– Alt er opent, seier Pettersson til NRK om Braathens situasjon.
Tysdag erfarte fleire medier at Lucas Braathen skal konkurrere for Brasil.
23-åringen har kalla inn til pressekonferanse i Salzburg torsdag.
Onsdag reiser Brasils skipresident, Anders Pettersson, frå Stockholm til Salzburg.
Svensken seier til NRK at det blir ein viktig dag.
– Kvifor?
– Det kan eg ikkje uttale meg om heilt enno.
Men Pettersson fortel at han forventar nyheiter rundt Braathens situasjon i løpet av dagen.
– Vi vil gjerne at Lucas blir utøvar for Brasil. Men ingenting er underteikna. Ingenting er bestemt, seier Pettersson.
– Det pågår framleis diskusjonar, legg han til.
– Kva gjenstår?
– Du har vel blitt innkalla til pressekonferanse på torsdag?, seier Pettersson unnvikande.
Ordknapp rundt sentralt spørsmål
Eitt av spørsmåla er om Noreg vil la Braathen gå til Brasil utan vidare.
Braathen har brasiliansk mor og difor dobbelt statsborgarskap.
Men han har ikkje dobbel utøvarlisens.
Utøvarlisensen må han overføre frå Noregs Skiforbund til Brasils Skiforbund.
Dersom Noregs Skiforbund ikkje lar Braathen overføre denne lisensen må han ha ein ny.
Då vil han miste den høge rangeringa han har opparbeida som utøvar gjennom gode resultat for Noreg.
Ein konsekvens er til dømes at han ikkje får starte tidleg i slalåmrenn. Dei beste har alltid fordelen av å starte først i ei lite oppkøyrt løype.
Ifølgje VG har det vore dialog rundt Braathens ski-lisens.
Pettersson er unnvikande når NRK spør om lisensen.
– Er lisensen i orden?
– Det får du spør det norske skiforbundet om. Sidan han har konkurrert for det norske skiforbundet. Han har aldri konkurrert for Brasil, men vi vil bli veldig stolte dersom han bestemmer seg for å konkurrere for Brasil.
– Det norske skiforbundet har fleire detaljar, seier Pettersson.
Han opplyser at dialogen stort sett har foregått mellom Team Braathen og Noregs Skiforbund, men at det brasilianske forbundet også har vore involvert.
På spørsmål om Braathen vil få overført lisensen svarer Noregs Skiforbunds informasjonssjef, Espen Graff, at skiforbundet ikkje vil kommentere saka før Braathen har hatt pressekonferanse.
Brasil-sjefar til Braathens pressekonferanse
På den pressekonferansen vil Brasils øvste leiarar vere til stades. Både president Pettersson og administrerande direktør Pedro Cavazzoni.
– Kva funksjon vil Brasils skiforbund ha der?
– Vi kjem til å høyre på kva han vil seie. Vi veit jo ikkje nøyaktig kva han vil seie, seier Pettersson.
– Så de møter opp fordi de er nysgjerrige på kva han kjem til å seie?
– Korrekt.
– Så det kan hende at de får ei nyheit der og då?
– Njaaa... Det er for tidleg å seie.
Spår Braathen-effekt i Brasil
Petersson er uansett klar på kva Braathens potensielle overgang til Brasil kan bety for brasiliansk skisport.
– Interessa vil auke enormt, seier Petersson.
Alpint blir vanlegvis ikkje vist på TV, men i OL og VM kan brasilianske prestasjonar få merksemd i heimlandet, fortel skipresidenten.
Uansett interesse i Brasil er han glad for å kunne bidra til at ein av alpintsirkusets største stjerner gjør comeback.
– Vi vil at han skal utvikle seg som person og som atlet, seier Peterson om Lucas Braathen.