Hopp til innhold

Dette skjer i fotball-EM i dag: Danmark utan Eriksen, og uventa høgdepunkt?

Danmark må klare seg utan Christian Eriksen mot ein av EM-favorittane, medan Ukraina – Nord-Makedonia kan bli blant meisterskapets mest underhaldande kampar.

p8FC7yV_BMo

HØGDEPUNKT: NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp har høge forventningar til oppgjeret mellom Ukraina og Nord-Makedonia.

Foto: Vadim Ghirda / AP

Dagens Kampar:

15.00: Ukraina – Nord-Makedonia (NRK)

18.00: Danmark – Belgia (TV 2)

21.00: Nederland – Austerrike (TV 2)

Dagens snakkisar:

  • Er Bale tilbake i godt gammalt slag? Han herja tidvis mot Tyrkia i går, men hamna i skuggen av basketaket som braut laust på overtid av kampen.
  • I kveld må Danmark klare seg utan sin største stjerne Christian Eriksen. Landslagssjef Kasper Hjulmand seier at dei må tenkje annleis utan midtbanespelaren. Kor prega er det danske landslaget før møtet med Belgia?
  • Belgias midtbanejuvel Kevin De Bruyne skal ha vore med resten av landslaget til København og kan vere aktuell for kampen mot Danmark. Han måtte stå over den første kampen etter ansiktsskaden han pådrog seg i meisterligafinalen, men var tilbake i trening på måndag.
  • Marko Arnautovic var frisk etter at han kom inn frå benken mot Nord-Makedonia i den første kampen, og scora kampens siste mål. Men mot Nederland må Austerrike klare seg utan den tidlegare Premier League-stjerna, som er suspendert på grunn av måten han feira 3–1-scoringa i opningskampen.

Ukraina – Nord-Makedonia

Ifølgje NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp kan dette bli eitt av meisterskapets høgdepunkt, ein open kamp med to lag som er vil angripe.

Begge laga tapte sine opningskampar i meisterskapet, og treng sårt poeng for å vere med i kampen om avansement til utslagsrundane.

Trass i at dei låg under med to mål mot Nederland, klarte Ukraina å kjempe seg tilbake i kampen, mellom anna takka vere ein perle frå Andrij Jarmolenko. Men ein sein Nederland-scoring gjorde at dei førebels står utan poeng.

Jarmalenko si perle var ikkje nok til å ta poeng mot Nederland.

Seine scoringar senka også Nord-Makedonia mot Austerrike. I sin første meisterskapskamp var Goran Pandev og dei andre nord-makedonske spelarane på veg mot eit sterkt poeng, men det blei med draumen.

Det er også verdt å merke seg at tre av dei fire siste måla Nord-Makedonia har sloppe inn har vore scora av innbytarar. Med andre ord kan ein potensiell matchvinnar vere å finne på benken frå start.

Ekspertens dom:

– Kan vi kalle det EMs høgdepunkt? Eg trur det blir ein morosam kamp, Ukraina kjem til å score, og dei kjem til å sleppe inn. Nord-Makedonia er uføreseielege, men Ukraina er favorittar, seier Torp.

Danmark – Belgia

Dette blir ein spesiell kamp for fleire partar. Christian Eriksen ser kampen frå sjukesenga på Rigshospitalet, et steinkast unna kveldens arena, Parken.

Der skal danskane samlast for å løfte seg etter tapet mot Finland, ein kamp der resultatet var det minst viktige etter at Eriksen gjekk i bakken med hjartestans.

Spelarane skal heidre Eriksen ved å sparke ballen ut av spel og applaudere dansken i det 10. speleminuttet. Det kunne Romelu Lukaku avsløre før kampen.

Også for Lukaku blir det ein spesiell kamp. Då han scora mot Russland feira han med å rope «Chris, I love you» i kameraet, ein helsing til sin lagkamerat i Inter. No skal han forsøke å score og sende fleire helsingar til Eriksen, mot Eriksens eigen nasjon.

«Chris, I love you,» ropte Romelu Lukaku inn i kameraet etter å ha scora mot Russland, ei helsing til sin lagkamerat i Inter, Christian Eriksen.

Det store spørsmålet er korleis handterer danskane situasjonen dei har stått i den siste veka?

Ifølgje Thomas Delaney har den siste veka knytt dei danske spelarane tettare saman, sjølv om det har vore vanskeleg.

Det er på ingen måte vanlege omstende rundt denne kampen, men dersom sjølve kampen oppfører seg berre litt som normalt kan ein vente seg ein målfest.

Dei siste åtte kampane mellom Belgia og Danmark har i gjennomsnitt gitt 3.75 scoringar per kamp. Førre gong laga møttest, for eit halvt år sidan, vann Belgia 4–2 etter mellom anna to scoringar frå nettopp Lukaku.

Ekspertens dom:

– Dette blir ein spesiell kamp, det er vanskeleg å seie kva forfatning danskane er i. Det kan slå begge vegar, dei kan ha fått ein boost og skal gi ekstra for Eriksen, eller så kan dei vere tappa for energi, seier Torp.

– For Danmark er det avgjerande å gå for eitt poeng, helst tre, men det trur eg blir vanskeleg mot Belgia.

Nederland – Austerrike

Kveldens siste kamp blir nok ein godbit, der Nederland tek imot Austerrike på Johan Cruijff Arena i Amsterdam. Begge laga fekk ein perfekt start på EM, men det sat langt inne.

85 minutt var spelt då Denzel Dumfries scora Nederlands vinnarmål mot Ukraina, og det stod 1–1 mellom Austerrike og Nord-Makedonia heilt til det var spela 78 minutt.

z6P9g5rusoI

Denne feiringa gjer at Arnautovic må stå over møtet med Nederland.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / AFP

Det enda til slutt opp med 3–2 siger til Nederland, medan Austerrike vann 3–1.

Austerrike må klare seg utan den tidlegare Premier League-stjerna Marko Arnautovic, som er suspendert på grunn av måten han feira scoringa si mot Nord-Makedonia i møtet med Nederland.

Og det er eit møte Nederland historisk sett har hatt eit godt tak på. Dei siste fem kampane har enda med nederlandsk siger, med målskilnaden 15–5. Førre gong Austerrike gjekk sigrande ut av eit oppgjer mot Nederland var tilbake i 1990.

Ekspertens dom:

– Nederland er favorittar. Dei såg gode ut mot Ukraina, men der er nokre spørjeteikn defensivt. Det er noko som verkar litt shaky der bak, så ein skal ikkje sjå vekk frå at Austerrike kan skape noko mot Nederland, seier Torp.

Siste nytt

  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB
  • Skaslien og Nedregotten tapte nervepirrende VM-semifinale

    Curlingparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten kom til kort i VM-semifinalen fredag, etter en semifinale hvor det bølget frem og tilbake og ikke ble avgjort før siste stein.

    I kampen mot Estland fikk Norge et tidlig overtak og ledet 4-2 etter fire omganger. Estland slo tilbake og tok tre poeng i den femte omgangen, men Norge fikk igjen overtaket etter å ha tatt to poeng i den sjette omgangen.

    Med ledelse 6-5 hadde Norge en viss kontroll før de siste to omgangene, men to poeng til Estland sørget for full spenning inn i den siste ordinære omgangen.

    Norge trengte der ett poeng for å skaffe en ekstraomgang og to poeng for å vinne, hvor Norge hadde den siste steinen.

    Estland fikk plassert sin siste stein midt i boet og da klarte ikke det norske paret å svare. Dermed ble det ett estisk poeng og 8-6 til Estland totalt.

    Skaslien og Nedregotten tok sølv i VM tilbake i 2021. Sølv ble det også i OL i 2022. Lørdag blir det VM-bronsefinale mot Sveits.

    Nedregotten Skaslien
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal