Hopp til innhold

Ei vase og ein rekkverkstopp – så kunne Liverpool juble

To fotballfrelste brør tok saka i eigne hender då ligatrofeet ikkje var tilgjengeleg.

Liverpool

«THE CURLETT CUP»: Med denne vasa som utgangspunkt kunne Liverpool vise at dei var blitt ligameister i 1964.

Foto: Colorsport/REX / Shutterstock editorial

Aprildagen var varm, men stemninga i byen ved Mersey-elvas utløp var på kokepunktet denne vårdagen i 1964.

Liverpool tok imot Arsenal på Anfield, og visste at med siger ville klubben sikre sitt første ligameisterskap på 17 år.

Nesten halvparten av dei åra hadde dei kava rundt nede i 2. divisjon. Hungeren etter suksess var derfor enorm, mildt sagt. Å seie at stemninga i den raude delen av byen var elektrisk, er iallfall ikkje å overdrive.

Dette er ein hunger Liverpool-supporterar har kjent på igjen dei siste åra, etter å ha gått 30 år utan ein ligatittel på Anfield. Ei rekkje som denne sesongen blei brote.

Den gongen var det berre eitt lite aber: Ligapokalen skulle ikkje bli delt ut. Reglane på den tid kravde at dersom pokalen skulle vere på plass på stadion til utdeling, måtte meisterskapet vere sikra før kampen. Og dette var siste heimekampen for sesongen.

I år er aberet eit anna. Etter at Manchester City avga poeng mot Chelsea på torsdag kveld er det ikkje lenger mogleg for dei å hente inn leiinga den suverene ligaleiar Liverpool har opparbeida seg. Og denne sesongen vil Liverpool få tildelt den faktiske ligapokalen, men utan publikum til stades.

Mammas vase

Anfield 18. april 1964

STOR DAG: Så enorm var stemninga i Liverpool, ifølgje reportasjen i lokalavisa

Foto: Faksimile / Liverpool Echo

Det var for gale, meinte brørne Terry og Teddy Curlett, glødande Liverpool-supporterar og like entusiastiske som alle andre med utsikt til ligatriumf.

Det var på Anfield den store augneblinken ville bli, med 50.000 tilskodarar i himmelsk ekstase, og med spelarane i æresrunde.

Men altså utan noko trofé å vise fram.

Terry og Teddy tok saka i eigne hender. Ei av mammas vaser blei knabba. Vasa hadde form og storleik som ligapokalen. Ho blei måla i raudt og kvitt, og pålimt avisutklipp av spelarane.

Som lokk på pokalen kappa dei toppen av ein av stolpane på gelenderet i loftstrappa.

– Alle pokalar hadde lokk, så det måtte denne også ha. Og det passa perfekt, seier Terrys son Franny Curlett til Four-Four-Two, som fortalde denne historia først.

Bill Shankly

OPPGLØDD: Bill Shankly var begeistra for ideen om å juble med ein heimesnikra pokal etter ligasigeren – hans første triumf etter å ha bygd Liverpool opp frå eit middels 2. divisjonslag

Foto: liverpoolblogg.no

Positiv manager

Då var pokalen klar til kampen. Men korleis kunne han brukast?

Brørne gjekk rett på sak og skreiv brev til manager Bill Shankly med spørsmål om akkurat det.

Shankly hadde overteke som manager fire og eit halvt år tidlegare, då Liverpool var nummer åtte i 2. divisjon. Våren 1962 rykka Liverpool opp i 1. divisjon – dagens Premier League.

To sesongar etterpå var Shankly i ferd med å fullføre suksessen: Liverpool heilt til topps i ligaen. Det mangla berre siger over Arsenal i siste heimekamp for å bli ligameister for første gong sidan 1947.

At det var byrival Everton som måtte gje ligatrofeet frå seg, la ikkje akkurat nokon dempar på forventningane.

Shankly tok seg godt av fansen, og svara stort sett personleg på alle brev han fekk. Han visste godt kva klubben og fotballen betydde for fansen og byen. Terry og Teddy fekk eit personleg og svært positivt svar.

«Pokalen var falsk, men champagnen var ekte»

Liverpool-jubel 1964

FEIRING UTAN BISMAK: – Pokalen var falsk, men champagnen var ekte, skreiv Liverpool Echo

Shankly blei oppglødd over Curlett-brørne sin «pokal». Han inviterte dei som gjester på kampen og bad dei ta pokalen med seg.

Dagen blei minst like stor som Terry og Teddy og alle på tribunane hadde håpa. Liverpool spela på sitt aller beste, tok leiinga etter berre sju minutt, og såg seg aldri tilbake.

Arsenal blei knust 5–0. Ligameisterskapet var i boks.

Med det same kampen var slutt, fekk spelarane den heimelaga pokalen, slik Shankly hadde gitt beskjed om. Festen kunne ta til.

Dei dansa rundt bana med pokalen i hendene framfor eit ekstatisk jublande publikum. Kaptein Ron Yeats sprang fram og tilbake framfor The Kop og vifta med den farga og påklistra vasa, minst like ivrig som om pokalen hadde vore ekte.

Dei to brørne som stod i fremste rekkje og såg spelarane juble hemningslaust med mammas vase, kunne knapt førestille seg kva som skjedde.

Seinare blei dei inviterte inn i garderoben til spelarane.

– Det var mykje meir enn ein draum som blei verkeleg, seier Franny Curlett.

Vekk i over 40 år

Curlett Cup med Ron Yeats

KAPTEIN: Eit utklipp av Ron Yeats hadde heidersplassen på pokalen

Foto: Stephen Done/Liverpool FC&AG Co LTd

Men historia sluttar ikkje der. Liverpool vann ligaen på nytt berre to år seinare Den heimelaga pokalen blei igjen brukt då Liverpool sikra meisterskapet med 2–1 over Chelsea i siste heimekamp.

Så blei pokalen borte. Det blei også namna på dei som laga pokalen. Det skulle gå meir enn fire tiår før han dukka opp igjen.

Kurator ved Liverpool FCs museum, Stephen Done, fortel til NRK at alle la merke til at det ikkje var den originale pokalen spelarane sprang rundt med, men at ingen la særleg vekt på det den gongen.

– Pokalen var falsk, men champagnen var ekte, skreiv Liverpool Echo i sin reportasje frå feiringa.

Det viktigaste var at det fanst ei erstatning slik at spelarane hadde noko å vise fram under jubelen, og å bli fotografert med i garderoben etterpå, fortel Done.

Han blei tilknytt museet i 1997, og eitt av hans mål var å finne ut om pokalen framleis eksisterte, og eventuelt få den til museet.

– Eg visste ikkje om pokalen var i privat eige nokon stad, om han stod i ein pub, eller rett og slett var knust, fortalde Done til Four-Four-Two.

Han sette i gang omfattande leiting, men greidde ikkje å finne pokalen.

Avgjerande familieprat

Curlett Cup

THE CURLETT CUP: Aldri før har vel ei vase og ein rekkverk-topp blitt eit så tiljubla symbol som denne

Foto: Liverpool FC

Då var det Franny Curlett dukka opp.

Det viste seg at Terry hadde venta tolmodig på Anfield etter Chelsea-kampen i 1966, til det meste av ståket hadde lagt seg. Då fekk han pokalen tilbake og tok han med seg heim.

Terry ville ta vare på trofeet. Derfor plasserte han det på loftet, med tanke på å ta det fram igjen berre ved spesielle høve. Men det skjedde aldri, utanom til bruk i eitt og anna familiebilete.

Terry døydde i 1995, og det blei Franny som arva pokalen. Franny sjølv opplevde ikkje den store dagen på Anfield, han var fødd elleve år seinare.

Men det skulle framleis gå fleire år før han kom fram til at historia bak trofeet var for viktig til at pokalen skulle gøymast bort på eit loft. Det var ein familieprat som gjorde utslaget.

– Mor mi og eg sat ein dag og snakka om det, og fann ut at det var på tide å gjere noko. Dagen etter ringde eg til klubbmuseet, seier Franny Curlett.

Blei stum då han fekk telefonen

The Curlett Cup på Liverpool FCs museum

VIKTIG HISTORIE: Pokalen står i dag på LFC-museet, etter å ha vore borte i over 40 år. Det var også på museet trofeet fekk sitt namn

Foto: copyright 2020stephen Done/Liverpool FC&AG Co LTd / Charissa Grace/LFC

Stephen Done fekk knapt fram eit ord då han tok telefonen og forstod kva det gjaldt. Han hadde gitt opp å finne pokalen.

– Eg trudde linja var broten, ler Franny. – Men Stephen var der. Han blei berre stum.

Derfor er pokalen på LFC-museet den dag i dag.

– For meg er den like verdfull og viktig som alle dei andre trofea vi har, seier Stephen Done.

Det var Done som sette namnet på pokalen, The Curlett Cup.

– Eg syntest det var på sin plass at dei skulle få denne æra, seier Done.

Den gongen blei ikkje Liverpool krona til seriemeister før i sesongens siste heimekamp. Dette står i sterk kontrast til årets sesong, der Liverpool allereie sju serierundar før slutt har sikra seg tittelen. Aldri før har eit lag i Premier League blitt seriemeister så tidleg.

For raudtrøyene gjenstår det tre kampar på Anfield, der dei kan løfte troféet. Vel og merke vil dette skje utan publikum til stades.

Men hadde dei vore like overlegne i 1964 som dei har vore i år, hadde ikkje mammas vase enda opp på LFC-museet.

Dei raude og kvite fargane er litt falma, det same er blekket som blei brukt då nokre av spelarane signerte pokalen.

Men historia om brørne som redda den store dagen med mammas vase, falmar ikkje.

PS: Den ekte ligapokalen blei aldri overrekt Liverpool framfor fansen. Ligapresidenten ville ikkje dele den ut på ein bortekamp, ifølgje eit oppslag i lokalavisa Liverpool Echo. Overrekkinga skjedde enkelt ved ei tilstelling i klubbens regi nokre dagar etter Arsenal-kampen. På tilstellinga fekk kaptein Ron Yeats overlevert pokalen frå sin kollega Roy Vernon hos byrival og avtroppande ligameister Everton.

Siste nytt

  • Norges ishockeykvinner vant etter straffer – styrer mot plass i elite-VM

    Norge kan for første gang siden 1997 år bli å se i elite-VM i ishockey for kvinner. Etter straffeseier over Nederland er opprykkshåpet tent før siste runde.

    Norge spiller for øyeblikket VM 1. divisjon i Østerrike og kjemper om opprykk sammen med flere andre lag.

    Seieren over Nederland kom i en tett affære i Klagenfurt. Etter tre målløse perioder måtte lagene ut i forlengning og etter hvert straffer. Der ble Emilie Kruse og Mathea Fischer avgjørende for Norge med sine scoringer.

    Med fredagens triumf ligger Norge to poeng bak Frankrike på tabelltopp etter fire kamper. Ungarn er to poeng bak Norge med én kamp mindre spilt, og dermed kan ungarerne klatre forbi med seier over Østerrike senere fredag.

    Ungarn og Frankrike skal imidlertid møte hverandre i siste runde, og dessuten har Norge slått begge lag tidligere i turneringen.

    Dermed trenger Norge å slå bunnlaget Sør-Korea etter ordinær tid for å sikre opprykket til elite-VM. Om lag ender likt på poeng, blir kampene innbyrdes tellende for å skille dem.

    De to beste etter fem runder rykker opp til elite-VM i Tsjekkia neste år. (NTB)

    André Lysenstøen, landslagstrener ishockey kvinner
    Foto: NTB
  • Jönsson utestengt i to kamper - Stabæk aksepterer straffen

    Stabæk-trener Jan Jönsson får to kampers karantene for hendelsen mot Vålerenga mandag. Det melder Dagbladet.

    Sportsjef Kim André Pedersen i Stabæk gjør det klart overfor NRK at klubben og Jan Jönsson aksepterer straffen.

    – Jada, vi må forholde oss til de reglene som er. Når forbundet sier det blir konsekvenser i forhold til regelverket så må vi akseptere det, sier Pedersen til NRK.

    Det var på overtid i kampen mot Vålerenga at det ble kaos med Jönsson i hovedrollen.

    Kaoset startet med at Karina Sævik løp langs streken med ballen og en motspiller etter seg. TV-bildene viste at ballen på et tidspunkt var ute, og da skjedde det noe uvanlig.

    Sævik løp videre, men på samme tid løp Stabæk-trener Jan Jönsson ut på banen og stoppet Vålerenga-spilleren med kroppen.

    Da eksploderte det på benken og Jönsson ble vist det røde kortet.

    Like etter så det ut til at han forsøkte å klemme fjerdedommeren.

    – Det var på overtid og jeg forsøker å få tak i ballen for å få tatt et kjapt innkast. Ballen hadde vært klart ute og jeg gikk en meter ut på banen for å ta den. Jeg ville få spillet i gang. Det var på overtid og Vålerenga sparket bort ballen for at tiden skulle gå ut, sa Jönsson til NRK etter kampen.

    Nå er Stabæk-treneren straffet for episoden.

    Pedersen sier klubben hadde en god prat med Jönsson etter kampen og senere i etterkant av det, for å reflekere over episoden. De er klare på at de bare må akseptere reglene og ser at Jönssons inngripen ble overivrig.

    Jönsson får ikke lede Stabæk i kampene mot Brann og Lyn.

    Ifølge Dagbladet er begrunnelsen for straffen fra disiplinærutvalget slik:

    «Disiplinærutvalget har ved sin beslutning lagt til grunn at Jönsson, ved sin inntreden på spillebanen, forstyrrer spillet og motstanderlagets spiller. I henhold til forbundsstyrets retningslinjer for sanksjoner tilsier dette en karantene på to kamper. Disiplinærutvalget har på den bakgrunn kommet til at en karantene på to kamper er en passende reaksjon på den aktuelle overtredelsen.I henhold til reaksjonsreglementet § 4-15 skal karantenen sones i de to neste seriekampene for samme lag treneren ble utvist for»

    Jan Jönsson
  • Haaland avbildet på City-trening etter skadetrøbbel

    City har publisert bildene fra dagens trening på X. Noen timer senere fulgte Haaland opp med et innlegg i samme kanal.

    «Seks finaler igjen», skriver 23-åringen og referer til at det gjenstår seks kamper denne sesongen.

    Haaland var ikke med i sist helgs FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. I kampen i forveien, Champions League-nederlaget mot Real Madrid, måtte nordmannen ut med en skade. Også mot Brighton torsdag var han ute av troppen.

    City-manager Pep Guardiola opplyste i forkant at jærbuen hadde slitt med et «muskulært problem».

    Haaland er delt toppscorer i ligaen med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål.

    City er ett poeng bak serieleder Arsenal, men de lyseblå har én kamp mindre spilt. Dermed har de alt i egne hender i sesonginnspurten. Haaland og co. møter Nottingham Forest borte søndag.

    City skal spille finale mot byrival Manchester United i FA-cupen 25. mai. (NTB)

    I9VZqC6O-Pk
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal