Hopp til innhold

Dette er kontrakten dei kranglar om – no slår hoppkomiteen tilbake

NRK har fått tilgang til kontrakten mellom hoppkomiteen og Clas Brede Bråthen. Den er signert frå båe sider, men leiaren i komiteen meiner det berre var eit utkast.

Kontrakt, riktig versjon.
Foto: STIAN LYSBERG SOLUM / NTB/PRIVAT

Clas Brede Bråthen har varsla søksmål mot Skiforbundet etter at kontraktsforhandlingane braut saman.

Den noverande kontrakten går ut i april 2022.

NRK har fått tilgang til ein kontrakt leiar, Alf Tore Haug, i hoppkomiteen og Bråthen har signert 2. juni 2021. Intensjonen var at han skulle halde fram som sportssjef til april 2025.

Den kontrakten mangla berre underskrifta til generalsekretær i Skiforbundet, Ingvild Bretten Berg. Sidan den gong har hoppkomiteen snudd. Dei ønsker no ikkje å gi Bråthen ny kontrakt.

Hevdar kontrakten var eit utkast

Til NRK presiserer Haug at hoppkomiteen tidlegare hadde eit ønske om å forlenge kontrakten til Bråthen. Ifølge Haug kom hoppkomiteen med nokre krav som Bråthen ikkje ville innrette seg etter.

– I eit møte med Clas Brede og hoppkomiteen 22. juni blei det lagt fram fleire ulike løysingsforslag, samt gjennomgått kva slags krav i forhold til hans samarbeidsform som var heilt nødvendig å einast om for at eit samarbeid med resten av Skiforbundet og andre aktørar skulle kunne fungere. Både løysingsforslag og krav blei avvist av Clas Brede, og situasjonen stod fram som låst frå hans side, hevdar Haug i ein e-post til NRK.

Ønsket om å behalde Bråthen blei likevel ikkje borte. For å illustrere vilja til å forlenge kontrakten sende Haug det han kallar eit «kontraktsutkast».

– Eg var eksplisitt på at kontraktsutkastet berre var meint som eit signal til Clas Brede om hoppkomiteens ambisjon om å finne ei løysing som kunne fungere for han, hoppkomiteen og resten av Skiforbundet. Det blei vidare presisert at me no måtte vente på neste skritt, Clas Brede vel dessverre så å fylle ut den informasjonen som mangla i utkastet, som løn og andre opplysningar, som openbert er arbeidsgivarstyrt informasjon, påstår Haug.

«Kontraktsutkastet» NRK har fått tilgang til er signert med underskrifta til komiteleiaren, og datoen 2. juni 2021.

Kontrakt.

KONTRAKTEN: Dette er «kontraktsutkastet» med signaturen til Alf Tore Haug og Clas Brede Bråthen.

– Eg har aldri signert eit utkast før. Eg veit ikkje, har du for vane å gjere det?, hevdar Bråthen til NRK, med oppfatninga om at kontrakten ikkje var eit utkast.

– Eg meiner at det er litt meiningslaust å datere og signere utkast. Da blir det hans ord mot mine ord, men eg skjønnar ikkje kvifor eg skal signere eit utkast. Det beklagar eg at eg ikkje skjønnar, viss det er noko eg burde skjønt, held han fram.

Alf Tore Haug

TILLITSBROT: leiar i hoppkomiteen, Alf Tore Haug, meiner det er Bråthen har bryte tilliten hans.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Haug tar sjølvkritikk på at han signerte det som blir kalla eit «kontraktsutkast».

– Eg ser i ettertid at utkastet ikkje burde vore signert, men eg presiserer på det sterkaste at det aldri var tvil eller uklarheitar rundt at dokumentet ikkje var ein kontrakt til signering. Eg hadde heller aldri ein tanke om at Clas Brede skulle misbruke min tillit på denne måten, hevdar Haug til NRK.

Ueinigheita rundt «kontraktsutkastet» gjer at Bråthen 25. juni visstnok sender ut ein e-post til noverande og tidlegare hoppkomite, samt leiargruppa i hopp om at han har signert ny kontrakt. Haug tar derfor umiddelbart kontakt med Bråthen.

– Det blir gjort heilt klart at dette er eit tillitsbrot me er skuffa og sterkt opprørt over, skriv Haug.

Generalsekretær i Skiforbundet, Ingrid Bretten Berg, ønsker ikkje å uttale seg, og viser til Haug sine utsegn.

Hevdar han fekk beskjed om å fylle ut eigen løn

Leiaren i hoppkomiteen synest det er dårleg stil av Bråthen å no bruke «kontraktsutkastet».

– Me ser på dette som eit forsøk frå Clas Brede på å kuppe eigen tilsetting, skriv Haug til NRK.

Lønna til Bråthen

LØN UTFYLT MED PENN: Dette er sida av kontrakten der løna stod blankt i dokumentet. Bråthen har fylt det ut sjølv, med penn.

Delar av kritikken frå hoppkomiteen går på at Bråthen sjølv skreiv inn sin eigen løn med penn i «kontraktsutkastet». Det påstår Bråthen at han fekk beskjed om å gjere.

– Eg gjer det eg får beskjed om. Eg fyller inn bankkontonummer, og den løna eg fekk beskjed om at skulle vere som den eg har i dag. Viss eg gjer det eg får beskjed om av Alf Tore, og han kallar det eit kupp, så må han nesten forklare det sjølv, hevdar Bråthen.

– Det har eg sjølvsagt aldri gjort, svarer Haug på påstanden.

Har kome med søksmålsvarsel

I søksmålsvarselet frå Bråthens advokat, Marit Håvemoen, blir det hevda at Bråthen er blitt utsett for ulovleg straff.

Etter det NRK forstår skal dette handle om at Bråthen meiner at leiinga i Skiforbundet brukar hans veremåte og utsegn, både internt og i media, som argument for å ikkje gi han ny kontrakt.

VG omtalte tysdag at Bråthen i desember fekk eit varsel frå Skiforbundet om korleis han uttalte seg i media.

Sportssjefen hevdar han ikkje har fått informasjon om kvifor den underskrivne kontrakten ikkje er blitt signert av generalsekretæren i sommar.

Etter det NRK forstår er dette den direkte årsaka til at landslagstrenar Alexander Stöckl tok initiativet til brevet som fekk full oppslutning frå trenarar, utøvarar og hoppadministrasjonen elles.

Stöckl skal også ha bedt om eit møte med generalsekretæren for å finne ei løysing. Først da det viste seg at det ikkje var mogleg, overleverte han brevet.

Bråthen skal heller ikkje ha fått nokon forklaring på kvifor hoppkomiteen har snudd.

– Me ønsker å beklage til heile hopp-Norge at me ikkje klarte å hindre denne situasjonen. Det er også beklageleg at hoppleiinga valde å offentleggjere konflikten på eit tidspunkt der me framleis hadde gode moglegheiter og felles mål, skriv Haug til NRK.

Siste nytt

  • Nordmann med sølv i 24-timers VM i Frankrike

    Jo Inge Norum løp 285,060 kilometer i løpet av de 24 avmålte timene i VM i Frankrike, noe som holdt til VM-sølv.

    Med det slår han ifølge kondis.no den forrige norske rekorden med 20 kilometer.

    – Det er kjempestort. Han setter jo ny norsk rekord og i tillegg ny nordisk rekord, sier lagleder Lars Erik Gylland.

  • Hovland avsluttet med et brak i India: – Du er jo ikke sann

    Viktor Hovland spilte seg opp til 6.-plass på siste dag av europatourturneringen i New Delhi i India.

    På det 18. og siste hullet klinket nordmannen til med en eagle og bykset opp på resultatlistene.

    – Du er jo ikke sann! utbrøt Viaplay-kommentator Joakim Mikkelsen etter at Hovland chippet ballen i koppen fra omkring 22 meter.

    Hovland endte turneringen med 17 slag under par på delt 6.-plass. Tommy Fleetwood vant turneringen med 22 slag under par. Keita Nakajima fra Japan ble nummer to.

    Turneringen var Hovlands første siden han fikk nakketrøbbel i Ryder Cup, der han måtte stå over siste dag og som tilskuer se Europa sikre tittelen.

    – Nå håper vi at nakke og alt samarbeider de neste ukene, sa Mikkelsen.

    (NTB)

    Viktor Hovland
    Foto: Reuters
  • Nestenulykke for Braathen: – Takknemlig over å komme meg unna

    Alpinist Lucas Braathen har delt en video fra trening hvor han bare så vidt unngår å krasje med en mann som har forvillet seg inn i løypa.

    I videoen på Instagram holder Braathen på å kjøre inn i en annen alpinist som krysser løypa på tvers. Den norsk-brasilianske stjernen rekker akkurat å justere svingen sin og slippe unna.

    «Svært takknemlig over å komme meg unna den situasjonen. En påminnelse om hvor verdifulle disse drømmene vi jager, er», skriver han.

    «OL-drømmen, sesongen, og viktigst av alt, min og hans helse, flashet foran øynene mine», skriver Braathen.

    (NTB).

    en person som holder opp langfingeren
    Foto: Luca Bruno / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal