– Om det blir noko av kampen, blir det absolutt den største kvinnekampen i bokse-historia, det kan vi heilt klart seie, seier NRKs bokseekspert Anders Øfsti.
– Kvifor?
– Det er to meistrar som enno ikkje har tapt, og med belte i bøtter og spann, seier Øfsti.
Brækhus (37) har 35 profesjonelle sigrar bak seg. Shields (24) har ni.
– Brækhus er langt meir rutinert i proffsirkuset, men på sine ni kampar har Shields alt samla mange belte.
Grunnen til at Shields ikkje har mange kampar, er at ho venta med å bli proff til etter OL i 2016. Då hadde ho to OL-gull, frå London og Rio, og blei den einaste amerikanske boksaren i historia – uansett kjønn – som har to OL-gull.
Brækhus har ikkje boksa sidan før jul. Men no er ho klar for superkamp med Shields, skriv TMZ Sports.
– Eg vil gjerne vere i ein ring med henne, seier Brækhus.
Cecilia Brækhus' manager John Rein seier til NRK at det enno ikkje er klart om det blir ein slik kamp. Brækhus skal til USA om ein månads tid. Det er først og fremst for å trene, og kanskje også sjå seg om etter motstandar og ny kamp.
– Men det blir uansett ikkje før etter sommaren, seier Rein.
Vekt-skilnad
Problemet er at det er tre vektklasser og fem-seks kilo mellom dei to.
– Men eg går gjerne opp i vekt dersom Claressa går ned, seier Brækhus.
– Det er noko nytt. Når Brækhus tidlegare har møtt motstandarar frå andre vektklasser, er det motstandarane som har justert seg. Cecilia har vore den som har halde seg på si vekt, seier Anders Øfsti.
Men han trur ikkje det blir noko problem.
Brækhus har ikkje boksa sidan ho slo Aleksandra Magdziak Lopes 8. desember. Sidan det er det Shields og irske Katie Taylor som har vore i rampelyset i boksing for kvinner.
Topp tre: Brækhus, Shields og Taylor
Taylor er 60 kilo og boksar i lettvekt, og har henta fire belte. Taylor er også olympisk meister, og kamp mot Brækhus er også ein potensiell storkamp.
– Desse tre, Brækhus, Shields og Taylor, er nok topp tre i boksing for kvinner, meiner Øfsti.
– Eg trur Cecilia Brækhus kjenner litt på behovet for å kome i rampelyset igjen. Shields mot Hammer i Atlantic City skapte enorm merksemd og stor ståhei. Vi veit også at Taylor snart skal opp mot Delfine Persoon i Madison Square Garden i New York. Det er veldig mykje «fuss» rundt andre kvinnelege bokseprofilar. Men det er Brækhus som er legenda.
Øfsti legg også vekt på at boksarane ofte blir definert ut frå motstandarane sine.
– Brækhus' siste motstandarar har ikkje vore av ein slik kvalitet at det gir status. Kvaliteten og styrken på motstandarane er også med når karrieren og ettermælet skal gjerast opp til slutt. En kamp mot Shields vil løfte Cecilia sitt ettermæle.
– Joe Frazier og George Foreman er legendar, men ville neppe hatt samme posisjon utan kampane mot Mohammed Ali.