Hopp til innhold

Bråthen bryt tausheita om hoppkonflikten

Clas Brede Bråthen møter media for første gong etter at kontraktsforhandlingane med Skiforbundet braut saman.

Clas Brede Bråthen, august 2021.

OPNAR OPP: Clas Brede Bråthen snakkar ut om den siste tida.

Foto: NRK

NRK møter Bråthen i Midtstuen. Han skulle helst sett at dei kunne fått løyst konflikten på andre måtar enn gjennom media.

– Me har gjort alt me kan for å prøve å få løyst dette på ein annan måte, seier Bråthen.

– Trur du at denne konflikten er mogleg å løyse?

– Eg ser ikkje nokon grunn til at det ikkje kan bli løyst. Viss ikkje hadde eg ikkje kjempa for det, svarer han til NRK.

– Ser du moglegheita for å få til eit oppklaringsmøte?

– Eg har i alle fall prøvd det heile tida, påstår Bråthen.

– På kva slags måte?

– Det kjem historia til å vise. Me har gjort alt me kan for at dette skal bli løyst på ein annan måte enn der me er no, hevdar sportssjefen.

Usikker på kvifor hoppkomiteen har snudd

Hoppkomiteen ønskte først å forlenge kontrakten til Bråthen, men så snudde dei. Det overraskar sportssjefen.

– Eg takka først for tilliten, og gleda meg til å jobbe saman med dei. Kva som har skjedd i mellomtida må nesten (Alf Tore journ.anm) Haug svare på. Han var jo attpåtil så tydeleg i møte med meg at han ville kalle det som ei katastrofe for norsk hoppsport viss ikkje eg fekk fortsette, hevdar Bråthen.

No forklarer hoppkomiteen kvifor dei har snudd.

Leiar i hoppkomiteen, Alf Tore Haug, skreiv ei pressemelding på laurdag. Der var han open om at dei tidlegare har ønska eit samarbeid med Bråthen utover kontrakten, som går ut i april 2022.

– Dei siste vekene har prosessen blitt vanskeleg av årsaker alle involverte må ta sin del av ansvaret for. Dette dreier seg om interne forhold som blant anna samarbeidsform mellom dei ulike aktørane hoppadministrasjonen må ta omsyn til, skriv Haug i pressemeldinga.

– Eg høyrer at samarbeidsform er nemnt. I mi bok så er samarbeidsform noko som er mellom fleire partar, så da tenker eg at det er greitt å begynne å prate saman om samarbeidsform er viktig, seier Bråthen.

– Føler du at det er mogleg å samarbeide med hoppkomiteen og Skiforbundet etter dette?

– Nå er ikkje dette noko som oppstod i går, da. Eg har alltid hatt interessante diskusjonar og vore i friske prosessar for å komme vidare. Det har alltid ført til at hoppsporten har komme vidare. Me er der me er no som følge at me er ein gjeng som tar dei nødvendige fightane me tar. Me er framleis ein veldig samansveisa gjeng i hoppsporten. Det er jo hoppsporten eg er glad i. Det er den eg jobbar for. Eg har ingen avgrensingar for kva eg er villig til å gjere for hoppsporten, påstår Bråthen.

Støtte frå hopplandslaget

Bråthen har støtte frå fleire hopparar og landslagstrenar Alexander Stöckl, som vurderer sin eigen stilling viss Bråthen ikkje får forlenga.

Medietreff for hopplandslagene

SAMARBEIDER: Sportssjef Clas Brede Bråthen (t.v.) og landslagstrenar Alexander Stöckl jobbar teitt saman om det norske herrelandslaget i hopp.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Vanskeleg å sette ord på den støtta eg har fått. Det er veldig sterkt, fortel Bråthen til NRK.

– På kva slags måte?

– Det å bli verdsett av folk ein har respekt for og folk som betyr mykje for ein. Det er på mange måtar det som er viktig her i livet, svarer han.

Bråket mellom Bråthen og Skiforbundet eskalerte ytterlegare da sportssjefen på fredag varsla søksmål mot forbundet.

Siste nytt

  • Ronny Deila ferdig som trener i Atlanta United

    Ronny Deila (49) får ikke fortsette i Atlanta United. Han har slitt med å få resultater etter MLS-comebacket.

    Klubben bekrefter avgjørelsen på sine nettsider. Deila avsluttet grunnserien i MLS med å spille 1–1 mot DC United natt til søndag.

    Deila hadde kontrakt til og med 2027-sesongen, men nå er samarbeidet over etter én sesong. Under telemarkingen hadde Atlanta United sin verste seriestart siden Georgia-klubben begynte å spille MLS-fotball i 2017.

    Motgangen kom selv om profiler som Emmanuel Latte Lath og Miguel Almirón ble hentet før sesongen.

    Deila mistet jobben etter sesongavslutningen søndag. (NTB)

    en mann med hånden på ansiktet
    Foto: LEONARDO FERNANDEZ / AFP / NTB
  • Nordmann med sølv i 24-timers VM i Frankrike

    Jo Inge Norum (48) løp 285 kilometer i løpet av de 24 timene i VM i Frankrike, noe som holdt til VM-sølv og ny nordisk rekord.

    – Det føles veldig, veldig bra. Det var bedre enn forventet. Jeg forventet kanskje topp 10 opprinnelig, men så spiste jeg meg stadig innpå underveis, sier en litt sliten men fornøyd Norum til NRK.

    – Det er kjempestort. Han setter jo ny norsk rekord og i tillegg ny nordisk rekord, sier lagleder Lars Erik Gylland.

    Ukrainske Andrii Tkachuk løp 294 kilometer og sikret seg gullet. Finske Jonka Matti tok bronsen med to kilometere kortere distanse enn Norum.

    I kvinneklassen ble Ida Slorafoss beste norske kvinne med 240 kilometer og en 9.-plass.

    Jo Inge Norum jubler for VM-sølv.
    Foto: Aina Nygård / Aina Nygård
  • Hovland avsluttet med et brak i India: – Du er jo ikke sann

    Viktor Hovland spilte seg opp til 6.-plass på siste dag av europatourturneringen i New Delhi i India.

    På det 18. og siste hullet klinket nordmannen til med en eagle og bykset opp på resultatlistene.

    – Du er jo ikke sann! utbrøt Viaplay-kommentator Joakim Mikkelsen etter at Hovland chippet ballen i koppen fra omkring 22 meter.

    Hovland endte turneringen med 17 slag under par på delt 6.-plass. Tommy Fleetwood vant turneringen med 22 slag under par. Keita Nakajima fra Japan ble nummer to.

    Turneringen var Hovlands første siden han fikk nakketrøbbel i Ryder Cup, der han måtte stå over siste dag og som tilskuer se Europa sikre tittelen.

    – Nå håper vi at nakke og alt samarbeider de neste ukene, sa Mikkelsen.

    (NTB)

    Viktor Hovland
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal