske trøblete oppvekst, som har gjort at eg ikkje alltid har like mykje kontroll over kjenslene mine. Det går utover prestasjonen, seier han.

Han er ikkje i tvil om at mentaltrening kan avgjere om ein tek medalje, eller om ein hamnar utanfor pallen.

– Viss det får meg til å bli ein halv prosent betre, kan det vere den store skilnaden, seier han.

Les også Her veit ikkje brytaren at alt er i ferd med å rakne

Felix Baldauf

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal