Hopp til innhold

Neymar i tårer etter overtidsscoring: – Ikkje alle veit kva eg har vore gjennom

Neymar stonga og stonga. Sju minutt på overtid opna han endeleg målkontoen. Då kom tårene.

Neymar

TOK TIL TÅRENE: Presset på Neymar har vore enormt. Han stod utan scoring i VM til det var spelt sju minutt på overtid i andre gruppespelkamp. Då losna det endeleg for Brasil-stjerna, som tok til tårene då kampen vart blåst av.

Laster innhold, vennligst vent..

– Ikkje alle veit kva eg måtte gjennom for å kome hit, skreiv Brasil-stjerna på Instagram etter kampen, og sikta sannsynlegvis til brotet i leggen han har slite med inn mot VM.

Det var i februar PSG-esset vart skadd under ein kamp mot Marseille. Han vart operert i Brasil i starten av mars. Vegen tilbake på fotballbana har vore lang. Først 3. juni gjorde 26-åringen comeback i ein treningskamp mot Kroatia.

– Fotball er emosjonelt. Det har vore eit ekstremt press på Neymar. Han er spelaren alle ventar på. Reaksjonen til Neymar heng både saman med skaden han fekk før VM og kritikken etter 1-1-kampen mot Sveits, forklarer NRK-ekspert Lise Klaveness.

Brasil kunne ha stått med berre to poeng etter to kampar, for første gong sidan 1978.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Men etter 91 minutt tuppa Philippe Coutinho til slutt ballen i mål frå kort hald – etterfølgt av ville jubelscenar i Brasil-leiren.

– Takk gud for at eg klarte å score, strålte Coutinho etter kampen.

– Hadde noko å bevise

Sju minutt på overtid ordna det seg også for Neymar, då han scora sitt første mål i denne verdsmeisterskapen. Som i Coutinho sitt tilfelle var det ei enkel avslutning frå kort hald.

– No slepp presset på Neymar litt taket, sa NRK-ekspert Carl-Erik Torp.

Dermed vann storfavorittane Brasil 2–0 mot Costa Rica. Og då kom tårene til Neymar.

– Dei hadde nok mykje å gjere med at Neymar følte at han hadde noko å bevise. Dessutan var han letta fordi Brasil vann, utdjupar Lise Klaveness.

Neymar hausta også skryt frå medspelarane.

– Vi veit at han hadde ein tøff skade før VM. Han var langt nede, men gleda hans på bana er smittsam, seier Philippe Coutinho.

1 av 9
8,711 visninger

Brasils scoring annullert for offside

  • Brasils scoring annullert for offside

    0:15
  • Neymar skjelte ut dommeren

    0:25
  • Dobbeltsjanse for Brasil

    0:14
  • Nesten for Neymar

    0:10
  • Neymar med nok en stor sjanse

    0:10
  • Straffe til Brasil

    0:10
  • VAR mener Neymar filmer - ingen straffe

    0:29
  • Coutinho scorer for Brasil

    0:20
  • Endelig scorer Neymar

    0:19

Trekte tilbake straffe

Men det såg lenge svært mørkt ut for eit Brasil-lag som for dagen var kledde i blått.

I det 78. minutt fekk Brasil tildelt straffespark etter at Neymar nokså lett gjekk i bakken etter ein duell med den tidlegare Vålerenga-stopparen Giancarlo González.

Dommar Björn Kuipers peikte først på straffemerket. Men så bestemte han seg for å nytte VAR-systemet og sjå situasjonen på nytt. Då Kuipers kom tilbake på bana signaliserte han at han omgjorde si eiga avgjersle.

– Det er heilt korrekt, sa NRK-ekspert Lise Klaveness.

FBL-WC-2018-MATCH25-BRA-CRC

OMGJORDE STRAFFE: Björn Kuipers gav først straffespark til Neymar, før han ombestemte seg.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Sjansesløsing

Etter ein sløv første omgang, der faktisk Costa Rica hadde den største sjansen, handla det meste om Brasil etter pause.

Før fem minutt var spelt hadde både Neymar, Gabriel Jesus og Philippe Coutinho vore svært nær scoring. Keylor Navas slo deretter til med ei kjemperedning då Neymar prøvde seg igjen i det 56. minutt.

I det 72. minutt avslutta Neymar like utanfor Navas sitt venstre kryss. Seks minutt seinare kom altså situasjonen der Neymar først vart tildelt straffe.

Etter denne situasjonen heldt Brasil fram med å presse, utan å kome til dei heilt store sjansane før Coutinho altså fekk sjansen på overtid.

FBL-WC-2018-MATCH25-BRA-CRC

Brasil-trenar Adenor Leonardo Bacchi, oftast kalla «Tite», møtte kritikk etter at dei spelte 1–1 mot Sveits i opningskampen.

Foto: PAUL ELLIS / AFP

– Vi treng meir støtte

Dei tre poenga letta ikkje berre presset på Neymar, men ein heil fotballnasjon.

– Det var ein tøff kamp, men alle kjempa hardt og vi vann til slutt, sa Philippe Coutinho etter kampslutt.

– Vi har fått mykje kritikk. Men vi lever med det. No håper eg fansen støttar oss framover. Spelarane treng meir støtte, seier Gabriel Jesus.

Og utdjupar:

– Spelarane, trenaren og resten av støtteapparatet kjenner til ansvaret vi har. Vi er stolte av å bere drakta for over 200 millionar menneske.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Aasgard fikk ny trener tre dager før europakamp mot Brann

    Danny Röhl (36) er hentet inn som ny Rangers-manager. Tyskerens første oppgjør blir mot Brann i europaligaen.

    – Det er et stort privilegium å få rollen som hovedtrener i en så fantastisk klubb, som er anerkjent over hele verden, sier han i en uttalelse.

    Rangers har fått en fryktelig start i den skotske eliteserien og ligger på sjetteplass med kun ni poeng fra åtte kamper.

    Nylig fikk Russell Martin sparken etter 123 dager i jobben.

    Röhl har tidligere vært hovedtrener i Sheffield Wednesday på nivå to i engelsk fotball.

    Rangers står med null poeng etter to kamper i europaligaen, og neste motstander er Brann. Møtet spilles i Bergen torsdag.

    I helgen scoret landslagsspiller Thelo Aasgaard sitt første mål for Rangers da det ble 2-2 mot Dundee United. (NTB)

    en mann med hestehale
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • «Moi» mister norsk duell i Mesterligaen

    Mohamed «Moi» Elyounoussi (31) blir ikke klar til FC Københavns kamp mot Borussia Dortmund i Mesterligaen.

    Navnet hans er ikke blant de 19 uttatte i FCK-troppen til tirsdagens oppgjør i Parken. Klubben skriver at «Moi» er på klubbens skadeliste.

    Dermed blir det ingen norsk duell mellom Elyounoussi og Julian Ryerson, som i helgen spilte fra start i Dortmunds 1-2-tap for Bayern München.

    Det kan fortsatt bli et norsk mesterligamøte i København, men da må Birger Meling få sjansen. Venstrebacken så begge FCKs to første mesterligakamper fra benken. (NTB)

    Mohamed Elyounoussi i aksjon for FC København i Serieligaen
    Foto: NTB
  • Brunstad Fet forlenget med Bodø/Glimt

    Sondre Brunstad Fet (28) har skrevet ny kontrakt med Bodø/Glimt fram til sommeren 2028.

    Midtbanesliteren sier at det er flere årsaker til at han forlenger kontrakten med nordlendingene.

    Det hjelper godt på at supporterne har mast om forlengelsen lenge. Brunstad Fet føler seg ønsket med videre.

    – Det er veldig mange grunner til at jeg vil fortsette å være i Bodø/Glimt. For det første trives jeg veldig godt i Bodø både på grunn av lagkamerater og folk i klubben, men også supportere og folk i byen som gjør at det er lett å trives her. Så er det ingenting som kan måle seg sportslig med det vi jobber med her, og jeg føler vi har mer å gå på og flere steg å kunne ta. Det vil jeg gjøre sammen med klubben, sier 28-åringen til klubbens hjemmeside.

    Brunstad Fet kom til Bodø/Glimt fra Aalesund foran 2020-sesongen. Siden overgangen er det blitt 18 scoringer og 22 assists totalt på snaut 170 kamper. (NTB)

    fotballspillere takker publikum
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal