Hopp til innhold

Carew feira Aston Villa med prinsen – Opprykket er verd to milliardar

John Carew jubla saman med britiske Prins William på tribunen, då Aston Villa vann 2–1 over Derby og sikra seg opprykk til Premier League neste sesong.

Championship Playoff Final - Aston Villa v Derby County

FANS: Tidlegare Villa-spelar John Carew jublar etter det første målet saman med Prins William som også er Villa-fan.

Foto: Ed Sykes / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Opprykket til øvste nivå i engelsk fotball har ein verdi på opp mot to milliardar kroner for Birmingham-klubben.

– Vi veit og følte presset. Denne klubben må vere i Premier League, og den fortener å vere der, seier målskårar Anwar El Ghazi til Sky Sports.

– Vi jobba så hardt. Vi var alle nervøse, men vi visste at vi hadde eit flott lag og måtte tru på kvarandre, fortel Villa-spiss Tammy Abraham til same kanal.

– Det følast veldig bra. For å vere ærleg, så er gutane ein fantastisk gjeng. Vi har to eigarar som har fått mykje pengar, og er inne for lang tid. Potensialet er no massivt, uttalar manager Dean Smith til Sky Sports.

Ingolf Olsen i den norske supporterklubben var sjølv og såg kampen på Wembley i den britiske hovudstaden måndag.

– Det er heilt sjuk stemning her. Skikkeleg stort å vere her og det er kjekt å vere tilbake i Premier League, seier 48-åringen som har vore Villa-supporter sidan 1977.

Championship Playoff Final - Aston Villa v Derby County

ENDELEG: Aston Villa sin manager Dean Smith løftar trofeet etter at opprykket endeleg var klart.

Foto: Tony O'brien / Reuters

– Eg har ikkje ord. Dette var ein så tøff kamp. Det betyr alt å rykke opp, for vi veit kor denne klubben høyrer heime. Eg har leia gutedraumen min til Premier League, sa kaptein Jack Grealish til Sky Sports etter kampen.

Nervepirrande sluttminutt

Åtte minutt før slutt skapte Derby ny spaning i kampen, då Jack Marriott fann ei opning og sett ballen hardt i mål og reduserte til 2–1.

Rett før pause sørga Anwar El Ghazi for 1–0 til Aston Villa etter eit perfekt innlegg ifrå Ahmed Elmohamady. Etter 59 minutt auka John McGinn til 2–0 etter ein stor tabbe av målvakt Kelle Roos.

Trass massivt press frå Derby i sluttminutta, enda kampen 2–1 til laget frå Birmingham.

Dermed er Ørjan Nyland frå Volda og resten av Aston Villa klar for Premier League neste sesong.

28-åringen ifrå Volda har rett nok vore skada sidan nyttår, og fekk ikkje spele den viktige opprykkskampen.

Championship Playoff Final - Aston Villa v Derby County

MÅL: Aston Villa sin Anwar El-Ghazi feirar etter det første målet mot Derby.

Foto: David Klein / Reuters

På tribunen sat mellom annan tidlegare Villa-spelar John Carew og den britiske prinsen William.

Dei to jubla ivrig saman då laget gjekk opp til 1–0. Den britiske prinsen er nemleg ihuga Villa-supporter.

Carew spela 113 kampar for Aston Villa og noterte seg 37 mål i perioden 2007 til 2011.

Etter dei nervepirrande sluttminutt kunne dei to Villa-supporterane endeleg sleppe smilet fram. Dei to stod med to store glis og klappa hyllande til laget som er tilbake i det gjævaste selskapet, tre år etter at dei rykka ned sist.

Verd to milliardar kroner

Det er ofte omtalt som «verdas mest lønnsame fotballkamp». Berre i lukrative TV-rettar sikra vinnaren seg ein milliard kroner.

Totalt er det snakk om at laget som rykker opp til det gjeve selskapet i Premier League kan sikre seg rundt to milliardar kroner i inntekter.

NORD IRLAND VM-KVALIFISERING

KLAR FOR OPPRYKK: Den norske landslagsmålvakta Ørjan Nyland er klar for Premier League med Aston Villa. Nyland har rett nok vore ute med skade sidan nyttår.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Faktisk er verdien meir enn det dobbelte av Liverpool sin meisterligadeltaking. Ifølgje fotballfinansbloggaren Swiss Ramble har Liverpool henta inn kring ein milliard kroner på meisterligaen i år i form av deltaking, TV-inntekter og prispengar.

Kamp mellom legender

Aston Villa og Derby kom på 5 og 6.-plass i årets Championship og slo ut Leeds og West Brom på veg til opprykksfinalen.

Aston Villa sette ny klubbrekord med ti sigrar på rad, då dei slo ut West Brom. Den førre rekorden var frå 1910.

Opprykksfinalen er også ein kamp mellom dei to Chelsea-legendene John Terry og Frank Lampard. Sistnemnde tok over som manager i Derby før denne sesongen, medan Terry er med som assistent for Villa-manager Dean Smith.

Frå før er Norwich og Sheffield United klare for Premier League. Rotherham, Bolten og Ipswich er laga som rykker ned frå øvste nivå i England.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Henrik Ingebrigtsen imponerte – slo egen bestetid

    Henrik Ingebrigtsen løp inn til personlig bestenotering på 5000 meter i belgiske Oordegem lørdag. Tiden var på 13.13,99.

    Hans tidligere personlige beste på distansen var 13:15,38.

    32-åringens prestasjon er imponerende etter en lang skadehistorikk over flere år. Ingebrigtsen løp også inn til solide 7.51,09 på 3000 meteren i Moelv forrige søndag.

    Narve Gilje Nordås imponerte også i belgiske Oordegem på 1500-meteren. 3.34,70 lød tiden.

    Pressekonferanse Bislett Games
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Aursnes og Benfica sikret seriegullet i Portugal

    Fredrik Aursnes og Benfica tok sitt 38. ligagull da de slo Santa Clara 3-0 lørdag. Tittelen var deres første siden 2019.

    Gonçalo Ramos og Rafa Silva sendte hjemmelaget i føringen før pause. I det 60. minutt fastsatte Alejandro Grimaldo sluttresultatet da han var sikker fra ellevemetersmerket.

    Fredrik Aursnes spilte hele kampen for Lisboa-laget. Nordmannen har notert seg for to mål og fem målgivende på 28 kamper denne sesongen og har vært en av de sentrale spillerne på veien mot seriegullet.

    Andreas Schjelderup satt også på benken for Benfica.

    Porto kunne ta igjen rødtrøyene hvis resultatene gikk deres vei lørdag. Men da Benfica vant sin kamp holdt det ikke med 3-0-seier over Vioria Guimarares og de blåkledde endte som nummer to.

    Braga har sikret seg tredjeplassen, mens Sporting endte som nummer fire.

    Pacos Ferreira og øylaget Santa Clara må belage seg på nedrykk. (NTB)

    Portugal Soccer Portuguese League
    Foto: Armando Franca / AP
  • Storspill fra Hovland

    Viktor Hovland storspilte på dag tre av PGA-turneringen i Texas. Etter en tung start på turneringen, slo han virkelig tilbake med seks birdier. Det ble også to bogeys på nordmannen, blant annet på nest siste hull, men han klatret likevel fra 29. til en delt 10.-plass da han var ferdig med nest siste runde.

    I skrivende stund er det argentinske Emiliano Grillo som leder, 10 under par. Den tredje runden er ikke ferdigspilt.

    Viktor Hovland
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste