Hopp til innhold

EM-profilar prega etter overgrepsavsløring: – Sjølvsagt ikkje greitt

Rett før EM kom den nederlandske fotballegenda Vera Pauw med sjokkerande skuldingar mot eige forbund. Det pregar fleire av stjernene til meisterskapen.

Kopier referanse Nederland-stjerne Sherida Spitse og England-trener Sarina Wiegman.

SKAKA: Nederland-stjerne Sherida Spitse og England-trenar Sarina Wiegman er skaka av overgrepsskandalen.

Foto: DAG ROBERT JOHANSEN/BERNADETT SZABO / NRK/REUTERS

– Det var tøft å lese, seier Sherida Spitse til NRK.

Midtbanespelaren er ein sentral del av eit nederlandsk lag på kvartfinalejakt, men det forhindrar henne ikkje å snakke om noko heilt anna enn sportsleg drama.

Ho tek seg også tid til å kommentere Vera Pauws sjokkavsløringar rett før den pågåande meisterskapen.

– Eg las det under førebuingane til EM, forklarer Spitse.

Sherida Spitse

TRIST: Sherida Spitse.

Foto: Dag Robert Johansen / NRK

For snautt to veker sidan opna nemleg fotballegenda Pauw opp om det ho omtalte som «systematisk seksuelt misbruk, maktmisbruk, mobbing og audmjuking» i nederlandsk fotball.

Ho fortalde om valdtekt og seksuelle overgrep utført av tre ulike menn i Det nederlandske fotballforbundet (KNVB), og beskreiv at alt gjekk føre seg då ho var spelar og landslagstrenar i heimlandet.

Les også Landslagstrener anmelder flere overgrep i nederlandsk fotball

Vera Pauw og det irske landslaget før en VM-kvalifiseringskamp mot Sverige i april.

– Synest synd på henne

Spitse hadde Pauw som trenar i starten av landslagskarrieren sin, og ho legg ikkje skjul på at ho er skaka av opplevingane til ekssjefen.

– Det er sjølvsagt ikkje greitt, seier ho alvorstyngt.

– Eg synest synd på henne. Eg håpar ho klarer seg fint no, seier Spitse, som har vore mange år i den norske toppserien.

Irland-manager Vera Pauw under en landskamp mot Slovenia i fjor.

BLIR STØTTA: Vera Pauw.

Foto: LORRAINE O'SULLIVAN / Reuters

Det nederlandske fotballforbundet har teke sjølvkritikk på fleire område etter at Pauw gjekk offentleg med historia si. Spitse seier at ho sjølv ikkje har rokke å snakke med forbundet enno, sidan dette dukka opp midt i EM-oppkøyringa.

– Men dei må sjå på korleis dette skal fungere i framtida, slår ho fast.

– Frykteleg

Også Englands nederlandske suksessmanager Sarina Wiegman, som hadde ein strålande dag på jobb då Noreg vart knust tidlegare i veka, har uttalt seg om Pauw-avsløringane.

Sarina Wiegman med Martin Sjögren i bakgrunnen

ENGLAND-SJEF: Sarina Wiegman (med Noregs landslagstrenar i bakgrunnen).

Foto: ADRIAN DENNIS / AFP

– Først og fremst er det forferdeleg å bli utsett for noko sånt, sa 52-åringen på pressekonferansen før opningskampen til meisterskapen, ifølgje De Telegraaf.

– Eg trur det er frykteleg å hamne i ein slik situasjon, la ho til.

Wiegman sa også at ho var glad for at det var sett i gang politietterforsking av dei påstått overgrepa.

– Det er alltid ein bra ting å gjere, var Wiegmans analyse.

Pauw lét nemleg vere lenge å gå til politiet. Ho informerte heller Nederlands fotballforbund (KNVB), som responderte ved å bestille ei uavhengig gransking frå eit eksternt firma.

– Denne undersøkinga viser at KNVB burde ha gjort ei rekkje ting annleis, opplyste Jaap Paulsen, pressesjefen i forbundet, til NRK tidlegare i juli.

– Vi erkjenner dei feila som vart identifiserte i rapporten, og dette skulle ikkje ha skjedd henne. Det er uakseptabelt at Vera ikkje hadde eit trygt arbeidsmiljø, skreiv pressesjefen vidare.

Den manglande handteringa til forbundet fekk etter kvart Pauw til å gå til politiet, og det var i samband med dette at ho også bestemde seg for å offentleggjere historia si.

Spår metoo-opprulling i fotballen

Offentleggjeringa har heller ikkje passert i stille i den svenske leiren.

Sveriges EM-målvakt engasjerte seg allereie dagen etter.

– Sterkt av Vera Pauw. Eg håpar at dette gir deg oppreisning. Eg står ved kjensla mi om at metoo-rørsla førebels ikkje er over i fotballen. Den har truleg berre starta, lyder hennar ord på Twitter.

«Women in football», eit profesjonelt nettverk som jobbar for likestilling, har også gått ut med støtte til Pauw.

– Veras opplevingar bør vere ein vekkjar til styrande organ i heile verda. Kvinner toler ikkje lenger at overgrep blir møtt med stille og tregleik, heiter det i delar av uttalen.

Uttalelse fra Women in Football
Foto: Woman in Football

Sportsnyheter

Veronica Kristiansen og Ida Alstad

Meiner dette antrekket er kvinnefiendtleg: – Det er flautt og pinleg

Veronica Kristiansen må spele i kvit shorts mot si vilje i klubbhandballen. No krev landslaga i Skandinavia ei regelendring før VM.

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

Siste nytt

  • Kjær rystet argentinsk stjerne i vinter – møtes igjen i storturnering

    Tennistalentet Nicolai Budkov Kjær (19) får et gjensyn med argentineren Tomas Martin Etcheverry (26) i ATP500-turneringen i Wien i Østerrike.

    Kjær møtte Etcheverry i Davis Cup på hjemmebane i februar, og da skilte det 464 plasser mellom dem på verdensrankingen. Kjær var levnet få sjanser, men han grep muligheten og fulgte argentineren helt til døra.

    På stillingen 5-5 i avgjørende sett fikk den da 18 år gamle Kjær krampe, og han måtte gi tapt til slutt etter over tre timers spill.

    Kjær har siden den gang klatret kraftig på verdensrankingen, og nå er det kun 77 spillere mellom dem. Kampen spilles tirsdag, og skulle nordmannen gå hele veien denne gangen, venter en ny stjerne: Lorenzo Musetti eller Stefanos Tsitsipas. (NTB)

    Nicolai Budkov Kjær
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Femte strake seier for Brandsegg-Nygård og Red Wings

    Michael Brandsegg-Nygård og hans Detroit Red Wings har fått en ypperlig start på NHL-sesongen. Søndag ble Edmonton Oilers slått 4-2.

    Red Wings har vunnet fem kamper på rad etter tapet for Montréal Canadiens i sesongåpningen, som også var nordmannens NHL-debut.

    Brandsegg-Nygård spilte 14.11 minutter søndag. Han noterte ett skudd på mål, tre blokkerte skudd og ett skudd utenfor, i tillegg til tre taklinger. Han var ikke på isen ved noen av kampens scoringer.

    Etter en målløs første periode festet Red Wings grepet da Dylan Larkin og Emmit Finnie scoret i midtperioden. Noah Philp reduserte for gjestene, men Larkins satte inn 3-1 før siste pause.

    Leon Draisaitl skapte ny spenning snaut halvveis i 3. periode, og kampen levde helt til Finnie satte punktum i tomt bur 1.22 minutt før slutt. Begge lag hadde store sjanser rett før det målet. (NTB)

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: GREGORY SHAMUS / AFP / NTB
  • Marokko vant U20-VM i fotball

    Marokko vant VM i fotball for U20-lagene etter å ha slått Argentina 2–0 i finalen.

    Yassir Zabiri scoret begge målene da Marokko gikk til topps i U20-VM i fotball natt til mandag norsk tid.

    20-åringen, som til daglig spiller for den portugisiske klubben FC Famalicao, scoret begge målene i første omgang.

    Det norske U20-landslaget skrev norsk fotballhistorie ved å ta seg til kvartfinalen. Der ble det stopp etter 1–2 tap mot Frankrike.

    Det var første gang et norsk landslag for menn var i kvartfinale i en VM-turnering, uansett aldersklasse. (NTB)

    En gruppe menn i sportsuniformer
    Foto: Esteban Felix / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal