Hopp til innhold

Eksperten om United-statistikken: – Det er skremmande!

Manchester United rota bort sigeren mot Tottenham søndag kveld. Poengdelinga føyer seg inn i rekka av ein «skremmande» statistikk.

2-2 united - tottenham 14. januar. rashford, ten hag, højlund

UAVGJORT: Marcus Rashford og Rasmus Højlund skåra for United, men ein gang vart det berre nesten for United. Ekspertane er ueinige om ten Hags framtid i klubben.

Manchester United slit med å finna forma under den nederlandske manageren Erik ten Hag.

Søndag tok United imot Tottenham på Old Trafford – ein kamp det var viktig å vinna for å framleis vera med å kjempa om topp fire plassering.

Men sjølv om Rasmus Højlund sikra ein draumestart for dei raudkledde, og måltørka til Marcus Rashford tok slutt, enda kampen med poengdeling og stillinga 2–2 mot eit sterkt Tottenham.

Når 21 rundar er spelte i Premier League, og sesongen er meir enn halvspelt, er det heile åtte poeng opp til den gjæve topp fire-plassen i serien, som vil gi kvalifisering til Mesterligaen.

Opp til rivalen Liverpool på førsteplass er det heile 13 poeng.

– Om eg hadde fått ein 1 million i odds på at United vinn Premier League, hadde eg likevel nekta å satsa på dei, seier NRKs ekspert Kristoffer Løkberg.

rnvIAmwGTNg

2-2: Marcus Rashford skåra sitt første mål på Old Trafford sidan mai i fjor, men det heldt ikkje til siger over Tottenham.

Foto: Reuters

På lånt tid

Dei siste seks Premier League-kampane har gitt skuffande tre tap og berre éin siger.

Og etter 21 Premier League-rundar har dei berre skåra 24 mål.

Eliteserien i fotball 2022: Viking - Lillestrøm (0-3)

EKSPERT: Kristoffer Løkberg er NRKs fotballekspert i tillegg til å vera eliteseriespelar for Viking.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Det er skremmande! Det er ikkje i nærleiken av det ein forventar, sukkar Løkberg.

United ligg på ein førebels åttandeplass på tabellen og det blir no spekulert i manager ten Hags framtid i klubben etter ein skuffande sesong.

– Han er borte i løpet av dei neste månadene, slo tidlegare United-kaptein Roy Keane fast på ITV førre helg.

erik ten hag. boble sprekker

BOBLA SOM SPRAKK: Manchester United var lenge Premier Leagues beste klubb, men dei har slite sidan sir Alex Ferguson takka for seg i 2013. Erik ten Hag hadde ein god sesong i fjor, men så har det berre gått nedover.

Foto: Reuters

Norske fotballekspertar er derimot ikkje heilt samde med iren.

– Ten Hag vil nok overleva i jobben, om ikkje veke til veke, så månad til månad. Rolla hans vil nok diskuterast gjennomgåande i engelske aviser gjennom resten av sesongen. Eit av ankepunkta mot ten Hag har vore at utviklinga ikkje vore det ein kunne forventa over tid, seier Løkberg,

Og stiller eit retorisk spørsmål:

– Kven har vorte betre i United og utvikla seg til å bli den neste ordentleg gode spelaren?

NRK-eksperten trekkjer fram akademi-produktet og stjerneskotet Kobbie Mainoo som eit unntak denne sesongen.

Kobbie Mainoo til høyre

UNNTAKET: Kobbie Mainoo (til høgre) har klatra frå United-akademiet til elitelaget.

Foto: AP

– Det er urovekkjande at ingen har vorte veldig mykje betre på lang, lang tid. United har bomma kraftig dei siste åra, konstaterer Løkberg.

Han trur ten Hag får behalda jobben til sesongslutt, men:

– Eg trur han held ut sesongen, så blir det fort trenarbyte etter det. Med mindre det skjer noko stort i vår.

TV 2s fotballkommentator Øyvind Alsaker er òg overtydd om at ten Hag får halda på litt til:

– Eg trur han får bli. Mest fordi United har bomma så mange gonger no.

Kva trur du? Stem under:

Får ten Hag sparken før sesongslutt?

Minkande støtte frå supporterane

Etter at sir Alex Ferguson takka for seg i 2013 har klubben hatt sju ulike managerar med varierande hell.

Ole Gunnar Solskjær var United-sjef i nesten tre år og er den som har sete lengst ved roret sidan Ferguson.

Ten Hag og United hadde ein god sesong i fjor, men denne sesongen har klubben mildt sagt vakla prestasjonsmessig.

– Gjennomgåande gjennom sesongen har det vore eitt steg fram og to tilbake. Det har verken vore lange periodar med ei stødig resultatrekkje, eller mest urovekkjande, at prestasjonane varierer veldig, seier Løkberg og utdjupar:

–Til samanlikning har fleire andre trenarar i Premier League fått til viktig utvikling i laga dei trenar. Ange Postecoglou har sett eit veldig preg på Tottenham-laget. Han har komme inn og forvandla Tottenham og fått kollektivet til å blomstra. Det saknar eg i ten Hag sitt United, der det ikkje er ein like raud tråd i måten laget speler på.

Ange Postecoglou, tottenham

SUKSESS: Ange Postecoglouhar imponert i rolla som Tottenham-manager.

Foto: AFP

Madelene Stolpe, som er styreleiar i Manchester Uniteds skandinaviske supportergruppe, seier til NRK at manageren framleis har brei støtte blant supporterane, men at skepsisen aukar i takt med dårlege resultat.

– Me har nokre uoffisielle pollar innimellom for å kjenna litt på stemninga og det var meir unison støtte for ten Hag for nokre månader sidan enn no. Då var det rundt 90 prosent som ville behalda han som trenar, medan i siste poll var det cirka 70 prosent.

XKgEvS_FHzg

ELEV OG LÆREMEISTER: Ole Gunnar Solskjær og sir Alex Ferguson i 2019, då nordmannen trena United.

Foto: AFP

Utdatert struktur

Men skal ten Hag ha all skuld for at det har gått dårleg med laget?

– Heile infrastrukturen har vore altfor dårleg. Dei har mangla ei sportsleg leiing med kompetanse, påpeikar Alsaker.

Både han og Stolpe meiner det blir spegla i spelarstallen.

– Spelargruppa ber preg av at ho har vorte kjøpt opp av fleire ulike trenarar, seier Stolpe.

– Det er ein lapskaus i den garderoben, med signeringar frå Mourinho, Solskjær, van Gaal og ten Hag. Problemet med det er at mange av dei spelarane er for dårlege til å spela der no. Det problemet har dei hatt sidan Ferguson, meiner TV 2-kommentatoren.

Øyvind Alsaker

KOMMENTATOR: Øyvind Alsaker.

Foto: TV 2

Han trur det kan løysast med ei betre sportsleg leiing.

– Me har sett gong på gong med ulike trenarar at det ser ut til å gå bra, så imploderer det. Det er eit mønster her – som eg trur handlar om garderobekultur. Manageren blir ståande litt åleine, og må «deale» med alt.

Det er Stolpe samd i. Ho meiner United har eit utdatert system.

– Før i tida var det meir vanleg at manageren hadde meir ansvar, det heng litt igjen i historia etter sir Alex. Det er ein del av forklaringa i det store biletet.

«To trofé å spela om»

United mista leinga to gonger i kampen mot Tottenham.

Den mykje omtalte United-sjefen har på si side framleis tru på seriegull.

– Me har to trofé å spela om. Me skal spela for Premier League og for FA-cupen, sa ten Hag førre veke.

– Det er i overkant optimistisk. Om me skal ha noko håp om trofé i år, må me satsa på å vera like heldige med trekkinga i FA-cupen som me var i helga, seier Stolpe til NRK.

Førre helg vann nemleg United 2–0 over Wigan, som speler på tredje øvste nivå i England.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Haavi og Sønstevold vant serien i Italia

    Roma er mester i kvinnenes Serie A for annet år på rad ettersom Juventus tapte hjemme mot Inter fredag kveld.

    Det betyr Emilie Haavi har to strake seriegull med Roma, mens også Anja Sønstevold, som signerte for hovedstadsklubben i januar, kan juble over ligatittelen.

    På Instagram har Haavi delt et bilde i anledning den ferske tittelen. Roma spiller ikke denne helgen, men kan likevel feire seriegull.

    – Italienske mestere! skriver den norske landslagsspilleren.

    Roma ledet Serie A med elleve poeng før helgens runde, og Juventus trengte seier over Inter for å ha teoretisk sjanse til å ta igjen Haavi og Sønstevolds lag.

    Med 0-2-nederlag er avstanden for stor til at Juventus kan tette luken på sine tre gjenstående kamper.

    (©NTB)

    vHO2bp7V33w
    Foto: NTB
  • OL-kravet glapp for Grøvdal i Tyskland

    Karoline Bjerkeli Grøvdal deltok lørdag under «Adizero: Road To Records» - et friidrettsstevne i regi av hennes sponsor Adidas.

    Det norske OL-håpet stilte til start på 10 kilometer gateløp, med håp om å kvalifisere seg til sommerens leker i Paris.

    Kravet for å kvalifisere seg direkte til Paris er 30 minutter og 40 sekunder. Grøvdal kom i mål på 30.52 i Tyskland.

    33-åringen kan kvalifisere seg på ranking, men kan ikke føle seg trygg på det slik situasjonen er nå.

    Agnes Jebet Ngetich vant løpet, bare to sekunder bak verdensrekorden på 10 kilometer. Hun kom i mål på 30,03.

    Friidretts-VM 2023: 5000 meter forsøk
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Breigan nær norgesrekord

    Ida Breigan har vært i fyr og flamme så langt denne sesongen. Innendørs satte hun norgesrekord i lengde i februar, og hun flyr langt utendørs også.

    Under Texas Invitational fredag hoppet hun 6,65 meter. Det er bare tre centimeter bak norgesrekorden utendørs, som tilhører Margrete Renstrøm.

    Vindresultatene fra konkurransen er ennå ikke kjent. Breigan har tidligere hoppet 6,74 meter, langt forbi norgesrekorden, med da med for mye medvind.

    Breigans personlige rekord utendørs fra tidligere er 6,58 meter. Om vindforholdene i Texas blir godkjent, er den nå altså forbedret.

    Ida Andrea Breigan
    Foto: PRIVAT

Sendeplan

Kl. Program Kanal