– Det er ganske fascinerande merkverdig at han alltid startar dårleg. Han er klar over det, og klarer ikkje gjere noko med det, seier Atle Grønn til NRK.
Sjølv om han står med ti VM-gull, og er uoffisiell verdsmeister i fischersjakk, har Carlsen ein lei tendens til å starte treigt. Det gjorde han også søndag, då han tapte det første partiet i VM i fischersjakk, som pågår no.
– Magnus sa etter fadesen i romjula at dette ikkje skulle gjenta seg, men så gjentar det seg likevel. Han er ein «slow startar», det ser vi tydeleg i dag, seier Grønn.
Nordmannen har hatt eit svært hektisk år, og har spela fleire sjakkturneringar enn på lenge. Han har òg hatt eventyrleg suksess, og mellom anna sett verdsrekord.
Stor forskjell
Men inga av turneringane har vore fischersjakk. Før VM sa Carlsen til NRK at han har spelt rundt 15 parti som trening før VM.
Det står i kontrast til semifinalemotstandar Fabiano Caruana, som nyleg har spelt to kampar i fischersjakk. Først feia han legenda Garry Kasparov av brettet, og i kvartfinalen i VM knuste han Hikaru Nakamura. Magnus Carlsen kom rett inn i semifinalen i VM, og har derfor ikkje spelt.
– Caruana har hatt mykje meir komplisert motstand, og har bevist at han er god. Magnus viste då han slo Nakamura i fjor at han kan vinne utan førebuingar. Sjølvtilliten frå kampen mot Nakamura har kanskje gjort han litt for «laid back» i byrjinga, seier Grønn.
Etter tap i første parti verka ikkje Carlsen veldig prega. I søndagens andre og siste parti slo han Caruana, og stillinga er 3–3 etter to parti av semifinalen.
– Kvar gong han startar ei ny turnering må han bli påminnet alvoret. Han treng å føle presset for å prestere maksimalt, eg trur det er det som slår inn. Det er pussig at han ikkje klarer å gjere noko med det. Caruana skjønner alvoret i første parti; han møter den beste spelaren i verda. Magnus møter verdas nest beste spelar, og det bør vere nok til at også han skjønner alvoret, seier Grønn.
– Sjokkerande
Sigeren søndag kveld skapte entusiasme på arenaen på Høvikodden i Bærum. Yasser Seirawan kommenterer VM for chess.com, og samanlikna Carlsen med dei store legendene etter at han slo tilbake.
– Dette er ein av dei største eigenskapane hans. Han slo tilbake med ein gong, og kom tilbake etter eit tap. Alle dei store i historia, som Karpov og Kasparov, har hatt den eigenskapen. Dette var ein utruleg siger, seier han.