Det svarar til 4.446.500 kroner. I tillegg kjem sjølvsagt ein pen slump sponsorinntekter for den 25-årige stryningen.
– Er det så mykje? Det hadde eg ikkje trudd. Det er ein veldig høg sum, seier Thingnes Bø til NTB.
– Det har vore ein ekstraordinær sesong, og det er ikkje noko som skjer kvart år. Det har vore superkjekt, og det at det har gått så bra er så mykje viktigare enn pengane, held han fram.
Store beløp
For dei individuelle renna, mellom desse 16 sigrar, tek Thingnes Bø med seg svimlande 2,99 millionar kroner. 270.000 kroner (28.000 euro) er lønn for totalsigeren i verdscupen, og ytterlegare 386.000 kroner (40.000) kjem frå sigrar i alle distansecupane.
Stryningen får også med seg 438.000 kroner for å ha gått ei bråte renn i både den gule og raude leiartrøya. Og på toppen har han henta inn 367.000 kroner på ulike stafettar.
I reine premiepengar gir det den beste skiskyttarsesongen som nokon gong er gjort.
– Ja, det trur eg. Premiepengane vart skrudd opp før sesongen også, så det medverkar nok litt, kommenterer Thingnes Bø, som til samanlikning gjekk inn 237.250 euro i verdscupen førre sesong. Då er ikkje OL medrekna.
Styrer økonomien sjølv
Sjølv om han kan smile heile vegen til banken etter ein ekstrem vinter, prøver Thingnes Bø å ikkje tenkje for mykje på pengane.
– Det er jo teit å si at ein ikkje tenkjer på det, for det veit eg at alle utøvarar gjer. Men så er det sånn at nokre sesongar er du heldig og dreg inn mykje, medan det blir lite andre sesongar. Det er jo ikkje så lett å kontrollere kva for ei lønn vi har, så det er nesten slik at eg må vente til eg har lagt opp med å rekne ut kor mykje eg har tent i snitt per år, seier han.
Samtidig røper han at han ikkje har henta inn noko ekspertise for å hjelpe han å handtere det økonomiske.
– Nei, det er berre meg sjølv. Eg styrer skuta sjølv, både på utgifts- og inntektssida, smiler han.