– Ein vert ikkje rask av å trena lett. Eg forventa ikkje at det skulle vera lett, seier Jessica Diggins til NRK, midtvegs i ei rulleskiøkt under samlinga med dei norske skijentene på Svarstad.
8. januar, 2016, Toblach: Amerikanske Jessica Diggins har gått eit kjempeløp på fem kilometer friteknikk. Ho står spent i målområdet og ser at Therese Johaug, Ragnhild Haga og Ingvild Flugstad Østberg alle kjem for seint til å slå tida hennar.
Siste norske i løypa er Heidi Weng, men ho kjem i mål 0,9 sekund bak Diggins.
Diggins sig ned på kne og forstår knapt at det er sant, ho har slått dei norske jentene i eit distanserenn og for første gong får ho ta steget opp på pallen. Heilt øvst. Ingen andre klarte det førre sesong.
- Les også:
Tok kontakt under Tour of Canada
Vi skrur tida tilbake til i dag. Diggins er på plass i Norge og er på landslagssamling med dei norske skijentene for å bli endå betre.
– Eg snakka med Egil Kristiansen under Tour of Canada, om dei hadde plass til å ha meg med på samling. Eg sa at han var trenar for dei beste skijentene i verda, og at dei nok ikkje kom til å læra mykje frå meg, men at eg kom til å ta med meg ei god innstilling og godt humør, seier 24-åringen smilande.
At den kanskje størst konkurrenten deira for den kommande VM-sesongen er med på samling, tar den norske landslagssjefen med knusande ro.
– Vi må ta litt ansvar for å gjera skisporten meir internasjonal og så får vi akseptera om ho slår oss i vinter, seier landslagssjef for skijentene, Roar Hjelmeset.
Total norsk dominans
Førre sesong dominerte dei norske skijentene totalt og vann det som kunne vinnast. Det har ført til restriksjonar på kor mange norske løparar som får gå i verdscupen, allereie for kommande sesong. Dei norske skijentene vil gjerne ha tøffare konkurranse.
– Det er viktig for breidda i internasjonal langrenn. Vi er avhengig av at amerikanarane, tyskarane, italienarane osb. går fort. Om berre nordmenn, svenskar og finnar bryr seg om langrenn, er det farleg for sporten, seier Therese Johaug.
Ho får støtte av Ingvild Flugstad Østberg.
– Det er ingenting anna vi vil enn at dei andre jentene også skal gå fort på ski, seier ho.
Diggins har allereie fått nokre dagar på samling med dei norske jentene, og ein hemmelegheit har ho alt klart å plukka opp.
– Brunost, det er så godt, seier Diggins smilande.