Hopp til innhold

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

samling

BAD-SELFIE: Ingrid Landmark Tandrevold etter eit forfriskande bad saman med Ragnhild Femsteinevik (t.v.), Maren Hjelmeset Kirkeeide og Juni Arnekleiv. I sommar testa dei også ut dødsing.

Foto: Privat

Treningssamlingane til toppidrettsutøvarane skal legge grunnlaget for sesongen som kjem. For skiskyttarane betyr det i år mellom 70 og 100 dagar på reise berre frå midten av juni til midten av november.

– Om ein reknar med verdscupen, høgdesamling i jula og alt, så har eg funne ut at det blir 238 døgn på reise i år. Det er mykje meir enn eg trudde, og sånn har det jo vore i fleire år, fortel Ingrid Landmark Tandrevold.

Og etter mange sesongar på landslaget, veit 29-åringen kva så mykje reising inneber. Når NRK snakkar med ho er dei rundt halvvegs i den siste av tre høgdesamlingar før den viktige OL-sesongen.

– Eg saknar jo mannen min, da. Vi er ekstremt mykje borte frå familien heime, fastslår ho på telefon frå italienske Lavazè.

samlingsamlingsamling

Skiskytterkvinnene dokumenterer både treningsturer og ting fra fritiden.

Foto: Tandrevold/Arnekleiv

Men når utøvarane er så mykje saman, ser dei også på kvarandre som familie, forklarer Tandrevold, og får støtte av landslagsvenninne Juni Arnekleiv.

– Eg er jo her med mine beste venner, så eg kosar meg veldig, sjølvsagt, seier Arnekleiv.

– Det er jo veldig hyggeleg, så ein er jo veldig heldig, meiner Tandrevold.

For sjølv om dei stort sett har to tøffe treningsøkter om dagen, og mykje er prega av toppidrett-rutinar for å gjere det best mogleg, er utøvarane flinke til å finne på ting for å unngå den såkalla brakkesjuken.

Fokuset på treninga blir berre enda betre om du klarer å tenke på andre ting mellom øktene. Så det finst ikkje nokon useriøse økter på damelaget, konkluderer Arnekleiv.

Sjå den hysteriske parodien til landslaget

For eksempel da Arnekleiv nyleg delte ein video på Instagram der kvinnene parodierte stilen til mennene på rulleski.

– Eg må seie han blei mottatt eksemplarisk godt av gutane. Dei synest vi trefte bra, og sjølv trenarane kunne kjenne igjen utøvarane, så vi bomma ikkje heilt. Men det er klart at vi ventar på at det skal komme noko tilbake, og det er vi klare for å ta imot, seier Tandrevold.

– Vi får heilt sikkert smake vår eigen medisin etter kvart, men det må vi berre tole, meiner Arnekleiv.

Fleire av landslagsherrane, og ei rekke andre skiskyttarar har kommentert på videoen.

– Dei anar ikkje kva dei har starta, skriv Vetle Sjåstad Christiansen.

Og kommentarane sit tydelegvis laust også rundt middagsbordet på samlingane.

– Eg kjenner det er takhøgde for å tulle, og det er lov at ikkje alt skal vere så alvorleg. Det trur eg er heilt avgjerande. Vi er eit lag med tolv utøvarar, trenarar, fysio på tur heile tida, og vi begynner å kjenne kvarandre ganske godt. Så ja, det blir slengt litt rundt bordet, og det går alle vegar, avslører Tandrevold lattermildt.

Eg er ganske sikker på at dei trivst godt på samling med oss. Den førre samlinga ser eg for meg at var litt kjedeleg, da det berre var gutane. Det er gøy med litt småerting, seier Arnekleiv.

  • Søndag snikopnar skiskyttarane sesongen med rulleskirennet Loop One i Olympiaparken i München. Rennet ser du på NRK1 kl. 17.30.
fasade hotell

FAST STAD: Skiskyttarane bur på same stad kvar gong dei er i Lavazè.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Hekle-hobby på tur

Handarbeid er ein annan ting kvinnene gjerne bruker fritida si på – både hekling og strikking. Tandrevold har til og med hatt med eiga symaskin som handbagasje på reise.

– I utstyrsbilen har vi ei kasse med ulike spel og puslespel, så vi burde eigentleg hatt ei strikkekasse òg. For det er ikkje det mest praktiske å reise fram og tilbake med, men det spørst om Per Arne (Botnan, sportssjef) hadde vore så fornøgd om vi meinte bilen skulle fyllast opp med garn, strikkepinnar og symaskin, seier skiskyttarprofilen.

HEKLEMEISTER: Tandrevold viser fram ein imponerande kolleksjon.

– Korleis er det med konkurranseinstinktet når det er spelkveld?

Vi er jo konkurransemenneske, men det er ikkje så viktig å vinne bondebridge, liksom. Det hadde vore litt slitsamt om det også blei ein konkurranse, forklarer Tandrevold.

samling

DOKUMENTERT: – Det er mange handarbeidsprosjekt som blir laga undervegs, fortel Tandrevold.

Foto: Privat

Dei siste laurdagane har det også vore felles TV-kveld med «Skal vi danse» for å heie på tidlegare lagvenninne Tiril Eckhoff.

– Eg er superimponert, og å danse sånn direkte på TV... Wow. Eg veit ikkje om eg hadde tort det sjølv, rosar Tandrevold.

samling

FELLESSKAP: Skiskyttarkvinnene samla med strikketøyet framfor «Skal vi danse».

Foto: Privat

Energi frå Taylor Swift

Den siste tre veker lange samlinga har også vore prega av eitt spesielt musikalsk innslag, nemleg Taylor Swift sitt nye album. Dei som følger Tandrevold i sosiale medium, har kanskje fått med seg at ho er ein «swiftie».

– Dei andre er verkelege på glid, fortel ho.

Tandrevold trur også det kan bidra positivt når det gjeld det sportslege. For alle vintersportsutøvarar veit at sesongstarten nærmar seg med stormsteg, og at kampen om OL-plassane er tøff.

Det albumet kom heilt perfekt tidsmessig. Eg kjenner at eg skal dra med meg den energien inn i ny sesong. Eg blir veldig påverka av musikk. Og det å kunne sette på akkurat den musikken før start, det er akkurat det eg treng.

samling

TEIKNETALENT: Under samlinga i Anterselva tidlegare i år blei teikning ein ny hobby. Her poserer Ragnhild Femsteinevik (t.v.) og Juni Arnekleiv med kunstverka.

Foto: Privat

Mot slutten av samtalen kjem Tandrevold på enda ein ting ho alltid gjer på samling:

– Eg liker veldig godt å høyre på Nitimen. På torsdagar har dei «Mathistorisk torsdag» som eg får med meg. Og så kan eg fortelje dei andre om «Kvifor er vanilje så dyrt?». Eg har jo fylt 29 år, så eg har bytt frå P3 til P1, seier ho og ler.

Sportsnyheter

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Hushovd skaka etter norsk sykkelbragd: – Heilt ellevilt!

Uno-X er klare for det øvste nivået i sykkelsporten. Duellen mot franske Cofidis utvikla seg til å bli svært nervepirrande.

Prins Daniel og Casper Ruud

Ruud suveren i Stockholm: – Beklager

Først beklaget Casper Ruud til motstanderen, så sendte han en hilsen til kronprinsparet.

Siste nytt

  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Isak Frey toer i showrenn foran 18.000 tilskuere

    Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.

    Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.

    I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.

    Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.

    (NTB)

    en mann med hjelm og hockeykølle
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal