– Frå no av blir det farleg. Dette var oppvarming, sa ei overlykkeleg Cecilia Brækhus til Viasat etter kampen.
Brækhus har ikkje boksa på 15 månader, men det var det ingenting som tydde på mot den uruguayanske jenta. Ho tok kommandoen frå første runde, og det var nokså raskt klart at einaste spoeningsmomentet var om Namus ville makte å gå alle rundane.
Det klarte ho, men ho var tydeleg rysta av alle treffa Brækhus fekk inn.
– Det var ingen overrasking for meg at ho heldt heile vegen. Ho er tøff, det var derfor vivalde henne som motstandar. Eg trong ein tøff motstandar i comebacket, sa Brækhus.
– Dei som trudde dette skulle bli walkover, kan ingenting om boksing, la ho til.
Sigeren er hennar 28. på rad.
– Kjendest som om eg aldri hadde vore borte
– Merka du at det var lenge sidan førre kamp?
– Ikkje fysisk. Det kjendest som om eg aldri hadde vore borte. Men eg merka det nok litt mentalt, og heldt litt igjen.Hadde eg hatt eit par kampar i kroppen, hadde det blitt knockout i kveld.
– Eg kosa meg der ute, sa ho.
Boksestjerna Vladimir Klitsjko sat på tribuna, og han var raskt ute med å kome opp og gratulere.
Namus hang godt med i første runde, men så vart det meir og meir klart at dette var Brækhus' kveld. Då ho gjekk til sitt hjørne etter sjette runde, gliste ho breitt. Då var det klart at ho ville vinne.
– Eg er overlykkeleg. Etter skaden fekk eg beskjed om at eg neppe kunne bokse meir. Og no står eg her, jubla Cecilia Brækhus.