Hopp til innhold

Kritisk til transpersonars deltaking: – Vanskeleg å godta

Transpersonar får delta i kvinneklassen i triatlonkonkurransar framover. Det vekkjer reaksjonar hos stornasjon, som får støtte av norske utøvarar.

Lotte Miller

KRITISK: Lotte Miller er kritisk til at transpersonar skal få delta i kvinneklassen.

Foto: Even Bjøringsøy / NRK

Det er vanskeleg å godta, seier den norske landslagsutøvaren Lotte Miller til NRK.

Det internasjonale triatlonforbundet (ITU) opplyste nyleg at dei vil tillate transpersonar å konkurrere i kvinneklassar, frå og med 2. september.

Det får det norske triatlonmiljøet til å reagere.

– Det kom som eit sjokk på oss. Eg er mest oppteken av rettferd overfor damene, og eg har vanskeleg å sjå føre meg at det blir hundre prosent riktig og rettferdig konkurranse, seier sportssjef i Norges Triatlonforbund, Arild Tveiten, til NRK.

Han held fram:

Jentene på laget har ei klar oppfatning om at det kan opne for urettferdige konkurransar og at det kan gå utover dei.

Den påstanden blir stadfesta av Miller, som meiner heile situasjonen er vanskeleg.

Det er det at vi alle skal konkurrere på like vilkår. Eg respekterer alle menneske, men eg respekterer også konkurrentane mine og idretten eg er ein del av. Vi fortener at alle står på lik linje på startstreken, seier ho.

Triatlon

KONKURRERER: Det norske landslaget er for tida i München der dei deltek i EM.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Sende brev

Vedtaket, som 15 av 17 medlemmer i Det internasjonale forbundet stemde for, har vorte møtt med motstand frå fleire hald.

Det britiske triatlonforbundet, med ITUs visepresident Ian Howard i spissen, var éin av to som var usamd i avgjerda om å opne for transpersonar.

Saman med Howard, stemde også president for utøvarkomiteen, Tamas Toth, imot forslaget.

Dei to meiner at avgjerda har fått dårleg respons frå fleire utøvarar. Sportssjef Tveiten hevdar også at fleire utøvarar er imot vedtaket.

Alle internasjonale utøvarar har gitt uttrykk for at dei ikkje synest at det er rett veg å gå, seier sportssjef Tveiten.

Arild Tveiten

DEBATT: – Vi veit nok at forbundet har gjort ein god jobb i dei vurderingane dei har gjort, men eg veit at utøvarane er veldig imot det, seier Arild Tveiten.

Foto: Even Bjøringsøy / NRK

Misnøya blant utøvarane vart brukt som argument då Det britiske triatlonforbundet sende ut eit brev til fleire forbund – som også Noreg fekk.

– Dei var ikkje samde i prosessen. Dei meinte det var lytta for lite til utøvarane, seier Anette Brurås, president i Norges Triatlonforbund, til NRK.

– Kva stilling har de teke til det?

Vi er avventande og vil løpande vurdere utviklinga rundt dette temaet. Det er viktig å ikkje ta nokon forhasta avgjersler rundt dette temaet. Det er komplekse problemstillingar, svarer ho.

Avgjersla inneber at transpersonar som vil konkurrere i kvinneklassen, må dokumentere eit testosteronnivå på under 2,5 nanomol per liter i ein periode på minst to år. I tillegg må det ha gått minst fire år sidan eit stemne i ein herre- eller guteklasse uansett idrett.

Ifølgje Helsebiblioteket.no er normalt testosteronnivå 0,4 til 2,0 nanomol per liter hos kvinner.

– Det er jo ein vanskeleg balanse mellom rettferd og inkludering. Triatlonforbundet er veldig oppteke av inkludering. Dei har like premiepengar, like distansar og så vidare. Derfor trur eg dei har falle ned på inkludering, seier Brurås.

Les også: Spydde og ble satt i rullestol etter Norges første gull på ni år: – Gravde virkelig dypt

Gulljubel
Gulljubel

– Overraska

Triatlonforbundet er eit av dei første forbunda som opnar for transpersonars deltaking i kvinneklassen.

Då vedtaket vart kjent uttalte ITU-president Marisol Casado at «dei prioriterer rettferdsprinsippet, men viser også at dei er inkluderande».

Tveiten meiner avgjerda er overraskande og prematurt, samtidig som han innrømmer at han har sett seg for lite inn i saka

Eg må jo seie at eg er overraska over at det kom såpass fort i triatlon. Vi var eigentleg dei første. Vi har aldri opplevd denne diskusjonen på eit internasjonalt toppnivå før. Eg synest kanskje det er litt prematurt, seier sportssjefen før han held fram:

Ein burde kanskje ha late nokre av dei andre forbunda, som har meir erfaring og fleire utøvarar, vere litt i forkant.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå det Det internasjonale triatlonforbundet (ITU) på kommentarane til Tveiten, førebels utan å lykkast.

Les også: Her blir den norske verdensmesteren plutselig kjendis på Taiwan

Caps Gustav Iden
Caps Gustav Iden

Siste nytt

  • Russarar får bokse igjen

    Det internasjonale bokseforbundet (IBA) kunngjer at russiske og belarusiske boksarar kan få byrje å gå boksekampar igjen.

    – IBA-styret stemde for å oppheve den tidlegare avgjerda si og la boksarar frå Russland og Belarus konkurrere på IBA-arrangement. IBA er overtydd om at politikk ikkje bør ha nokon innverknad på sport. Derfor bør alle utøvarar givast likt moglegheiter, skriv IBA i ei pressemelding.

    Russiske og belarusiske boksarar har vore utestengde frå alle IBA-arrangement sidan Russlands invasjon av Ukraina.

    Styreleiar i IBA er russaren Umar Kremlev, som vart attvalt i september.

    Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har fleire gonger uttrykt uro for måten IBA har vore styrt på av Kremlev. Det internasjonale bokseforbundet får mellom anna ikkje arrangere bokseturneringa under OL i Paris i 2024. Den jobben skal skjøttast av ein uavhengig IOC-utnemnd arbeidsgruppe.

    Umar Kremlev
    Foto: Alexander Zemlianichenko / AP
  • Klubbeigarar går etter overgrepsskandalen i USA

    Merritt Paulson og Arnim Whisler trer til side frå Portland Thorns og Chicago Red Stars etter rapporten om systematisk misbruk i kvinnefotballen i USA.

    – Eg kan ikkje be om orsaking nok for vår rolle i grov systemisk svikt i å beskytte spelarane sin tryggleik, og feiltrinna vi gjorde i 2015. Eg beklagar verkeleg, sa Paulson i ei utsegn der han annonserte sin avgang som beslutningstakar i Thorns.

    Toppleiarane Gavin Wilkinson og Mike Golub vil også tre til side, fortalde han.

    Kort tid etter kunngjeringa sa Arnim Whisler, eigaren av Chicago Red Stars, at han trekkjer seg frå styret og overlèt den operative kontrollen av klubben til deira leiarteam i Chicago.

    Både Paulson og Whisler blei namngitte i rapporten om systematisk misbruk.

    – Eg er djupt lei meg for det spelarane våre opplevde under tida dei budde i Chicago, sa Whisler.

    Merritt Paulson
    Foto: Bruce Ely / AP
  • Landslagstrenar dømd til 109 års fengsel

    Brasils tidlegare landslagstrenar i turn, Fernando de Carvalho Lopes er dømd til fengsel i 109 år og åtte månader for valdtekt mot fire utøvarar. Ein av utøvarane var berre 13 år, skriv nettavisa Globo Esporte.

    Han nektar straffeskuld, og vil anke saka.

    Lopes var trenar for landslaget i 20 år, men blei fjerna like før OL i Rio i 2016, etter klage frå foreldra til 13-åringen..

    Det førte til etterforsking, og han blei i 2019 utestengd frå all turn-relatert aktivitet for livstid.

    Han kan få fleire rettssaker mot seg. For fire år sidan fortalde rundt 40 utøvarar at dei hadde vore utsett for psykisk, fysisk og seksuell trakassering av trenaren.

    Lopes er ikkje den første turntoppen som får lang fengselstraff. I 2018 blei landslagslege Larry Nasser dømd for overgrep mot 265 utøvarar, dei fleste mindreårige.

    Fernando de Carvalho Lopes
    Foto: Eraldo Peres / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste