Hopp til innhold

Eliteseriespelar i fortvilt situasjon: – Kjenner meg makteslaus

Rasmus Eggen Vinge (23) risikerer å miste tre år med utdanning etter at han vart eliteseriespelar på heiltid. – Uforsvarleg, meiner Niso.

Rasmus Eggen Vinge

– TØFT: Rasmus Eggen Vinge fekk endeleg oppfylt draumen om å spele i Eliteserien då han kom til Stabæk i august.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

– Eg kjenner det blir dobbeltmoralsk. Eg har sett mykje og høyrt mange som står og tilrår idrettsutøvarar å ta ei utdanning på sida. Men dei som prøver møter veldig, veldig mykje motstand, seier Rasmus Eggen Vinge til NRK.

For motstand har 23-åringen fått kjenne på etter han vart Stabæk-spelar i august.

Overgangen frå 2.-divisjonsklubben Kjelsås til Eliteserien var eigentleg ein gutedraum som gjekk i oppfylling.

Men slik det ser ut no kan den nye heiltidsjobben føre til at han mistar utdanninga han har starta på.

Rasmus Eggen Vinge

TIL STABÆK: Rasmus Eggen Vinge kom til Stabæk 1. august i år.

Foto: NRK

Før overgangen fullførte han nemleg ein bachelor i fysioterapi, men det står att eitt år med praksis for å bli autorisert fysioterapeut.

Sidan livssituasjonen no har endra seg, har han bede om fritak eller tilpassing frå denne praksisperioden.

Men Statsforvaltaren i Oslo og Viken, som styrer turnustenesta til fysioterapistudentane, har gitt avslag på søknad om utsetjing.

– Vedtaket blir grunngitt med at ønsket ditt om å utøve eit anna yrke ikkje er ein særleg grunn etter turnusforskrifta, skriv Statsforvaltaren som grunngiving på utsetjinga.

Ein særleg grunn kan vere sjukdom, graviditet eller fødselspermisjon.

Som det kjem fram av vedtaket, er det basert på gjeldande regelverk. Vi har også opplyst at søkjaren har klagerett. Helsedirektoratet er klageinstans.

Det skriv Thea Marie Lindquist Belseth, assisterande avdelingsdirektør i helseavdelinga hos Statsforvaltaren, i ein e-post til NRK.

Les også Spanias fotballpresident kysset spiller på munnen etter VM-gullet: – Jeg likte det ikke

Rubiales

Uviss framtid

Eg kjenner meg litt makteslaus. Eg veit ikkje heilt kven eg skal kontakte. Eg veit ikkje kven som har makta til å endre på situasjonen min. Hadde det berre vore eit system som gjorde at eg visste kven eg skulle kontakte. Eg kjenner meg litt blind, seier Eggen Vinge.

cEtJlLlxZ2k

STORSPELTE FOR KJELSÅS: Rasmus Eggen Vinge etter å ha skåra for Kjelsås under kvartfinalen mot Raufoss i fotball-NM.

Foto: NTB

Håpet var at Statsforvaltaren skulle gi konkrete innspel på korleis situasjonen kan løysast.

– Det svaret eg har fått er at anten så må du fullføre ein turnus, som alle andre gjer, eller så får du ikkje lov til å ta det. Då ryk moglegheita di seinare òg, fortel Eggen Vinge.

Så du blir eigentleg litt forbanna over heile situasjon. Det er klart at du tek det med deg i andre ting du gjer òg. Det er det ingen tvil om.

Stabæk-spelaren fortel at han er villig til å strekkje seg langt for å få til eventuelle løysingar.

No har han klaga på vedtaket.

Rasar

Vi i Niso meiner jo at det er heilt uforsvarleg, seier Thomas Kristensen i Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon (Niso).

Thomas Kristensen, NISO

HÅPAR PÅ VENDING: Thomas Kristensen i Niso håpar Statsforvaltaren snur og viser skjønn.

Foto: Ragna Kristine Sandholt / NRK

No lovar dei å følgje opp saka med Statsforvaltaren.

Vi meiner at her er det mogleg å vise skjønn. Toppidrettsutøvarar er i ein heilt spesiell situasjon. Vi ønskjer toppidrettsutøvarar. Noreg treng toppidrettsutøvarar. Då må ein også leggje til rette for det.

For her er det er ikkje snakk om å gi idrettsutøvarar nokon særfordelar, understrekar dei.

Men likevel dei er i er særposisjon i den grad at dei er pensjonistar når dei er 30–35 år. Noko av det vi jobbar mest med er overgangen til ny karriere, at han skal vere så smidig som mogleg. Eg trur det berre er ballettdansarar som er i same situasjon, så eg meiner at her er det mogleg å finne løysingar.

Slik det er i dag er det for tilfeldig om ein får avslag eller utsetjing på studium, på grunn av toppidrettssatsing, meiner Kristensen.

Les også Avslører kvifor Hoseth fekk Klaksvík-jobben

Magne Hoseth

Stort problem

Kristensen stadfestar at dei har hatt liknande situasjonar som tilfellet med Eggen Vinge. Og Stabæk-spelaren sjølv har vore vitne til fleire «fotballkollegaer» som har vore nøydd til å anten gi opp idretten eller studiet.

Spesielt i kvinnefotballen, som eg har litt kjennskap til. Der er ikkje lønningane store nok til å leve av heller. Då blir det liksom eit val til slutt. Skal ein prioritere utdanning eller skal ein prioritere fotball? Og det er på ein måte eit val ein ikkje kjem utanom, seier han.

Rasmus Eggen Vinge

UVISS FRAMTID: Det kan ta lang tid før Rasmus Eggen Vinge får svar på om han får ta turnus eller ikkje.

Foto: NRK

Min situasjon er ille, men mange andre har det verre, som rett og slett må gjere eit val då.

Om 10–15 år er truleg karrieren til Eggen Vinge over. Då er det også mogleg at han står heilt på berr bakke.

Det å vite at viss du blir skadd, viss det skjer noko som gjer at du må gi deg med fotballen, så har du noko å falle tilbake på. Det er det eg verkeleg har jobba hardt for å få til. Å ha den tryggleiken i botn. Men no har eg jo ikkje det, så når eg er ferdig med fotballen blir eg kasta litt ut i arbeidslivet utan å ha nokon tryggleik.

Siste nytt

  • Håndballstjernen Silje Solberg-Østhassel har blitt tobarnsmor

    Håndballprofilen Silje Solberg-Østhassel har blitt mamma for andre gang.

    Det bekrefter hun på Instagram.

    – Vårt lille mirakel, heter det i meldingen.

    Keeperstjernen er gift med Lars Østhassel. Barnet som nå har kommet i verden skal hete Tuva.

    Solberg-Østhassel har vært med å ta fem EM-gull, to VM-gull og ett OL-gull med Norge.

    Målvakten har per nå ingen klubb. Hun var en del av Vipers-laget, da kristiansandsklubben gikk konkurs.

    (NTB)

    Silje Solberg smiler foran en folkemengde
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Svenske stjerner kritiske til Tour de Ski-format: – Ikke rettferdig

    Det er flere endringer i verdenscupen i langrenn denne sesongen. Et helt nytt format i Tour de Ski får svenskene til å rynke på nesa.

    – Det høres veldig rart ut. Det høres ikke rettferdig ut, sier Oskar Svensson om en av nyhetene.

    I stedet for et vanlig løp kommer den tredje etappen av vinterens Tour de Ski til å bli en slags delt fellesstart. For både kvinner og menn skal etappen bestå av fire heat med 20-25 løpere som kjemper i en fellesstart over fem kilometer. Den raskeste tiden sett over alle heat vinner.

    At ikke engang FIS vet nøyaktig hvordan det skal bli, er en av grunnene til at de svenske landslagsløperne føler seg forvirret.

    – Rart

    – Man skal ikke kritisere noe før man har sett det, men …, sier Svensson.

    – Dette femkilometerkonseptet høres veldig rart ut. Det høres jo ikke rettferdig ut. Det er sikkert kjempespennende å se på, for det kan gå alle veier, om de beste går i et langsomt heat eller omvendt. Men det blir mer flaks enn prestasjon. Så det tror jeg er en dårlig idé, sier han.

    Ebba Andersson sier diplomatisk at hun er «veldig nysgjerrig» på opplegget.

    – Det føles som at de prøver å finne opp et nytt hjul hver sesong. Altså, ting er kanskje tradisjonelle av en grunn. Så hvorfor ikke bare holde fast ved det som en gang har vært kjernen i langrennsidrett, sier Andersson.

    (NTB)

    Svensson
    Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix
  • Juventus-spiller Harviken involvert i dramatisk avslutning

    Bayern München vant 2–1 over Juventus etter scoring på overtid i Mesterligaen torsdag kveld.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken forsøkte å avverge skuddet fra Lea Schuller på strek, men det ble dømt scoring.

    Bayern München-spiss Pernille Harder sendte hjemmelaget opp i ledelsen etter elleve minutter.

    Knappe seks minutter senere utlignet Eva Schatzer for gjestene fra Italia.

    Emma Stølen Godø ble byttet inn for Juventus etter timen spilt, mens Harviken kom inn 13 minutter før slutt.

    To minutter på overtid kom Bayern München til en kjempemulighet.

    Tuva Hansen så hele kampen fra benken for Bayern München.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
    Video: Disney

Sendeplan

Kl. Program Kanal