Fleire store, globale selskap ser openbart på Thingnes Bø som eit attraktivt sponsorobjekt.
I desember vekte stryningen oppsikt då han gjekk verdscuprenn med eit spesial-laga ur frå klokkegiganten Richard Mille, som no har gjort det kjent at dei hyller verdas beste skiskyttar med ein eigen Johannes Thingnes Bø-klokkemodell.
Etter det NRK kjenner til skal klokka ha ein verdi på over 1,4 millionar kroner.
– Det er veldig mange som har ringt meg og spurt om den klokka. Eg har jo ein signaturmodell og for meg er den vanskeleg å prise, seier den svært klokkeinteresserte 26-åringen.
Nadal og Thingnes Bø
Før han tok juleferie ville ikkje stryningen kommentere avtalen med luksusklokkeprodusenten.
No fortel han at han sjølv tok kontakt med selskapet etter eit besøk i New York i fjor.
– Eg sendte e-post til marknadssjefen og tenkte det var ein «long shot» fordi merket er så stort, men han hadde fått med seg at eg hadde gjort det bra. Då han ville ha med meg i stallen hoppa eg i taket. Det er eit sterkt signal at dei vil etablere seg med meg og skiskyting. Det er eit merke som har avtale med få utøvarar, seier Thingnes Bø.
Den kanskje største utøvaren som har avtale med selskapet er tennisstjerna Rafael Nadal. Også fleire store fotballnamn, som Didier Drogba, er i stallen.
– Går på instinkt
Sjølv om Thingnes Bø ikkje vil gå ut med verdien på avtalen, er det liten tvil om at han frontar eit stort luksussymbol.
Men ei puls- eller GPS-klokke er det ikkje. Dei aller fleste utøvarar brukar data frå pulsklokka til å måle prestasjon, men det føler ikkje Thingnes Bø at han treng.
Nordmannen har heller ikkje pulsmåling på trening.
– Eg er kanskje ein som går litt meir på instinkt. Eg tenker ikkje så masse på opningsfart. Eg går bare ut på maks, seier han.
Strategien gav han 16 verdscupsigrar i fjor. Stryningen trur rekordtalet gjorde det attraktivt for klokkeselskapet å inngå avtale.
Sa nei til Red Bull
Fleire andre norske og utanlandske selskap har inngått privatavtalar med Thingnes Bø i takt med suksessen.
Før vinteren signerte han med den tyske hanskeprodusenten Kinetixxx etter at utøvarane uttrykte misnøye med forbundssponsor Odlos hanskar.
Etter det NRK erfarer ville også Red Bull sponse stryningen med ein privatavtale for to år sidan.
Som enkeltavtale skal den ha vore den største han har fått tilbod om, men Norges Skiskyttarforbund oppfordra han til å avslå. I tillegg kompenserte dei med privatavtalar frå forbundets eigne hovudsponsorar.
NRK kjenner til at Norges Skiskyttarforbund frykta støy rundt ein avtale med Red Bull.
I både alpint og langrenn har sponsoravtalane med Henrik Kristoffersen og Petter Northug skapt konflikt.
Verken Thingnes Bø eller Norges Skiskyttarforbund vil kommentere når NRK spør dei om tilbodet frå energidrikk-produsenten.
Står over
Etter det NRK kjenner til har Thingnes Bø, som gjekk inn 4,5 millionar kroner bare i premiepengar førre sesong, over 10 større og mindre privatavtalar.
I januar er det truleg ingen av dei som får eksponering i skisporet. Thingnes Bø skal bli far og ventar på kona Heddas termin 18. januar.
Om mannen med millionklokka konkurrerer før VM i februar, er framleis usikkert.
– Det er det ingen som veit. Det er i alle fall drit kjedeleg å vente, men eg må bare vere tolmodig, seier ein lattermild Thingnes Bø på telefon med NRK.
PS! Sjå kvinnenes sprint frå Oberhof på NRK1 frå kl. 14.20 torsdag.