Hopp til innhold

Glimt-kontrast: Då Rosenborg tok sølv med 15 mål på 18 kampar

Har du høyrt om George Curtis? I 1970 leia han eit Rosenborg-lag som tok medalje, men på ein heilt anna måte enn årets seriemeister.

George Curtis intervjua av NRKs Øivind Johnsen

FORSVARSORIENTERT: George Curtis leia Rosenborg til gull og sølv, men fekk sparken fordi «det ikkje er slik RBK skal spele». Her blir han intervjua av NRKs Øivind Johnsen då han etterpå blei norsk landslagssjef.

For dei scora 15 mål på 18 kampar. 50 år etterpå står det i ein mildt sagt enorm kontrast til Bodø/Glimt. På 25 kampar har Glimt scora 85 mål. Det kan bli 100 før sesongen er over.

Rekorden for talet scora mål på ein sesong har Rosenborg. Dei scora 87 mål i 1997, då var det berre 26 kampar på øvste nivå.

I 1970 tok George Curtis’ ultragjerrige Rosenborg sølv med målskilnaden 15–5 på 18 kampar.

Etter 16 serierundar leia Rosenborg serien med målskilnaden 12–3. Tre kampar hadde dei vunne med 2-0, dei 13 andre hadde gitt eitt eller null mål.

Så tapte dei 0–2 i den avgjerande toppkampen mot Strømsgodset, og svarte med å skeie skikkeleg ut med 3–0 over bronselaget HamKam i siste kamp.

15 scoringar, altså. Strømsgodsets Steinar Pettersen scora 16 og blei toppscorar.

Erling Meirik blei Rosenborgs toppscorar med fem mål. Etter dei 12 første kampane hadde berre tre mann scora for klubben.

Gull og sølv med «feil» spelestil

Sølv blei det altså til slutt, men det var ikkje nok.

Seriegull i 1969, ja vel. Og altså sølv etter gullkamp heilt til siste slutt i 1970.

Men det var ikkje slik Rosenborg skulle spele, meinte styret.

Curtis fekk sparken. Og blei eit år seinare norsk landslagssjef.

Han var ifølge objektive mål en suksesstrener. Han lærte spillerne mer nytt enn de formodentlig hadde lært på ti år før, og han fikk resultatene. Det hjalp ham ikke. Curtis stemte ikke med klubbens sjølbilde, som allerede på den tida må ha vært sterkt. Han gjorde forandringer i den uskrevne kontrakten mellom lag og publikum, den som inneholdt viktige avsnitt om scoringer, lystighet og fest på banen.

Ingar Skrede / "Svart på hvitt", Ingar Skredes bok frå 1992

Det er i grunnen ikkje så vanskeleg å forstå at styret såg det slik. Rosenborg hadde teke 1. divisjon (den tids eliteserie) med storm i 1967, klubbens første sesong på toppnivå. Radarparet Odd Iversen og Harald Sunde produserte scoringar i bøtter og spann. Iversen blei toppscorar i tre år på rad. Hans 30 mål i 1968 er framleis rekord, og den sette han på berre 18 kampar.

30 mål er altså det doble av det heile laget greidde to år seinare.

Utviklinga i Rosenborg var også sterkt medverkande til at talet på scoringar per kamp i 1. divisjon gjekk ned frå 3,56 i 1968 til 2,33 i 1970.

I George Curtis’ første år som trenar scora rett nok Rosenborg 36 mål og tok seriegull. Men faresignalet var der: Odd Iversen stod åleine for 26 av dei.

På nyåret 1970 blei både Iversen og Sunde selde til Mechelen i Belgia. Heile Rosenborgs angrep blei brått borte.

Odd Iversen

«THIS IS A BALL»: Odd Iversen visste godt kva ein ball er, også før George Curtis forklarte det.

Foto: Ntb / NTB

«Fann opp» 4-4-2

Curtis gjorde det han måtte, og det han var god til: Å satse på eit nesten ugjennomtrengeleg forsvar. Han var truleg den første i Noreg som prøvde ut 4-4-2-systemet med flat firar, soneforsvar og press på ballførar, eit system han har fått mykje av æra for å ha utvikla.

Rosenborg var ikkje til å kjenne igjen. Visst spela dei fin fotball, hadde ofte rikeleg ballinnehav, og slapp sjeldan motstandaren til.

Men der midtbana tidlegare kunne servere Iversen og Sunde, hadde dei ingen som var nær superduoens kvalitetar.

Kampane blei kjedelege, publikumsinteressa gjekk ned, og misnøya med engelskmannen auka. Etter seriesølvet og 15–5 i mål, var det slutt. Nils Arne Eggen, oppflaska i Rosenborg-kulturen, overtok.

Men Eggen, kaptein på Rosenborg-laget, var positiv til mykje av det nye engelskmannen tok med seg inn i klubben.

– Det var han som lærte oss forsvarsspel og organisering, sa Eggen mange år seinare.

Fram til 1968 hadde mykje gått av seg sjølv i klubben. Trenar var Knut Næss, men han la seg ikkje så mykje opp i aktiviteten ute på treningsfeltet, dei styrte spelarane stort sett sjølve, skriv rbkweb.no. Laget var det uansett ein uttakingskomité som tok ut.

Ville ikkje til Noreg, uansett pengar

Bobby Robson

RUNGANDE NEI: Den seinare landslagssjefen i England, Bobby Robson, nekta å reise til Noreg, uansett pengetilbod.

Foto: Jon Super / AP

Hausten 1968 fann klubbstyret ut klubben måtte moderniserast. Dei ville ha ein sjef med totalansvar for den sportslege delen. Eldar Hansen – han med fem mål frå dei to cupfinalane i 1960 – var nyvald styreleiar. Han sikta høgt og friskt. Han vende seg til sjølvaste FA, det engelske fotballforbundet og spurde om dei hadde aktuelle kandidatar å tilrå.

Det var ikkje lett. Engelskmenn oppfatta seg framleis som svært overlegne i fotballverda, med ein viss rett etter VM-gullet to år før. Det var langt under deira verdigheit å trene eit amatørlag i Noreg.

Ein av dei som Eldar Hansen og hans RBK-utsendingar intervjua, var Bobby Robson. – Uansett kor mykje pengar de tilbyr, eg gjentar: kor mykje pengar, så vil eg aldri reise til Noreg, var Robsons tydelege svar.

Som seinare skulle få suksess med både Ipswich og det engelske landslaget.

Men George Curtis let seg overtale. Han kom frå trenarjobb i San Diego i USA, som hadde hamna i økonomisk uføre, og nekta å betale ut løn. Curtis var redd han skulle bli dratt inn i rettssaker, og meinte han hadde betre sjanse til å vinne der om han reiste til anonyme Trondheim enn i ei lukrativ stilling i England.

Derfor var han på jobb på Lerkendal på nyåret 1969. Han bestemte seg for å bygge alt frå grunnen av.

– This is a ball

På den første treninga viste Curtis fram ein fotball, med denne berømte replikken: – This is a ball.

Odd Iversens kjappe svar er minst like berømt: – Du må itj gå så fort fram.

Seinare sa han i eit intervju med NRK at noko av det han først la merke til, var at Rosenborg-spelarane hadde dårleg rørsle utan ball.

– Vi var gode og rørlege individuelt når vi hadde ballen. Men fotball er eit spel som går føre seg også borte frå ballen. Problemet er ikkje at vi har ballen, men motstandaren som er utan ball, forklarte Curtis.

Som aktiv var Curtis ein av dei som fekk karrieren forkorta på grunn av krigen. I staden for ein karriere i Arsenal, blei han korporal i luftvåpenet i India. Etter krigen hadde han suksess i Southampton, og kunne glede seg over møte med gamleklubben i sin første sesong i Rosenborg. Dei møttest i Messebycupen (forløparen til UEFA-cupen) i 1969. Rosenborg vann faktisk heimekampen 1-0, men tapte 0–2 i returkampen.

– Meiner du semifinalen eller finalen?

Curtis likte seg i Noreg. Han reiste heim til England etter tida i Rosenborg, men kom tilbake og overtok det norske landslaget, som han leia frå 1972 til 1974.

Gentlemannen Curtis hadde humor, og det fekk han bruk for i si ikkje heilt suksessrike tid som landslagssjef. Dette er frå eit intervju med NRKs Arne Scheie før ein VM-kvalifiseringskamp mot Belgia i 1972:

Scheie: Are you still looking forward to play in Germany in 1974?

Curtis (latter): You have a wonderful sense of humor. Are you referring to the semifinal or the final?

George Curtis/Arne Scheie

Noreg tapte Belgia-kampen 2–0. Landslaget vann berre tre av 17 kampar under Curtis' leiing. Det styggaste tapet var 9–0 i Nederland hausten 1972, men det som svei mest, var nok 2-1-tapet for Luxemburg i året etter.

– Vi var iallfall gode på innkast, sa han sarkastisk etter den kampen.

I 1974 fekk han sparken. Og som i Rosenborg fire år tidlegare blei han erstatta av Nils Arne Eggen.

  • George Curtis' svar til Arne Scheie om VM:

Kort karriere i Urædd

Faktum er at George Curtis hadde prøvd seg som trenar i Noreg tidlegare. Sommaren 1946 var han med i ei gruppe engelske spelarar og trenarar til Noreg for ein uoffisiell landskamp. Fleire av spelarane blei i Noreg eit par månader. Curtis heldt seg i Porsgrunn der han ein kort periode trena Urædd.

Men der Curtis blei kritisert for sitt defensive tankesett, har han i ettertid fått mykje skryt for sin betydning og for sitt bidrag til trenarmiljøet i Noreg. Eit miljø som omfatta seinare topptrenarar som Tor Røste Fossen, Nils Arne Eggen, Bjørn Rime, Svein Haagenrud og Tore Lindseth, skriv fotballtreneren.no.

– Med han kom den analytiske tilnærminga. Vi tok til å forstå heilskapen i spelet, og av han tok eg til å forstå betydninga av det vi seinare skulle kome til å omtale som «komplementære ferdigheiter». Curtis lærte oss å sjå kvifor ting skjer i fotball. Det var ein ny dimensjon ved spelet, sa Nils Arne Eggen til Adresseavisen i 2002.

Gud laga aldri ein dag lang nok til verkeleg å forstå fotball, sa Curtis til NRK.

Han hadde ei høg stjerne som trenar i heimlandet, og var sentral i trenarstaben til det engelske fotballforbundet i det engelske fotballforbundet saman med mellom andre Bobby Robson.

Eggen erstatta Curtis både begge gongane Curtis måtte slutte i Rosenborg, og etter at Curtis fekk sparken som landslagstrenar.

Tragisk slutt i Rosenborg

Curtis var forresten mannen som også hadde ansvaret for Indias fotballandslag i OL i London i 1948. Laget blei ei positiv overrasking der og spela jamt mot storfavoritt Frankrike.

Men mest blei dei indiske spelarane lagt merke til fordi dei spela utan sko. Det var opphavet til myten om at India nekta å reise til VM i Brasil to år etterpå, fordi FIFA kravde at dei måtte bruke sko.

I 1976 var han tilbake i Rosenborg, men det skulle ende tragisk. Han kom ut for ei bilulykke der han sjølv blei skadd, og hans norske kone mista livet.

Då fekk han heilt andre ting å tenke på enn Rosenborg, og slutta før sesongen var over.

Curtis var trenar i Qatar frå 1979 til 1981, så trekte han seg stille og roleg tilbake.

Då han døydde i 2004, budde han åleine og utan telefon i ei campingvogn i Chelmsford utanfor London.

Sportsnyheter

Martin Ødegaard i sportsuniform

Landslagssjefen om Ødegaard-skade: – Blir forbanna og lei deg

Kampen mot Israel sees på som det siste hinderet før Norge kan rette øynene mot VM. Og den blir spilt uten landslagskaptein Martin Ødegaard.

Hikaru Nakamura med hånden på ansiktet

Stjernens «skamløse» manøver førte til upopulært grep: – Heller bensin på et brennende bål

En ny regel skaper oppstyr blant flere av verdens beste sjakkspillere.

en mann som holder en annen mann

Måper av Haaland-statistikken - roses opp i skyene av manageren

Han knuser rekord etter rekord. Nå hylles Erling Braut Haaland av både eksperter og Pep Guardiola.

Siste nytt

  • Ishockey: Lillehammer klatret til 4.-plass

    Adrian Ellingsen viste vei med to mål da Lillehammer slo Narvik 5–2 og klatret på eliteserietabellen i ishockey.

    For Narvik ble det nok en tøff bortekamp og tremålstap for annen gang på tre dager. I helgen røk de 1–4 for Vålerenga i Jordal Amfi. Laget fra Nordland ligger nest sist på tabellen med sju poeng fra ni kamper.

    Lillehammer startet solid på egen is og tok føringen allerede etter 43 sekunder ved David Nilsson. Ellingsen la på til 2–0 mot slutten av en periode der vertene vant skuddstatistikken 16–4.

    Etter en målløs midtperiode tente Linus Hedman håpet for Narvik tidlig i den tredje. Men Lillehammer svarte nådeløst og scoret to ganger rundt midtveis i perioden.

    Narvik reduserte igjen til 2-4, men Ellingsen punkterte kampen med sin 5-2-scoring snaue tre minutter før slutt.

    Trepoengeren gjør at Lillehammer etter åtte kamper er oppe på 4.-plass i ligaen. Vålerenga topper foran Frisk Asker og Stavanger. (NTB)

    en hockeyspiller i uniform
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Tom Dent ferdig som Raufoss-trener

    Den nedrykkstruede 1.-divisjonsklubben Raufoss skiller lag med hovedtrener Tom Dent etter flere svake resultater den siste tiden.

    I en pressemelding på eget nettsted skriver Raufoss at klubben og Dent i fellesskap er kommet til enighet om å avslutte samarbeidet med umiddelbar virkning.

    «Bakgrunnen for beslutningen er sammensatt, men klubbens utfordrende tabellposisjon fem kamper før sesongslutt har vært en sentral faktor», heter det i meldingen.

    Raufoss har tapt seks av sine sju siste kamper og ligger på 13.-plass i 1. divisjon. Det skiller tre poeng til Stabæk på kvalifiseringsplassen og sju poeng til Mjøndalen på den øverste nedrykksplassen. De to sistnevnte har begge én kamp mindre spilt enn Raufoss. (NTB)

    en gruppe fotballspillere i en kamp
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • NFF med flere grep foran Israel-kampen: Stenger veier og forbyr sekker

    Mandag orienterte fotballpresident Lise Klaveness og NFF-generalsekretær Karl-Petter Løken om forberedelsene til den omdiskuterte VM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Israel lørdag 11. oktober.

    Der skjer det en rekke endringer fra det som er vanlig under landskamper:

    * Alle bilveier inn til stadion stenges tre timer før kamp.

    * Oslo Sporveiers Arbeiderforening (trikk og T-bane) streiker i 15 minutter fra klokken 17:00.

    * Sekker og store bager blir ikke tillatt, kun vesker innenfor A4-størrelse.

    * Stadion åpnes to timer før kamp (klokken 16), og det vil ta lenger tid enn vanlig å komme inn.

    * Supporterbutikken på stadion stenges på kampdagen, og det blir heller ikke «fan zone».

    * Publikum bes om å respektere sperringer utenfor stadion.

    * Politiske aksjoner inne på stadion er ikke tillatt.

    * Såkalte «Palestina-skjerf», og mindre palestinske flagg er tillatt.

    * P-huset på Ullevaal stadion stenges klokken 12.

    Det er ikke ventet mange bortesupportere, kunne Løken informere om. (NRK/NTB)

    Ullevaal stadion
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal