Det seier Jakobsens sjef Patrick Lefevere. Han er sportsdirektør i Deceuninck-Quick Step, og avslører no fleire detaljar rundt Jakobsens grufulle velt.
Like før mål vart Jakobsen presset ut i reklameskilta, og han flaug ut av oppløpet i stor fart. Etter velten var livet hans var i fare, og spurtaren vart halden i kunstig koma i to dagar.
Velten skjedde 5. august, men Jakobsen ligg framleis på sjukehus.
– 130 sting i ansiktet
Denne veka hadde han besøk av sportsdirektør Lefevre. Han vart sjokkert av det han såg.
– Eg er sjokkert over talet på arr. Han hadde 130 sting i ansiktet og har framleis berre éi tann. Såret i ganen er ikkje grodd, seier Lefevre til den belgiske nettstaden Het Laatste Nieuws.
I velten fekk Jakobsen fleire brot i ansiktet, i tillegg til skadar i ganen og pusterøyret. Ifølgje Lefevre er òg eit stemmeband skadd, så Jakobsen klarer ikkje å prate ordentleg. Legane har jobba med å rekonstruere ansiktet til 23-åringen.
– Det var eit forferdeleg syn. Vi håpar alt går bra, men det vil ta fleire månader, seier Lefevre.
Sportssjefen i Deceuninck-Quick Step har hatt triste dagar på jobb etter at sykkelsesongen starta. Like etter velten til Jakobsen vart laget prega av ein ny, fæl skade.
Stortalentet Remco Evenepoel klarte ikkje ein sving i høg fart, og køyrde ut av vegen på ei bru.
Evenepoel skulle truleg starte Tour de France, men det er no uaktuelt. Han har likevel langt lysare tider i møte enn lagkamerat Jakobsen.
– Viss Remco gjer alt riktig, er han klar om seks veker. Vi er skaka, eg kunne ha vore i to gravferder på ti dagar, seier Lefevre.
Fryktar nye veltar i Tour de France
Laurdag startar Tour de France, og etter veltane i forkant har tryggleik vore det store temaet. Ryttarane krev endringar, slik at fleire ikkje lid same skjebne som Evenepoel og Jakobsen.
– Eg kan forstå ryttarane. Det har vore mykje press frå ryttarane om å bli høyrde for å få tryggare målgangar, seier NRK sin sykkelekspert, Sondre Sørtveit.
Han skal kommentere Tour de France på radio, og fryktar at det kan bli «heilt Texas» når ryttarane skal vise seg fram i år. Sesongen er kort, og det gir færre moglegheiter til å vise seg fram.
– Det står mykje på spel. Tour de France er hektisk den første veka i forhold til andre ritt. Spesielt ryttarane på utgåande kontrakt, eg trur mange opplever ein ekstra nervøsitet. Ryttarane blir overmodige, seier Sørtveit.
- Høyr og følg Tour de France her frå kl. 14.00