Hopp til innhold

Gullaget til Glimt: Desse spelarane kan forsvinne før neste sesong

Fleire av Kjetil Knutsen sine menn har kort tid igjen av kontrakten. Prestasjonane etter årets sesong kan gjere det vanskeleg for trenaren å halde på dei store profilane.

Bodø/Glimt.

KJEMPEPRESTASJON: Philip Zinckernagel, Kasper Junker og Fredrik Bjørkan har levert varene i år.

Foto: Mats Torbergsen / NTB

Bodø/Glimt har dominert frå start til slutt i årets sesong. Søndag var gullet sikra, fem rundar før slutt.

Allereie no har Glimt:

  • Vunne ti kampar på rad.
  • Eit scoringssnitt på 3,4.
  • Scora 85 mål på 25 kampar. To mål frå å ta Rosenborg sin rekord frå 1997.

Hovudpersonane bak tala er sjølvsagt brennheite. Allereie midtvegs i sesongen måtte Glimt gi frå seg Jens Petter Hauge til AC Milan.

– Først og fremst må eg seie at det er ein utruleg hyggeleg situasjon. Det er kjempefint for klubben at ein har attraktive spelarar på bakgrunn av gode prestasjonar, seier sportsleg leiar i Bodø/Glimt, Aasmund Bjørkan, til NRK.

Så kor mange blir igjen når neste sesong står for tur? Her får du oversikta over dei som er på utgåande kontraktar, og som truleg er mest ettertrakta på marknaden:

Philip Zinckernagel:

Dansken som har teke norsk eliteserie med storm. Den målfarlege kantspelaren har scora 15 mål og levert 19 målgivande pasningar på 25 kampar. Det er sensasjonelle tal. Den tredje mestscorande spelaren så langt i Eliteserien.

Kontrakten til Zinckernagel går ut i desember. Enn så lenge har klubben venta med å sikre seg spelaren for neste år. I verste fall kan kantspelaren gå gratis i desember.

– Den ballen ligg litt hos Philip. Vi ynskjer å ha med han vidare, og det veit han. Men vi må forhalde oss til at han ikkje har skrevet ny kontrakt, seier Bjørkan.

– Vi har enda et håp om at han har lyst til å spele meisterliga med oss i 2021. Samtidig er vi klar over at det finst større klubber enn Bodø der ute.

Philip Zinckernagel.

UT 2020: Philip Zinckernagel har enno ikkje skrive ny kontrakt med Bodø/Glimt. Det vil vere eit tap for klubben.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Kasper Junker:

Danske Junker fekk det ikkje heilt til å stemme i Stabæk, men etter å ha teke turen til nord, har spissen verkeleg meldt seg på i kampen om toppscorartittelen.

– Det er gledeleg å sjå den utviklinga alle spelarane har hatt på laget vårt. Ingen kom hit som stjerner, ikkje ein, fortel Bjørkan.

Totalt har Junker scora 19 mål på 25 kampar, og gjeve åtte målgjevande pasningar. Berre Amahl Pellegrino i Kristiansund har scora meir (21).

Slike prestasjonar gjer ein attraktiv. Bodø/Glimt skal ha motteke fleire bod på spissen, men enn så lenge er dei avslått.

Ifølge agent Christian Bysted, var avtalen med Glimt at Junker skulle ta turen til nord, spele bra, score 20 mål, for så å bli seld vidare.

– No står han med 19. Det kan fort hende dei vil prøve å overtale han om det, seier Bysted humoristisk til NRK.

Agenten stadfestar at fleire lag har vist si interesse, og som framleis er interessert i å sikre seg han for neste år. Likevel skal det fleire partar til for at ei slik avtale går i orden.

– Kasper er fornøgd i Glimt, og foreløpig er han der. Ikkje for ein kvar pris, så kjem det noko av interesse, vil vi så klart vurdere det. Det er likevel for tidleg å seie, og det er ikkje berre opp til oss, seier Bysted.

Bodø/Glimt må også vere involvert i samtalane. Overgangsvindauget opnar om ein månad, og enn så lenge er Junker bunden til kontrakten ut 2022.

Kasper Junker scorer 1-0 mot Strømsgodset.

I KJEND STIL: Kasper Junker etter å ha dunka inn 1-0-scoringa mot Strømsgodset.

Foto: Fredrik Varfjell / Fredrik Varfjell

Fredrik André Bjørkan:

Glimt aksepterte eit bod på backen før sommarvindauget stengde. Det kom frå greske Olympiakos, og skal ha vore på eit tosifra tal millionar. Det skriv VG.

Men det blei ikkje nok tid til å sluttføre avtalen. Om det blir etter sesongen, er uvisst. Kontrakten til Bjørkan går ut i desember 2021.

Eitt mål og fire målgivande pasningar har han levert så langt denne sesongen.

Les også: Glimt-kontrast: Då Rosenborg tok sølv med 15 mål på 18 kampar

Patrick Berg:

Sonen til Ørjan Berg har verkeleg fått fart på karrieren. For berre to år sidan var Berg lei av å slite benken. No har han hatt ein formidabel sesong med fire mål frå sin midtbaneposisjon, og blei utteken på A-landslaget.

I likskap med lagkameraten Marius Lode blei han smitta av korona på landslagssamling, og måtte difor feire eliteseriegullet frå eit hotellrom i Oslo.

Kontrakten går ut i desember 2021.

– Patrick og Fredrik er lokale gutar som er glade i Glimt. Det er berre plussar at desse spelarane er attraktive for andre gode klubbar. Det er ikkje eit problem, om nokon av dei går, er det ei fantastisk historie, forklarar Bjørkan.

Patrick Berg og Fredrik Bjørkan.

JUBEL: Patrick Berg og Fredrik Bjørkan etter sigeren mot Vålerenga i september.

Foto: Mats Torbergsen

Marius Lode:

Ein bauta i forsvar, og som allereie tidleg i sesongen melde seg for alvor inn i kampen om årets mål. Lode leverte ein prosjektil av eit mål heime mot Kristiansund, og hans første mål i den gule trøya.

I november resulterte dei gode prestasjonane i uttak på A-landslaget.

Kontrakten til midtstopparen går ut i desember 2021.

– Marius er ein spelar som har hatt ein utruleg utvikling og framgang i Glimt. Han er ein vi er veldig glad i, og eg trur det er gjensidig, fortel Bjørkan.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal