Hopp til innhold

Di Maria forstod kva som stod i brevet han fekk før VM-finalen – reiv det sundt

Angel Di Maria (34) gjer alt for å ta Argentina til VM-finale – ei oppleving han vart fråstolen på tårevått vis i VM 2014.

maSJqvR7yBE

VIL HA REVANSJE: Angel Di Maria fekk aldri spele i 2014-finalen i VM. No har han ein ny sjanse.

Foto: Bruna Prado / AP

Argentina har ikkje vunne fotball-VM sidan 1986, men er ein av favorittane til å løfte pokalen i Qatar.

Med éin kamp igjen av gruppespelet står dei i fare for å ryke ut av VM om ikkje kampane onsdag går Argentina sin veg.

Skal dei lykkast med å ta seg vidare, må dei offensive stjernene skine. Hovudfokuset ligg som vanleg på Lionel Messi, som truleg no har siste sjanse til å vinne eit VM i løpet av karrieren, men for Angel Di Maria vil ein VM-finale truleg kjennast minst like spesiell.

Fekk brev før VM-finalen

Sist gong Argentina spelte VM-finale, i 2014, vart det i staden den største nedturen i karrieren til den offensive magikaren.

Di Maria hadde den gongen, i kvartfinalen mot Belgia, forlate banen med skade. Argentina, utan ein skadd Di Maria, slo Nederland i semifinalen – og brått vart det ein kraftig kamp mot klokka for å rekke finalen for den argentinske superstjerna.

Angel Di Maria

Angel Di Maria held seg til hovudet i VM-kvartfinalen mot Belgia, truleg vitande om at skaden han fekk i den kampen var så alvorleg at han ikkje ville få meir speletid i meisterskapen.

Foto: EVARISTO SA / Afp

I fleire intervju seinare, og i ein kronikk for The Players Tribune, har 34-åringen fortalt om dramaet som gjekk føre seg i kulissane.

Han hugsar framleis at han heldt på med å leggje litt is på beinet då Daniel Martínez, laglegen til Argentina, kom inn i rommet.

Legen heldt ein konvolutt og sa at det hadde komme eit brev frå Real Madrid, laget Di Maria spelte for på den tida.

– Han sa: «Dei meiner at du ikkje er i tilstand til å spele VM-finalen. Så dei tvingar oss til å ikkje bruke deg».

– Alle hadde høyrt rykta

Di Maria fortel at han omgåande trekte sine eigne konklusjonar om kva som var i ferd med å skje.

– Alle hadde høyrt rykta om at Real ønskte å signere James Rodriguez etter VM, og eg visste at dei kom til å selje meg for å få plass til han. Så dei ville ikkje at eigedelen deira skulle bli skadd. Så enkelt var det. Dette er business-sida av fotballen som ikkje folk alltid ser. Eg bad Daniel om å gi meg brevet. Eg opna det ikkje eingong. Eg berre reiv det sundt, fortel han.

Les også Fotball-VM: Her er programmet og TV-kampene

Kopier referanse KLART FOR VM: November og desember blir fullstappet med fotballkamper fra øverste nivå. VM-program, kampoversikt, tv-kamper, program

Han hugsar enno kjensla frå 2014 då han trygla Argentina-manager Alejandro Sabella om å få spele finalen trass i skaden.

– Eg var på rundt 90 prosent. Beinet var ikkje heilt godt, men eg ville spele finalen og eg brydde meg ikkje i det heile om eg aldri spelte fotball igjen. Det var ein av tinga eg vart fortald at kunne skje, men for meg var det VM-finale, det var finalen min.

– Eg gjekk for å snakke med Alejandro og fortalde han gråtande at eg ikkje var 100 prosent. Eg visste at han elska meg og at han ville at eg skulle spele, men han gjorde det beste for laget. Eg skulle ha ein injeksjon og ville prøve, men etter det møtet bestemde han seg for å bruke Enzo Perez i staden, hugsar Di Maria.

Di Maria rakk derfor ikkje VM-finalen i 2014, og måtte sjå heile kampen frå benken som unytta reserve då Argentina tapte mot Tyskland.

Og han fekk rett i spådommane sine. Litt over ein månad etter VM-finalen vart han seld til Manchester United.

Angel

Angel Di Maria med kofferten, klar for Qatar.

Foto: Skjermdump / Instagram

«Med same draum som alltid»

Di Maria, som lenge var usikker til VM på grunn av skade, vart den store helten då Argentina i fjor enda den 28-årige trofétørken i nasjonen og vann Copa America for første gong sidan 1993 etter siger 1–0 mot Brasil.

Han skåra målet og vart kåra til banens beste i den kampen.

I Qatar får han ein ny sjanse til å løfte VM-troféet. Då han slutta seg til Argentina-troppen som sette seg på flyet til VM-landet, la han ut to setningar på Instagram:

«Med same draum som alltid. Kom igjen, Argentina!».

34-åringen, som i løpet av karrieren har spelt 125 landskampar og skåra 25 mål for Argentina, har starta begge kampane for dei blåkvite i Qatar så langt og notert seg for éi målgivande pasning.

Argentinske Juan Arango er kommentator og korrespondent for Diario Sport, og sit i The Guardian sitt panel som kvart år kårar dei 100 beste spelarane i verda. Han meiner Di Maria, same kva som skjer i VM, vil vere ein av dei største spelarane i landet gjennom tidene.

– 125 landskampar er eit høgt tal, men det som er eit større tal for han er 2. Viss du ser tilbake på dei siste 15 åra, har Ángel Di María skåra to av dei viktigaste måla for Argentina, seier Arango til NRK.

– Statusen hans er sikra

Arango viser til matchvinnarskåringa mot Nigeria i OL 2008 og matchvinnarskåringa mot Brasil i Copa America-finalen i fjor.

Begge kampane enda 1–0 med Di Maria som einaste målskårar.

– På grunn av dette er statusen hans sikra. Han er ein av dei mest dynamiske spelarane som har representert Argentina nokonsinne, og skadane hans i viktige kampar la ein dempar på karrieren hans ei stund, men den kampen mot Brasil i fjor endra mykje. No skal han prøve å avslutte det på eventyrleg vis med å vinne VM, meiner Arango.

lP4sckLRtug

Angel Di Maria er ein av dei beste spelarane i historia for Argentina.

Foto: Matt Dunham / AP

Han får støtte frå Gasti Hirsch, ein argentinsk fotballreporter som mellom anna jobbar for ESPN og har ein twitterkonto som blir følgd av over 200.000.

– Han nyt denne augneblinken fordi fansen lenge sette spørsmålsteikn ved han. Mange sa at Di Maria ikkje presterer i viktige kampar og at han også var skadd heile tida. Men no, i tillegg til at han stod bak matchvinnarskåringa i Copa America, har han vorte ein målestokk for resten av laget og er elska av argentinarane, seier Hirch til NRK.

Hirch trur ein VM-tittel vil løfte Di Marias status til nye høgder.

– Han er ikkje det største idolet no, men med VM-triumf vil han få evig respekt, slår Hirch fast.

Hvilket land vinner VM?

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal