Hopp til innhold

Meiner dette antrekket er kvinnefiendtleg: – Det er flautt og pinleg

Veronica Kristiansen må spele i kvit shorts mot si vilje i klubbhandballen. No krev landslaga i Skandinavia ei regelendring før VM.

Veronica Kristiansen og Ida Alstad

SPELTE I KVITT: Her er Veronica Kristiansen og Ida Alstad avbilda med kvite shortsar for Noreg i 2014.

Foto: PETTER ARVIDSON / Bildbyrån

– Eg hatar kvite shortsar. Eg kan forstå at det kan sjå pent ut, men fordi vi er damer og har noko kvar månad, så synest eg ikkje det er gøy å spele i kvit shorts, smell det frå Veronica Kristiansen.

Debatten om kvit shorts for kvinner i idretten har rast i mange år. Mange nasjonar og klubbar i ulike idrettar har lytta til utøvarane sine. Men i handballen er det framleis ein veg å gå.

Kristiansen, som er tilbake for fullt etter at ho blei mamma for andre gong i januar, kjenner det dagleg på kroppen.

Hennar ungarske klubblag Györ, som det siste året har spelt i grøn topp og shorts, har før årets sesong bytta ut den grøne shortsen med kvit i hovuddrakta.

– Vi har sagt ifrå at vi ikkje ønsker å spele i kvit shorts, men det har ikkje kome så mykje lenger enn det, seier ho oppgitt til NRK.

Veronica Kristiansen for Györ

SAGT FRÅ: Ungarske Györ, der Veronica Kristiansen spelar til dagleg, har også eitt sett med heildekkande kvite drakter. Her frå 2023.

Foto: MICHAEL ERICHSEN / Bildbyrån

For protestane har ikkje blitt lytta til.

– For meg personleg synest eg det både flautt og pinleg, og det (menstruasjonssyklusen) er noko ein ikkje kan styre over. Så vekk med kvit shorts, «please».

Ho får støtte av Noregs landslagskaptein Henny Reistad.

– Eg er jo ikkje veldig fan av kvite shorts eg heller, så om det er noko ein ikkje ønsker seg, så bør ein lytte til det, for det kan vere veldig ubehageleg.

NRK har forsøkt å kontakte den ungarske klubben Györ, men har ikkje fått noko svar.

Les også NRK avslører: Brukte halv million på VIP-losje og finalekamper – nå reagerer klubbene

Representanter fra Håndballforbundet i møte med NRK

Kvinnefiendtleg

Handballforbunda i Noreg, Sverige og Danmark har no gått saman og forfatta eit brev til det internasjonale handballforbundet, IHF, der dei krev regelendring før VM i Tyskland og Nederland til vinteren.

Randi Gustad

ENDRING: Randi Gustad er president i Noregs handballforbund.

Foto: Tommy Iversen / NRK

– Ein regel som pålegg å ha med ein lys underdel opplever vi som kvinnefiendtleg, seier Randi Gustad, president i det norske forbundet.

Ho seier vidare at alle ho har spelt handball med hatar det med tanke på at dei menstruerer ein gong i månaden.

– Den mentale utryggleiken om at ein blør gjennom drakta eller ikkje, er eit ubehag for kvinnelege spelarar.

Randi Gustad President i det norske forbundet

Ifølge regelboka til IHF står det nemleg klart og tydeleg at alle lag skal ha med seg eit sett med mørk shorts og eit med lys shorts.

Medan det norske kvinnelaget i ei årrekke har nytta seg av heilblå drakter, kvit overdel og mørk shorts eller raud overdel og blå shorts, så har danskane med sitt raude og kvite flagg hatt større utfordringar.

Så seint som under møtet mot Noreg under OL i fjor måtte dei danske jentene ikle seg den kvite shortsen. Det likte dei danske spelarane dårleg.

– Vi har dokumentert tilfelle som syner denne utfordringa, inkludert noko frå dei nylege olympiske leikar, skriv den danske handballpresidenten Torsten Laen i brevet til toppane i IHF.

Han har mellom anna lagt ved biletbevis i brevet.

Nora Mørk et al. i sportsuniformer

KREV ENDRING: Danske kvinner i kvit shorts mot Noreg og Nora Mørk under OL i Paris.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Han legg til at vanlege tiltak for å beskytte, som indre shortsar og andre løysingar ikkje har vore tilstrekkeleg for å løyse problemet fullstendig.

– Generelt medfører alle lyse alternativ liknande utfordringar med tanke på synlegheit ved eventuell bløding, skriv Laen vidare.

NRK har tidlegare omtalt professor Alex Krumer i Molde si forsking som syner at kvinner i fotballen tek færre poeng om dei spelar i kvite shortsar.

Les også Ny forsking: Kvinnelag tek langt færre poeng når dei speler med kvite shorts

privatlandskampen i fotball for kvinner mellom Sverige og Norge

Ikkje noko menn tenker på

Adrian Costeiu, som arbeider i medieavdelinga til IHF, seier at det vart oppretta ei arbeidsgruppe som diskuterte problematikken i 2023. Sidan det har det vore stille. Heilt til brevet frå dei skandinaviske forbunda dukka opp, seks veker før meisterskapet.

– Det er naturlegvis ikkje mogeleg å endre det offisielle reglementet for meisterskapet med så kort tid igjen før turneringsstart.

En gruppe kvinner som spiller fotball

NOREG I KVITT: Nora Mørk debuterte på landslaget i 2010. Den gong hadde også dei norske landslagsspelarane kvite drakter.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Han seier dei likevel vil legge til rette for at dei landa som ikkje vil spele med kvite shortsar slepp det i dette meisterskapet.

– Danmark har for eksempel sendt inn kvite, raude og svarte shortsar til dette meisterskapet. Vi vil gjere det vi kan for å sikre at Danmark, og alle andre lag i same situasjon, får spele i raude eller svarte, eller andre mørke shortsar, dersom kampoppsett og forholda tillèt det.

Dei norske landslagsspelarane er likevel krystallklare på at eit forbod er einaste vegen å gå.

– Det kunne eg fint stilt meg bak. Det gir jo god meining på fleire område, sjølvsagt. Og eg er så gamal at eg har vore med å spele i kvit shorts for Noreg og det var ikkje noko vinnar det, seier Nora Mørk til NRK.

Katrine Lunde Haraldsen med briller

KRITISK: Målvakt Katrine Lunde støttar sine lagvenninner ute på banen som må spele i kvit shorts.

Foto: Trond Teigen / NTB

Verdas beste handballmålvakt, Katrine Lunde, er ikkje overraska over at det framleis er slik i 2025.

– Om det er mannfolk som sit og bestemmer det, så forstår eg at det kanskje ikkje er det dei tenker mest på, men for jenter kan det vere utfordrande.

Kristiansen håpar debatten som no blir reist vil føre fram.

– Det hadde vore veldig deilig og absolutt i positiv retning. For min del, og eg veit veldig mange andre handballspelarar, som ville synst det same.

Gustad meiner et forbod også vil ha stor signaleffekt for breidda i handball.

– Vi veit at barn og unge i mange klubber rundt omkring spelar i lyse shortsar, og viss det er ein grunn til at man ikkje ønsker å gå på trening eller spele kamp, så må man gjere noko med det. Her heng man litt etter synst eg, så her må det skje noko.

En gruppe kvinner i sportsuniformer

BLÅ: Dei norske handballjentene kan feire EM-gull i Wien i fjor ikledd blått frå topp til tå.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sportsnyheter

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

Siste nytt

  • Fire «debutanter» til sesongåpning

    Norges Skiforbund har offentliggjort uttaket for kommende helgs åpningsrenn i alpint i Sölden.

    Kvinnene sesongåpner verdenscupen med storslalåm lørdag, mens herrenes renn går søndag.

    Kvinner:

    Thea Stjernesund, Hakadal IL
    Mina Fürst Holtmann, Bærums Skiklub
    Kajsa Vickhoff Lie, Bærums Skiklub
    Madeleine Sylvester-Davik, Tertnes Alpin

    Menn:

    Henrik Kristoffersen, Rælingen Skiklubb
    Atle Lie McGrath, Bærums Skiklub
    Timon Haugan, Oppdal Alpin
    Eirik Hystad Solberg, Skiforeningen Stavanger
    Oscar Andreas Sandvik, Ready Alpin
    Rasmus Bakkevig, IL Heming
    Fredrik Møller, Oppdal Alpin

    Eirik Hystad Solberg, Oscar Andreas Sandvik, Rasmus Bakkevig og Madeleiene Sylvester-Davik får alle oppleve åpningsrennet for første gang.

    Eirik Hystad Solberg etter verdenscupdebuten i Kitzbühel
    Foto: Reuters
  • Vant i fjor – trekker seg fra sesongåpningen

    Alexander Steen Olsen trekker seg fra alpinistenes sesongåpning i Sölden kommende helg.

    Det bekrefter Norges Skiforbund. TV 2 omtalte saken først.

    Årsaken er at det unge stjerneskuddet fortsatt sliter med «Jumpers knee». Steen Olsen testet kneet i Sölden i helga, men reiser hjem til Oslo i dag.

    – Kneet fungerer ikke, og jeg reiser hjem for videre sjekk og behandling i samråd med det medisinske helseteamet til forbundet, sier Steen Olsen i en pressemelding fra Norges Skiforbund.

    Alpinisten sto også over flere renn sist vinter med kneproblemer. Til TV 2 forteller han at han nesten ikke har stått på ski i sesongoppkjøringen.

    Sist sesong vant han åpningsrennet, og ble til slutt nummer fire i storslalåm-cupen sammenlagt.

    Han vet foreløpig ikke når det kan bli aktuelt å konkurrere igjen.

    Alexander Steen Olsen
    Foto: Giovanni Auletta / AP / NTB
  • Gladnyhet for Ski-Norge – sender renn fra Østerrike

    TV 2 og Viaplay skal kommende sesong dele rettighetene til verdenscupen i alpint, hopp og kombinert fra Østerrike.

    Det opplyser medieaktørene i en felles pressemelding mandag.

    Avtalen som er inngått, omfatter 26 konkurransedager og sikrer norske TV-seere tilgang klassikere som verdenscuprennene i alpint fra Kitzbühel og Schladming – samt de avgjørende hoppukerennene fra Innsbruck og Bischofshofen.

    – TV 2 bygger en stadig sterkere vinterpakke. Østerrike passer perfekt inn sammen med våre satsinger på langrenn og skiskyting og gir oss en komplett vintersportsflate gjennom hele sesongen, sier sportsredaktør Vegard Jansen Hagen i TV 2. (NTB)

    En skibakke med rødt rekkverk
    Foto: Gian Ehrenzeller / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal