Hopp til innhold

Ein lapp vart starten på draumelivet til Liverpool-stjerna: – Eg hadde flaks

Trent Alexander-Arnold (24) er ein av Premier Leagues mest omdiskuterte spelarar. Men karrieren hans så langt har vore akkurat det han drøymde om.

D5CHOU4ALJ4

PROFIL: Trent Alexander-Arnold har ein nase for målgivande.pasningar.

Foto: CARL RECINE / Reuters

Det er år 2004. Sommaren nærmar seg med stormskritt.

I eit klasserom på ein skule i Liverpool sit ein gjeng spente elevar og følgjer med.

Læraren har skrive ned ei rekkje namn på lappar og lagt dei i ein hatt.

Det er tid for trekning.

Lite veit dei at denne augneblinken skal bli starten på ei heilt spesiell historie.

Livet er nemleg fullt av slump, og for seks år gamle Trent Alexander-Arnold blir denne dagen i klasserommet ein livsdefinerande augneblink.

No skal det nemleg avgjerast kven av elevane på den katolske skulen St. Matthews som får ein invitasjon til å besøkje Liverpools fotballakademi den sommaren.

Klubben har ikkje plass til alle, så læraren må trekkje kven av barna som får lov.

– Eg hadde flaks som vart trekt ut, seier Trent Alexander-Arnold i dag.

Den dagen i 2004 blir startskotet på ein Liverpool-karriere få kan matche. I dag er han ein av dei største supporterfavorittane til klubben og blir sett på som ein mogleg framtidig kaptein.

Vegen dit har vore som teke ut av ein gutedraum.

Seks år gammal, ikkje lenge etter den nemnde trekkinga i klasserommet, deltek han på sine første treningar med Liverpool-akademiet.

– Naboane hata meg

Det tek ikkje mange øktene før akademi-speidar Ian Barrigan blir så imponert at han kontaktar mora og spør om ho kan ta med seg sonen dit på meir jamleg basis for å trene og spele kampar for barnelaget til klubben.

Sidan den gong har han vore Liverpool-spelar.

NfiPr_OTwjs

FØREBILETE: Trent Alexander-Arnold har vorte ein ekte Liverpool-helt.

Foto: PAUL ELLIS / AFP

Ein som tidleg hadde stor tru på at det kunne gå heile vegen til Liverpools A-lag, er ungdomstrenar Michael Beale.

«Wow, kva kan dette bli?»

Han vart tilsett i Liverpools akademi i 2012 etter å ha vore mange år i Chelsea, og Beale gløymer ikkje det som skjedde første arbeidsdag.

Den vart brukt til å vere til stades ved Liverpools U14-lag som spela mot Manchester United U14, og i 4-1-sigeren var det ein ung gut på høgreback som kapra Beales merksemd.

– Det var Trent, sjølv om han var litt uberekneleg. I det eine augneblink klarte han ikkje ta imot ballen, medan i det neste kunne han vende bort to spelarar og slå eit fantastisk innlegg. Han var full av energi, eg likte han, fortel Beale.

I løpet av sin første periode i Liverpool fekk han kikka nærare på alle aldersgruppene i akademiet frå U10 til U16.

– Men Trent utmerkte seg mest, han hadde noko spesielt ved seg. Når du ser på akademilag i dag, så kan du sjå ein del klonar, men han var verkeleg ikkje slik. Han hadde eit blikk for spelet som var annleis enn gutane han spelte med, meiner Beale.

Akademitrenaren såg nyleg gjennom nokre gamle videoar av kampar frå ungdomslaget til klubben. Då var det lett å sjå at Alexander-Arnold hadde mykje å jobbe med, men X-faktoren var at han var lærevillig.

– Det var ikkje som at du sa: «wow, for eit talent han er no». Det var: «wow, kva kan dette bli?», illustrerer Beale.

Det er ikkje utan grunn at Trent Alexander-Arnold av mange blir sett på som ein framtidig Liverpool-kaptein.

Han voks opp ein ti minutts gåtur frå treningsanlegget til klubben, og det skjedde stadig at han tok turen bort til Melwood for å få eit glimt av dei store førebileta sine.

WYOjtfCNFTI

TALENT: Trent Alexander-Arnold utmerkte seg raskt som ungdomsspelar i Liverpool.

Foto: OLI SCARFF / AFP

Kikka gjennom ein sprekk

Sjølv om han spelte for klubben sjølv, så var stjernene på A-laget ein del av ei heilt anna verd.

– Eg pleidde alltid å finne ein sprekk i veggen så eg kunne kikke gjennom. Melwood var omringa med mystikk, for ein kunne eigentleg ikkje sjå inn der. Eg lurte alltid på korleis det var der inne, og kor utruleg alt måtte vere, seier han i eit intervju med Liverpool Echo.

Nokre gonger pleidde han og mora å køyre forbi inngangspartiet til Melwood, der det ofte stod store mengder med fans og venta på A-lagsspelarar.

Mora pleidde ofte å stanse bilen for å sjå om dei kunne oppdage nokre av stjernene.

Som ung Liverpool-supporter var Steven Gerrard, Jamie Carragher, Xabi Alonso og Fernando Torres dei store førebileta hans.

Vart nemnt i Gerrards bok

Og det tok ikkje mange åra før Gerrard sjølv vart fascinert tilbake.

I sjølvbiografien sin, som vart gitt ut i 2015, skreiv Gerrard dette om ein ung fyr på akademiet han meinte hadde kvalitetane til å slå gjennom i klubben:

«Trent Arnold har ein stor sjanse til bli ein profesjonell fotballspelar på øvste nivå. Han er ganske hengslete, men har ei herleg totalpakke og alle eigenskapane ein treng. Han har berre fylt 16 år, og er derfor ikkje sterk nok akkurat no, men det kjem», skreiv Gerrard.

Snakk om å treffe blink. Eit snautt halvtanna år etter bokutgjevinga fekk Alexander-Arnold Premier League-debuten for Liverpool.

wEyz-Fj9HOc

FOREVIGA: Dette veggmåleriet viser litt av populariteten til Trent Alexander-Arnold i heimbyen.

Foto: OLI SCARFF / AFP

I eit intervju med The Guardian fortel Trent om korleis han lenge var ung og umoden medan han framleis var akademispelar for Liverpool.

Då klubben starta jobben med å omskulere han frå midtbanespelar til høgreback, og han gjorde ein eller annan feil i den nye rolla si, kunne det ofte hende at han vart så forbanna at han tok ballen med hendene og sparka han «til helsike» bortover treningsfeltet i rein frustrasjon.

– Har aldri kjent meg god nok

I dag har han lært seg å kanalisere kjenslene sine, til trass for at han meiner det blir feil å skildre det som at han «mista det» då det skjedde. Det heile stamma frå ein lidenskap og desperasjon om å bli betre.

– Eg har aldri kjent meg god nok. Ikkje i den forstand at eg ikkje kjenner meg talentfull, men eg har aldri følt at «dette er bra nok», og det vil eg heller aldri kjenne, er han sikker på.

Waj0MLnU6Mw

LITE SPELETID: Trent Alexander-Arnold fekk 33 minutter i VM.

Foto: Ian Walton / AP

Som høgreback har han på mange måtar utvikla rolla si i ei retning som ein ikkje har sett tidlegare.

For Liverpool har 24-åringen vorte like viktig offensivt som defensivt.

I Premier League har han allereie rokke å spele 175 kampar. På desse kampane har han notert seg 11 mål og heile 45 målgivande pasningar.

– Kan sjå ting andre ikkje kan sjå

Førre sesong skapte han flest sjansar av absolutt alle i Premier League, viser offisiell statistikk. Berre Bruno Fernandes (89 sjansar) og Kevin De Bruyne var i nærleiken av dei 90 skapte målsjansane til Liverpool-backen, noko som seier sitt om det elleville offensive nivået han har.

Og det som høgreback.

Sjølv trur han den imponerande statistikken dreier seg om ein medfødd x-faktor.

– Eg kjenner eg kan sjå ting andre ikkje kan sjå. Og jo meir eg kan sjå, jo fleire alternativ har eg. Det å kunne bedømme alternativa og velje det som skader motstandaren mest, er noko eg har som andre spelarar ikkje har, seier han sjølv.

Men denne sesongen har det byrja å lugge litt. Etter 12 kampar i ligaen har han enno ikkje notert seg for éin målgivande pasning, og Gareth Southgate hadde nok håpa på ein VM-back i betre form. I VM blei han avspist med 33 minutter speletid.

– Det er mykje fordommar

I eit intervju med Talksport i VM gjekk Liverpool-backen ut mot det han meiner er fordomsfull kritikk mot forsvarsspelet hans.

– Det har komme til eit punkt der det har vorte den late og enkle haldninga å ha. Folk ser kampane og ser det dei vil sjå. Det er mykje fordommar no. Viss du har ei haldning om at ein spelar er lat, og ser éin gong at han ikkje tek eit løp, då blir det forsterka i hovudet ditt at han er lat. Då ser du ikkje det som skjer resten av kampen der han tek stadige løp og sprintar, seier han.

p5ZRmxrHapg

SJEFEN: Gareth Southgate har teke grep for å få fram det beste i Trent Alexander-Arnold.

Foto: Petr David Josek / AP

Gary Neville bønnfell Gareth Southgate om å ikkje miste trua på sin tidvis utskjelte høgreback.

– Viss han kan jobbe litt med dei grunnleggjande tinga, vil vi truleg ha ein av dei beste høgrebackane verda nokosinne har produsert, meiner Neville.

Liverpool-profilen blir beskriven som spesiell bana, men det same kan seiast om det som skjer utanfor.

24-åringen er nemleg ikkje som alle andre fotballstjerner.

«The Melwood Grandmaster».

Han er også veldig oppteken av sjakk, og i engelske medium blir han omtalt som «The Melwood Grandmaster».

Faktisk gjekk interessa så langt at han i 2018 kontakta Team Magnus Carlsen for å få høve til å spele mot den beste sjakkspelaren i verda.

– Fotball har alltid vore lidenskapen min, men samtidig har eg alltid spelt sjakk. Det er eit utløp for meg, og eg har spelt sidan eg var veldig ung, seier Alexander-Arnold om interessa.

Han håpa å overraske sjakkverdsmeisteren, men Carlsen trong berre 17 trekk på å vinne.

Han heldt likevel lenger enn Microsoft-gründer Bill Gates, som vart slått på ni.

Han lever tilsynelatande eit liv utan glamour, glitter og skandaleoppslag i dei engelske tabloidane.

Alexander-Arnold bruker i staden mykje av tida si som ambassadør for den Liverpool-baserte og velgjerande organisasjonen «An Hour for Others», som hjelper dei vanskelegstilte i samfunnet med alt frå matkupongar til kurs og utdanning.

I tillegg har han starta «The Trent Alexander-Arnold League», som sørgjer for at barn frå fattige delar av Liverpool kan spele fotball utan å bekymre seg for kostnadene. Han betaler.

vvA5Yxw2tb8

LUKTAR ASSISTS: Sjølv seier han at det fell han naturleg å sjå løysingar ingen andre gjer.

Foto: PAUL ELLIS / AFP

Trent Alexander-Arnold har komme langt sidan namnet hans vart trekt ut i 2004.

Som Liverpool-spelar har han vunne alle dei store troféane.

I mai i år vart han tidenes yngste som har starta i tre meisterligafinalar. Han vart meister med Liverpool mot Tottenham i 2018/2019-finalen, men har tapt to finalar mot Real Madrid.

I tillegg til meisterligaen har han vore med på å vinne Premier League og FA-cupen med Liverpool.

Etter straffedramaet i FA-cupfinalen mot Chelsea tidlegare i år kom James Milner med nokre velmeinande råd til høgrebacken.

– Eg sa til Trent: Troféskapet ditt er fullt, men ikkje bli lei av det. Ein veit aldri når ting vil forandre seg.

Kjelder: The Guardian, Sky Sports, Liverpool Echo, The Telegraph, Liverpool.no, The Times, The Coaches voice, Monday Night fotball.

Siste nytt

  • Høgmo bekrefter til NRK: Blir værende i Häcken

    Per-Mathias Høgmo har den siste tiden blitt koblet til danske FC Midtjylland. Torsdag bekrefter han overfor NRK at han blir værende i svenske Häcken.

    – Jeg er og blir i Häcken, skriver Høgmo til NRK.

    Han har hatt stor suksess i Häcken, som han ledet til et historisk seriegull forrige sesong. I januar forlenget han kontrakten med klubben.

    Bekreftelsen fra Høgmo kommer etter at den danske avisen Herning Folkeblad torsdag morgen erfarte at Høgmo kom til å bli Midtjyllands nye trener.

    Det avviser altså Høgmo, og kort tid etter gjorde Herning Folkeblad helomvending. Nå melder de at det er Thomas Thomasberg som tar over klubben.

    Han har vært hovedtrener i Midtjylland tidligere, fra 2008 til 2009, men nå forlater han en annen dansk klubb, Randers, for å returnere til gamle trakter. Han skal etter planen presenteres som ny hovedtrener torsdag ettermiddag.

    Per-Mathias Høgmo
    Foto: Adam Ihse/TT / NTB
  • Mira Høidal tatt ut til talentprogram

    Sprangrytteren Mira Høidal imponerte uttakskomitteen til Young Riders Academy og har fått plass på det internasjonale talentprogrammet.

    Det opplyser Norges Rytterforbund.

    – Det gikk bra i år. Det var noen riktig gode ryttere med, så jeg var jo ikke helt sikker på om det gikk min vei, selv om jeg hadde en god sesong i fjor og har hatt en god start i år, sier Høidal selv til hestesport.no.

    Young Riders Academy ble startet opp i 2014 og har som mål å hjelpe unge ryttere med å forberede seg til en fremtid som profesjonelle innen hestesport.

    Høidal er en av seks ryttere sin er tatt ut til programmet, der de blat annet vil få en skreddersydd treningsperiode ved en internasjonal sprangstall.

    Høidal har blitt norgesmester i sprangridning fem ganger.

    Ifølge hestesport.no har to norske ryttere tidligere vært gjennom programmet: Pål Flam i 2016 og Lisa Ulven i 2018.

    Mira Olivia Høidal, utøver sprangridning
    Foto: Tom Balgaard/NRK
  • Dårlige snøforhold ødelegger: NM-utforen avlyst

    Alpinistenes NM-utfor og -superkombinasjon på Trysil måtte nok en gang avlyses. Torsdag var grunnen dårlige snøforhold.

    – Det blir ikke noe konkurranse i dag grunnet snøforholdene. Vi holder oss til morgendagens plan med super-G, sier pressesjef Kjell Aurmo.

    Etter planen skulle utforrennet opprinnelig blitt kjørt allerede på onsdag, men rennet ble flyttet til torsdag grunnet tåke.

    Dermed skulle det blitt kjørt både utfor og superkombinasjon for både kvinner og menn torsdag formiddag. Nå har alle fire rennene blitt avlyst grunnet snøforholdene.

    Fartsrennenes største attraksjon, Aleksander Aamodt Kilde blir likevel i Trysil fram til fredag og kjører super-G-rennet.

    Det skal også kjøres om NM-gull i storslalåm lørdag, før NM-slalåmen avslutter mesterskapet søndag. (NTB)

    Audi FIS Alpine Ski World Cup - Men's Super G
    Foto: SEAN M. HAFFEY / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste