Det er klassisk, og det er intervallstart. Du kan følgje rennet her frå kl 12.45. Der kan du også følgje pressekonferansane i VM-byen frå kl 08.25.
Norges kvartett stiller slik:
- Astrid Uhrenholdt Jacobsen, startnummer 30 (går ut kl 13.00.00)
- Marit Bjørgen, startnummer 54 (går ut kl 13.12.00)
- Ingvild Flugstad Østberg, startnummer 58 (går ut kl 13.14.00)
- Heidi Weng, startnummer 60 (går ut kl 13.15.00)
Marit Bjørgen viste rå styrke på 15-kilometeren med skibyte laurdag. Der blei det VM-gull nummer 15, og berre finske Krista Pärmäkoski heldt nokolunde følgje inn til mål.
Kan det bli nummer 16 tysdag?
Bronsevinnar Charlotte Kalla var over halvminuttet bak. Men ho er tittelforsvarar på distansen med sitt svært populære gull i Falun-VM i 2015.
Denne distansen var den einaste langrennsøvinga for kvinner Norge ikkje vann den gongen. Dei norske jentene vart faktisk heilt medaljelause på 10-kilometeren i Falun.
Stina Nilsson går ut eitt minutt bak Astrid Uhrenholdt Jacobsen, og Charlotte Kalla eit minutt etter det igjen.
Justyna Kowalczyk har startnummer 44.
Kristia Pärmäkoski har startnummer 56, eit minutt etter Marit Bjørgen.
NRK sendeplan frå ski-VM i Lahti ser du her: