– Heilt ellevilt er dette! seier lagsjef Thor Hushovd til NRK.
Sakarias Koller Løland har akkurat sykla inn til sin fyrste proffsiger – og sikra at Uno-X får innpass i alle dei største sykkelritta i verda neste sesong.
Det blei klart etter ein heseblesande poengduell mot franske Cofidis som blei avslutta i Frankrike og Italia, søndag.
PROFFSIGER: Sakarias Koller Løland tok sin første proffsiger då han vann Veneto Classic søndag. Her i lag med Johannes Kulset under NM i sykkel 2025, Hønefoss.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Det er ikkje mogleg å avgjere det på noko betre måte, legg Hushovd til.
Framfor Veneto Classic – det avgjerande rittet – leidde det norske laget med 208 poeng etter ein dramatisk sykkeldag.
– Dagen har vore som ein berg-og-dal-bane. Eg har vore veldig nervøs, seier Hushovd.
Cofidis sette sin lit til Dylan Theuns, men belgiaren var nøydd å vinne i håp om å hente inn forspranget til det norske laget. Det makta han ikkje, og dermed kunne Uno-X og norske sykkelfans sleppe jubelen laus:
– Få hadde trudd dette var mogleg med ein ryttarbase med berre nordmenn og danskar. Eg er mektig imponert, spesielt av sesongen i år der dei har hanka inn godt over 10 000 poeng, seier NRKs sykkelekspert Sondre Gjerdevik Sørtveit til NRK etter at opprykket var eit faktum.
Han held fram:
– Det er heilt vilt!
– Eg har tenkt at det skulle vere mogleg heile tida, men om det ikkje var sannsynleg, så har vi jo prestert betre dei siste tre åra enn eg hadde venta, seier Alexander Kristoff til NRK.
VERDIFULLT BIDRAG: Signeringa av Alexander Kristoff er ein viktig faktor for at Uno-X har etablert seg i toppen av laga på nivå to. Neste år blir det opprykk til verdstouren, men 38-åringen har alt bestemt seg for å legge opp.
Foto: NTBStolt Kristoff takkar av
For det norske profflaget har Tobias Halland Johannessen, Jonas Abrahamsen og Søren Wærenskjold køyrt inn flest poeng i inneverande sesong.
Eit strategisk viktig grep var likevel å hente heim Alexander Kristoff frå Intermarché Wanty framfor 2023-sesongen.
38-åringen bidrog med 12 triumfar for Uno-X og blir ståande på 98 totalt sett når han legg opp etter denne sesongen. Erfaringa og profesjonaliteten hans har i tillegg bidratt til å heve konseptet dei siste stega inn til WorldTour-plass for dei neste tre sesongane.
STORE STEG: Jonas Abrahamsen blei historisk da han vann den første etappesigeren for Uno-X i Tour de France denne sommaren. Neste år er det norske laget sjølvskrivne i det franske etapperittet.
Foto: AFPHan lovar nå å følge dei framtidige norske proffsigrane trygt plassert frå sofaen heime på Vaulen i Stavanger.
– Det blir kult å ha eit norsk lag på øvste nivå. Eg gleder meg til å ha mange løp å følge med på med norsk deltaking, seier Kristoff.
– Ikkje aktuelt med comeback?
– Nei, eg har jo så vidt rokke å legge opp, svarer Kristoff eit glimt i auget.
Sykkelpresidenten jublar
Det blei enda meir nervepirrande enn mange sette pris på da resultata frå dei avgjerande ritta tikka inn frå søndag morgon.
– Frykteleg spennande. Eg likte ikkje at (Ion) Izagirre sopte inn 125 poeng, men kryssar fingrane for at det framleis held inn, sa sykkelpresident Heidi Stenbock-Haakestad til NRK etter at 36-åringen sikra 3.-plass i Japan Cup.
Les meir om dramaet i faktaboksen under:
Da dei endelege poengsummane blei talt opp, kunne ein endeleg sleppe jubelen laus.
– Kva betyr det å ha eit norsk lag innanfor verdstouren frå neste år?
– Å ha eit lag som er garantert plass i dei store TV-sende ritta, vil bety fokus på og eksponering av idretten vår. Det er viktig for å skape entusiasme og vil gjere oss meir attraktive. For ryttarutvikling er det også viktig at det finst eit norsk profflag på det høgaste nivået, som varetat utvikling etter norske standardar, seier Stenbock-Haakestad.
Satsinga må girast opp nokre hakk
Opprykket til verdstouren, og dermed også automatisk innpass til Tour de France, Giro d’Italia og La Vuelta, betyr også at satsinga med blir reint oppjustert økonomisk. Per i dag er Ole Robert Reitan styreleiar, og budsjettet blir i stor grad drifta frå sponsormidlane til Uno-X via Reitan Retail.
– Kommersielt får dei ein heilt annan pakke som kan bli presentert for potensielle sponsorar og samarbeidspartnarar, seier Sondre Sørtveit.
IMPONERT: Sondre Sørtveit meiner Uno-X opprykk er svært positivt for laget sportsleg sett.
– Kva betyr dette for laget reint sportsleg?
– Med WorldTour-lisens får dei ein ny tryggleik og føreseielegheit i planlegginga. Ryttarane får høve til å ta nye steg med enda fleire kvalitetsritt på øvste nivå. Laget blir enda meir attraktivt når dei skal tiltrekke seg nye ryttarar, påpeikar Sørtveit.
Han er klar på at det må nye investeringar til for å matche den nye rittkalenderen for Uno-X i den neste treårsperioden.
– Dei må gire opp enda eit hakk når det gjeld blant anna støtteapparat og planlegging, når dei må køyre fleire ritt enn tidlegare og ikkje lenger kan velje frå kalenderen på same måte som før. Å forplikte seg til å sykle tre Grand Tours neste år, kjem til å bli eit stort steg opp for laget, seier Sørtveit.