I førre veke blei det kjent at Dennis Hauger tar steget opp frå Formel 3 til Formel 2, og held fram i det italienske storlaget Prema Racing og som junior i Red Bull-akademiet.
Fjorårets Formel 3-meister legg ikkje skjul på at han ønskjer å kjempe i toppen også i år.
– Eg har ambisjonar om å kjempe i toppen. Ein vil vise potensialet sitt, og eg køyrer sjølvsagt for å vinne.
Men overgangen frå Formel 3 til Formel 2 er ikkje nødvendigvis enkel, skal vi tru 18-åringen sjølv.
– Det er ein del skilnader. Du merkar fartsendringa ganske ekstremt, og det er også ein del meir teknologi å ta omsyn til.
Og det kan skape utfordringar for Hauger, som innrømmer at han har litt å jobbe med før sesongen startar 18. mars i Bahrain.
– Det er alltid ting å jobbe med, spesielt når ein går inn i ein ny serie som Formel 2. Det er mykje som må finjusterast, seier Hauger til NRK.
Hauger har allereie fått smake litt på korleis det er å køyre ein Formel 2-bil, og deltok i vintertestinga for Prema i desember.
Under et stort press
Nordmannen er klar på kva han kan bruke til sin fordel.
– Ein av mine største styrker er det mentale. Eg klarer å halde meg kald og roleg i stressande situasjonar, og er aggressiv når eg må i løpssituasjonar.
Haugers lag, Prema Racing, er samtidig blant de beste laga i Formel 2, og de to siste meistrane har køyrt for nettopp Prema. Førre sesong vann Oscar Piastri meisterskapen på første forsøk med laget, og Haugers manager, Harald Huysman, er klar på at det blir forventa mykje av Hauger.
– Sjølvsagt er det press. Di nærmare Formel 1 ein kjem, desto høgare blir presset på å prestere.
Huysman trur likevel Hauger har det som skal til for å handtere presset.
– Han er flink til å takle det. Det lærte han seg tidleg.
Tøff konkurranse blant Red Bull-førarane
I Formel 2 møter Hauger endå sterkare konkurranse enn han gjorde i Formel 3. Blant dei stadfesta førarane finn vi mange med erfaring frå Formel 2. Deriblant Haugers nye lagkamerat, indiske Jehan Daruvala, som er klar for sin tredje sesong i Formel 2.
– Eg får sjå om eg klarer å lure noko informasjon ut av han, ler Hauger.
Daruvala er i tillegg til å vere Haugers lagkamerat i Prema, også ein del av Red Bulls førarakademi. I tillegg til Hauger og Daruvala, er også Red Bull-førarane Liam Lawson, Jüri Vips og Ayumu Iwasa ein del av årets Formel 2-felt.
Det gjer det ekstra viktig for Hauger å levere, spesielt med tanke på eit framtidig sete i Formel 1.
– Lawson og Vips er nok dei to han må slå for å få ein plass i eit Formel 1-lag etter kvart, slår Huysman fast.
Det er Viaplay-kommentator Atle Gulbrandsen helt einig i.
– Dei tøffaste konkurrentane til Dennis, slik eg ser det, er dei andre Red Bull-juniorane. Det er viktig at han er på nivå med dei, og helst betre.
Og skulle det skje, har Gulbrandsen trua på at Hauger blir første nordmann i Formel 1.
– Eg trur Dennis Hauger har det som skal til. Det er ikkje alltid det opnar seg opp moglegheiter, men eg trur Dennis er på rett stad til rett tid.