Hopp til innhold

Tysk Dortmund-ekspert trur Haaland kan presse ut spansk stjerne: – Kjem til å måtte slåst

Sportsredaktør Sascha Klaverkamp meiner Erling Braut Haaland er mannen Dortmund treng for å nærme seg tabelltoppen utover resten av sesongen. Supportarane jubler for at klubben hentar 19-åringen.

Erling Braut Haaland

RETT MANN PÅ RETT PLASS: Erling Braut Haaland er innkjøpt for å gi Dortmund ei angrepstyngde klubben ikkje har i dag

Foto: Joel Kunz / AFP

– Dortmund kjøpte Haaland på grunn av hans mange kvalitetar. Han er ein stor og fysisk sterk spelar, samstundes som han har god teknikk. Det er kvalitetar som trenar Lucien Favre vil ha, seier Sascha Klaverkamp til NRK.

Haaland blei i går klar for den tyske storklubben.

Klaverkamp er leiar for sportsredaksjonen i regionavisa Ruhr Nachrichten, og følgjer Borussia Dortmund tett.

– I dag har dei Paco Alcácer som spiss. Han er god teknisk, men ikkje så stor og sterk fysisk. Haaland er ein spelartype Dortmund ikkje har i laget i dag, seier Klaverkamp.

Og sjølvsagt har Haalands scoringstakt spela inn.

– Borussia Dortmund har mange offensive midtbanespelarar, men ingen topp målscorar, ein såkalla «klassisk nummer 9».

Men nummer 9 får han ikkje, iallfall ikkje enno. Ifølgje TV 2 skal han få nummer 17.

Meiner Haaland spelar i første kamp

Sascha Klaverkamp, Ruhr Nachrichten

SPORTSREDAKTØREN: Sascha Klaverkamp er leiar for sportsredaksjonen i Ruhr Nachrichten, og trur Haaland blir eit viktig våpen når Dortmund skal slåst for ligameisterskapet utover vinteren og våren

Foto: Stephan Schütze

Derfor meiner Klaverkamp at Haaland er mannen Dortmund treng for å nærme seg tabelltoppen utover resten av sesongen. Vårsesongen tek til 18. januar.

– Trur du han kjem til å spele frå start når sesongen kjem i gang igjen?

– Ja, svarer Klaverkamp kontant.

– Alcácer har ikkje scora sidan september, han har vore skadd og er ikkje i sin beste form. Haaland har scora masse. Alcácer kjem til å måtte slåst for plassen sin på laget, seier Klaverkamp.

Også dagleg leiar Asle Tjøtta i Bryne trur Dortmund er eit godt klubbval for Haaland.

– Der er det stor sjanse for å få speletid, og det er viktig for ein ung spelar, seier Tjøtta til NRK.

Ifølgje den spanske sportsavisa Marca har Alcácer fortalt Dortmund at han vil forlate klubben. 26-åringen bøtta inn mål i Bundesliga førre sesong, men har fått lite speletid i det siste. Sidan starten av november har han berre spela til saman 111 minutt i alle turneringar.

– Det er ikkje gunstig om han blir borte. For då er vi tilbake til problemet med at vi har berre ein rein spiss, seier medieansvarleg Marcus Jenssen Olsen i Borussia Dortmunds norske supporterklubb til NRK.

Men han er veldig glad for at Haaland valde Dortmund.

– Det er ikkje til å legge skjul på at dette er utruleg kult. Det er godt endeleg å få ein nordmann igjen, seier Olsen.

– Vi har fått inn ein veldig god spelar som går inn i den spissrolla vi har mangla, seier Olsen.

– Kan bli eit svært godt våpen for Dortmund

Dortmund er sju poeng bak Leipzig og tre bak Bayern München etter halvspela serie.

– Dei vil bli meister denne sesongen. Derfor var gleda umåteleg stor blant fansen søndag, då overgangen var klar.

– Kan Haaland bli den avgjerande brikka for å få laget med igjen i kampen om ligatittelen?

– Han er berre 19 år og må utvikle seg. Men han er god nok til å hjelpe Dortmund til å spele for tittelen. Han er motivert, han tenkjer klart og har gode haldningar. Han vil gjerne lære og ta det neste steget. Det er godt både for han og klubben. Om han held fram der han slapp for Salzburg, kan han bli eit svært godt våpen for Dortmund.

Den gule veggen

GÅSEHUD: Dortmunds kjende og frykta «gule vegg» – ein seksjon med 24.000 av den hardaste fansen

Foto: Martin Meissner / AP

Gåsehud framfor den gule veggen

Dortmund har alltid fullt hus med over 80.000 tilskodarar på kampane. 23.000 av dei er samla bak det eine målet i det som blir kalla den gule veggen – Die Gelbe Wand.

– Han kjem til å få gåsehud første gongen. Seinare vil det bli rein moro å spele framfor fansen.

Han meiner også Haaland passar inn i historia og kulturen bak klubben, og at det også er derfor fansen kjem til å like han.

– Det er ein by der hardt arbeid er ein del av historia. han er ikkje berre ein målscorar, han er også ein fighter. Dortmund har alltid hylla sine klassiske nummer 9, som Robert Lewandowski, Lucas Barrios og tidlegare Lothar Emmerich. Dei har vore viktige for klubbens suksess.

Kanskje han Haaland bli den neste.

Klaverkamp seier at Dortmund er kjende for å vere gode til å ta vare på unge spelarar som kjem til klubben.

– Eg trur det var årsaka til at Haaland valde nettopp Dortmund. Her er han på rett plass for å ta steget opp til det aller høgaste nivået.

Haaland blir den fjerde nordmannen som spelar for Borussia Dortmund. André Bergdølmo, Steinar Pedersen og Jan Derek Sørensen har spela kampar for klubben, men ingen av dei har scora mål.

20–25 millionar euro

Paco Alcacer

KONKURRENT: Dortmunds spiss så langt denne sesongen er Paco Alcácer. Men han har ikkje scora på lenge, og må truleg vike plass for Erling Braut Haaland når den tyske sesongen tek til igjen

Foto: Ina Fassbender / AFP

Klaverkamp har gode kontaktar inn i klubben, og stadfester dei tala som har sirkulert også i Noreg omkring kontrakten og overgangen.

– Vår informasjon er at Dortmund betaler Salzburg 20–25 millionar euro, og Haaland får mellom 8 og 8,5 millionar euro i årsløn. Heile pakken, inkludert agenthonorar, er om lag 80 millionar euro.

– Kor sikre kjelder har de på det?

– Eg har ikkje sett det skriftleg nokon stad. Men vi snakkar med tilsette i klubben og folk rundt klubben. På bakgrunn av den informasjonen meiner vi informasjonen er rett.

Gir Bryne gode pengar

Haalands karriere har også blitt ei viktig inntektskjelde for barndomsklubben til 19-åringen.

Då Haaland vart selt til Molde i 2017, gjorde Bryne noko lurt. Dei sikra seg ein klausul som sa at klubben skulle ha ein del av framtidige sal av spelaren.

Ifølgje Stavanger Aftenblad sikra klubbleiinga seg 20 prosent om Haaland vart selt vidare til ein annan klubb. Så då Red Bull Salzburg kjøpte 16-åringen for 50 millionar kroner frå Molde, kom det 10 millionar kroner i klubbkassa på Bryne.

Ifølgje Aftenbladet skal 2. divisjonsklubben òg ha sikra seg prosent frå eit tredje vidaresal.

Erling Braut Haaland

INNTEKTSGJEVANDE: Då Haaland gjekk til Molde i 2017, sikra Bryne seg inntekter for seinare overgangar. Det har jærklubben mykje att for i dag

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Med overgangen til Dortmund dryp det derfor endå ein gong nokre millionar på moderklubben i Rogaland.

Bryne ønsker ikkje å kommentere avtalen dei har med Molde, men ifølgje Romsdals Budstikke har Molde krav på 15 prosent av salssummen på 200 millionar kroner. Det utgjer 30 millionar kroner.

Asle Tjøtta vil overfor NRK ikkje kommentere konkrete tal.

– Det har eg ikkje heilt oversikt over enno.

Klubbane har vorte samde om å halde detaljane i avtalen hemmeleg, men Tjøtta sa dette til Stavanger Aftenblad i september:

– Vi er godt nøgde med avtalen vi inngjekk med Molde.

Han vil ikkje kommentere tal eller summar, men stadfestar at det er ei god og langsiktig avtale for Bryne.

Men UEFA har ein regel om at fem prosent av overgangssummen skal haldast tilbake av den kjøpande klubb, og fordele pengane på alle klubbane spelaren har vore ifrå han er 12 til han er 21 år. Haaland er framleis berre 19.

– Det vil seie at dei fem prosentane skal fordelast på Salzburg, Molde og Bryne, seier Tjøtta.

Fem prosent av 200 millionar er 10 millionar, som dermed skal fordelast på dei tre klubbane.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal