I den konkurransen for fire år sidan var pallen slik: 1. Casper Stornes, 2. Kristian Blummenfelt og 3. Gustav Iden.
Den sigeren skulle bli gjennombrotet for Stornes. I staden byrja han å slite med vekta.
– I 2019 gjekk eg mykje ned i vekt. Eg sleit. Det var mykje reising og tidsforskyving, og eg trur berre at kroppen var generelt i ubalanse, fortel Stornes til NRK.
Det skulle vise seg å bli éin ting av ein lang, lang rekke av problem i åra som følgde.
– Eg har vore ganske uheldig, seier han.
Laurdag vart han nummer 20 i EM, men verst var inngangen til årets meisterskap.
Våtdrakt-blemme og kneskade
Siste halvdel av 2019-sesongen, var ein god sesong for Stornes. Det er lenge sidan han har kjend på den kjensla.
Vinteren 2020 fekk han problem med akilles, og då tida gjekk mot sesongstart, kom korona.
– Då blei det ikkje så mykje å konkurrere i, fortel han.
ULYKKESFUGL: Casper Stornes. Her frå Olympiaparken i München.
Foto: Even Bjøringsøy / NRKI VM i Hamburg i 2021 gjekk ikkje våtdrakta opp, og han mista førstegruppa.
I slutten av 2021-sesongen, fekk han ein overbelastning i kneet, og gjekk tre månadar utan springing.
– Då var det berre å kare saman det eg klarte mot OL i Tokyo. Eg kom i ganske grei form, men eg følte ikkje at eg trefte heilt på dagen. Hadde eg ikkje hatt den kneskaden den vinteren, så ville eg nok hatt større føresetnadar for å gjere det betre, seier Stornes strengt.
Han hamna som nummer elleve i OL.
– Det plagar meg framleis den dag i dag, seier han.
TUNGT: Casper Stornes på veg mot målgang i EM.
Foto: Even Bjøringsøy / NRKSlåsting og krasj i murvegg
Denne sesongen starta på verst tenkeleg vis. Ved inngangen til årets første europacup i Quarteira blei Stornes plaga av sjukdom og måtte stå over. Heldigvis fekk han reise til Sierra på høgdeleir, for å førebu seg til neste konkurranse.
Forma kom tilbake, men den skulle ikkje halde lenge.
– Eg og ein lagkamerat hadde litt uskyldig leikeslåsting på kanten før ei symjeøkt, og då fekk eg ein olboge rett i ribbeinet. Det blei vondare og vondare, og eg skjønte at eg hadde bresta det, fortel han.
Dermed måtte han stå over konkurransen i japanske Yokohama.
– Eg hadde ikkje sjanse til å stille til start, fortel han.
Dermed blei Arzachena i slutten av mai hans første konkurranse for sesongen, men også der skulle han kjenne på ulykka.
– På siste runde på sykkelen, krasja eg i ein utforbakke, køyrde rett i ein murvegg og brakk armen. Det har ikkje vore ein knirkefri sesong for min del, det har vore rimeleg stong ut, fortel Stornes og legg til:
– Det har vore rimeleg kjipt.
GIPS: Casper Stornes frå sjukehuset i mai.
Foto: PRIVATHan kom derifrå med ein brekt arm, ein liten skade på lunga og nokre skrubbsår.
– Korleis klarer du å motivere deg til å halde fram?
– Det har vore tøft, men eg veit kvar eg har vore. Når slike ting skjer, så har eg to, tre dagar der eg synest synd på meg sjølv. Men det er lett å motivere seg, eg har ein ganske stor indre drive, seier han.
Han brukar minnet som motivasjon.
– I år har eg aldri trent så bra før, eg hadde ein veldig bra vinter. Målet er å kome tilbake dit, fortel han.
SER FRAMOVER: Blikket er retta mot OL i Paris.
Foto: Even Bjøringsøy / NRKBrakk armen for ti veker sidan
Laurdag sprang han inn til ein skuffande 20.-plass i Olympiaparken i München. Før start erkjende han at han ikkje har like stor sjølvtillit for tida.
– Eg hadde nok hatt mykje meir tru på at eg kunne vinne her, om sesongen hadde gått knirkefritt.
Hadde Stornes vore i god, gammalt slag, ville han blitt rekna som ein av storfavorittane til gullet. OL-vinnar Kristian Blummenfelt og Gustav Iden deltek ikkje på grunn av Ironman.
– Når byrja du å trene igjen etter krasjen?
– Eg var i bassenget tre veker etter operasjonen, men då kunne eg berre symje med knyttneven. Det var ganske vondt, seier han.
Stornes har fått trena skikkeleg dei seks siste vekene, og kjente seg trygg på at han skulle takle syklinga og springinga greitt.
Men symjinga gav han hovudbry.
– Verst er nok symjinga. Det er der eg føler det krev mest for å kome tilbake igjen. Eg er ikkje i same form som eg var før eg bresta ribbeinet. Då var eg i veldig god form, fortel han.
Framleis ung
Sportssjef Arild Tveiten erkjenner at han berre var fornøgd med at Stornes stilte til start.
– Han er normalt sett ein av favorittane til medalje her, men så fekk han den alvorlege skaden i mai. Vi er eigentleg berre glade for at han har komme tilbake dit han er.
HAR TRUA: Sportssjef Arild Tveiten.
Foto: Even Bjøringsøy / NRKSjølv kallar han eleven sin både uheldig og tykkjer han har hatt litt flaks.
– Eg likar ikkje å bruke ordet flaks, men han var litt heldig at det var han som fekk den første sigeren av dei norske. Etter det, så har både Kristian og Gustav tatt eit steg vidare. Casper har vore litt meir variabel. Litt opp og litt ned, men han har hatt ein god utvikling han også.
Likevel understrekar sportssjefen at det er snakk om marginar.
– Når alle er på trening og presterer bra, er det veldig vanskeleg å sjå forskjellen. Det er litt tilfeldig at det er som det er, seier han.
Tveiten forstår at eleven framleis er motivert, til trass for dei tallause hendingane dei to siste åra.
– Han veit jo at det han har gjort på trening har vore oppe med Kristian, og han var definitivt betre enn Gustav inn mot OL. Men det er små marginar og han har kanskje vore veldig uheldig med alt som har skjedd, seier Tveiten.
Han held fram:
– Han er framleis ung. Han er 25 år og har mange år igjen. Det kjem til å bli bra.
Søndag klokka 18.00 er det blanda stafett på triatlon, og det kan du sjå her.