Men det kunne sett annleis ut om dommaren hadde gitt Brasil straffe eit kvarter før slutt. Gabriel Jesus blei felt, men dommar Cesar Ramos avviste protestane. Han konsulterte ikkje VAR-dommarane heller.
– For meg er det straffe. Han blir halden lenge nok, sa Lise Klaveness. – Han hjelpte nok litt til sjølv, det er kanskje det som er grunnen, sa Klaveness.
Brasil viste gulltakter i heile første omgang mot Sveits. Så glapp det i den andre, og det blei 1-1.
– Eg er ikkje nøgd med resultatet. Vi hadde 20 sjansar, men avslutningane var altfor dårlege, sa Brasil-trenar Tite.
Det Brasil gjorde før pause, svekka iallfall ikkje favorittstempelet for laget som har vunne VM fem gonger, og som har vunne alle sine opningskampar i VM sidan 1982.
Det tok mindre enn 20 minutt, så viste Brasil kvifor dei er i Russland. Philippe Coutinho fekk ballen i returrommet og etter ein perfekt touch klistra han ballen i mål via stanga.
Sjå superscoringa her:
– Det kan ikkje gjerast betre, sa LSKs landslagsspiss Guro Reiten i NRKs studio.
– Brasil skifter posisjonar og angrip frå fleire kantar på ein gong. Derfor får Coutinho tid til så skyte fordi sveitsarane som skal passe på han, er på jobb ein annan stad, sa NRKs Lise Klaveness.
Scoringa var Coutinhos 11 på landslaget. Fem av dei har kome frå utanfor feltet.
Brasil skapte mest, men Sveits la seg ikkje akkurat ned. Likevel makta dei sjeldan å kome til skikkelege avslutningar. Det gjekk for sakte, og Brasils midtforsvar hadde aldri problem. Brasils keeper hadde ingen travel første omgang.
– Sjølvtilliten har dei fått tilbake etter VM for fire år sidan, sa Carl-Erik Torp i NRKs studio på Kontraskjæret i Oslo i pausen.
Utlikning
Sveits gjekk til verket utan respekt etter pause, og fekk betalt etter berre fem minutt. Xherdan Shaqiris hjørnespark sat rett på skallen til ein nokså umarkert Steven Zuber, som sette ballen over keeper Alisson, og 1–1.Brasils forsvarsspelar Miranda blei dytta, men ikkje verre enn at dommaren godkjende målet.
– Målet til Sveits burde ikkje vore godkjent, sa Coutinho i det offisielle Fifa-intervjuet etter kampen.
– Men no gjekk det som det gjekk, og vi må sjå fram mot neste kamp. Dette laget har ein sterk mentalitet, la han til.
– Eg blei dytta, og det hadde dommaren sett om han hadde sett videoen, sa Miranda sjølv.
Og derfrå var det slutt på Brasils dominans. Sveits var i høgaste grad med i kampen, og Brasil sleit fælt med å skape sjansar.
Var det straffe?
Før det nærma seg slutten, og straffesituasjonen.
Og så kom Brasil tilbake i dei siste minutta. To minutt før full tid var Neymar så nær så nær. Og på fem overtidsminutt suste ballen rundt det sveitsiske buret og keeper Yann Sommer. Fem minutt på overtid tok Neymar frispark som nærmast dansa på streken før den blei avklart.
Men Sveits heldt unna til eit overraskande poeng. Og Brasil blei snytt for sigeren for første opningskamp sidan 1–1 mot Sverige i 1978.
– Her er det berre små justeringar som skal til, så blir dette heilt utruleg bra, sa Torp etter kampen.
Brasils storstjerne Neymar blei tatt hardt og ofte. Ifølgje statistikkstaden Opta-Joe fekk han 10 frispark. Det er det meste ein spelar har fått i ein kamp sidan Alan Shearers 11 mot Tunisia for 20 år sidan.
Brasil går opp i ledelsen
Brasil går opp i ledelsen
0:16Sveits utligner
0:51Sjanse til Brasil
0:37Ny sjanse til Brasil
0:38Neymar får en sjanse
0:24Miranda får sjanse fra corner
0:09Neymar får frispark
0:17Straffesituasjonen til Brasil
0:23