Hopp til innhold

Gigantoppgjer med eit brutalt bakteppe: – Eg ville verkeleg døy

Gigantoppgjeret i Saudi-Arabia mellom Tyson Fury og ukrainske Oleksandr Usyk er alt anna enn vanleg. Fleire dagar før sjølve kampen blei det delt ut ein real springskalle.

Tyson Fury v Otto Wallin

HARDTSLÅANDE: Tyson Fury (til venstre) er kjent for dei knallharde slaga sine. Her får Otto Wallin smake venstreslegga.

Foto: Steve Marcus / Reuters

Fredag kveld rauk dei to i tottane på kvarandre då deg skulle vegast føre kampen.

– Eg skal slå hann rett ut, sa Fury ifølgje BBC.

Men Fury har vore gjennom mykje anna dei siste åra.

– Eg var deprimert og ville ikkje leve. Eg ville verkeleg døy.

Slik ordla Tyson Fury seg i ein kampanjevideo om mental helse, da han snakka om den verste perioden i sitt liv.

– Eg var ein feit gris, Eg drakk og tok narkotika på dagleg basis, sa han vidare.

C2BLxAHAkq8

HAR SLITE: Tyson Fury har vore open om psykiske lidingar og rusproblem.

Foto: Reuters

Laurdag står mannen med kjælenamnet «Gypsy King» i bokseringen i ein av dei største kampane på 25 år.

Men det siste tiåret har Furys liv handla om langt meir alvorlege ting enn titlar.

– Vurderte sjølvmord

I 2015 var Fury kanskje den heitaste boksaren i verda, men etter å ha slått Vladimir Klitsjko i tittelkampen same år gjekk alt i feil retning.

Han har tidlegare fortalt om depresjon, avhengnad av alkohol og kokainmisbruk.

– Eg lei av depresjon opp til eit punkt der eg vurderte sjølvmord. Det var angst og alt. Du kunne ikkje komme lågare enn det eg var, fortalde Fury i videoen.

Omkampen med Klitsjko blei det aldri noko av.

Grunngivinga var først mangel på motivasjon og at han la på seg ekstremt mykje vekt.

Men det skulle bli verre.

I 2017 fekk han også diagnosen bipolar liding. Likevel tok han verdsmeistertittelen etter å ha stått to år utanfor ringen. I april 2022 stod han igjen på Wembley framfor over 90.000 boksefans.

Tyson Fury v Dillian Whyte - WBC World Heavyweight Title

BOKSEFEST: Tyson Fury jublar med dei tre belta sine etter å ha slått Dillian Whyte framfor 90.000 tilskodarar i 2022.

Foto: ANDREW COULDRIDGE / Reuters

Vegen tilbake til toppen har blitt omtalt som eit av dei mest merkverdige comebacka i boksehistoria.

Sjølv ønsker han å bevise at alt er mogleg.

– Det er den viktigaste grunnen til at eg er tilbake. For å vise folk som lever i mørket at det er lys i enden av tunnelen. Viss eg kan gjere det, kan alle gjere det.

I Netflix-serien «At home with the Furys» har ein også fått eit innsyn i Furys familieliv med kona Paris og dei seks barna deira, etter at han la opp. Men perioden utanfor idretten blei kortvarig.

– Ver så snill, ikkje la nokon skyte meg

Natt til søndag står alle dei fire tungvektsbelta på spel i ein og same kamp for første gong sidan 1999, når Fury og ukrainske Oleksandr Usyk møtest i den saudiarabiske hovudstaden Riyadh.

Eg tviler på at det er noko anna som skjer denne helga som er større på idrettsfronten, seier Anders Werner Øfsti, NRKs bokseekspert.

Her er det altså to utan tap boksarar, som skal gjere opp om alle titlar. Det er svært, fortset han.

Historia til Usyk er heilt annan Furys. Han slutta seg til militæret etter at krigen i Ukraina braut ut og har vore ein av dei som har patruljert i gatene.

Sjølv har han prata om frykta han opplevde som soldat i Ukraina i 2022.

Kvar einaste dag bad eg og spurde; ver så snill gud, ikkje la nokon prøve å drepe meg. Ver så snill, ikkje la nokon skyte meg. Og vêr så snill, ikkje få meg til å skyte ein annan person, fortalde Usyk i eit intervju i The Guardian i 2022.

7kbbFVc1-rk

EIN AV DEI STØRSTE: Oleksandr Usyk er ein av dei største boksarane i Ukraina.

Foto: Reuters

Han er veldig tydeleg på at han gjer dette for å få hjelpe folk i Ukraina. Han gjer det også for å skaffe pengar til elektrisitet og liknande. Kan han bidra der så ønske han å gjere det. Usyk boksar ikkje berre for Ukraina, men sjølvsagt også for seg sjølv, legg NRKs til bokseekspert.

Springskalle

Allereie fleire dagar før tittelkampen small det i Riyadh.

«Det er berre måndag ennå» sa John Fury, faren til Tyson Fury, til pressa rett etter å ha skapt overskrifter verda rundt måndag.

G0fzpiUIwtA

FAR SOM SON: Tyson Fury saman med far sin John Fury.

Foto: AP

På det første medietreffet i forkant av kampen, rett framfor kamera, valde han å skalle ned Stanislav Stepchuk, eit medlem i teamet til ukrainske Usyk.

«Fury, Fury, Fury» og «Usyk, Usyk, Usyk» gjallet det mellom veggene da opptrinnet fann stad. Like etter rann blodet frå John Furys panne. Stepchuk fekk eit mindre kutt.

– Det er dårleg åtferd. Det er mi meining. Dårleg åtferd, sa Furys ukrainske motstandar Usyk om hendinga, ifølge Sky Sports.

Samtidig vil han legge hendinga bak seg og rette blikket mot kampen natt til søndag.

– Eg bryr meg ikkje om denne hendinga. Det er berre ein motivasjonsfaktor for laget mitt, sa han vidare til Sky Sports.

_30UFrDLx7U

ULIKE: Tyson Fury og Oleksandr Usyk har ulike styrkar og svakheiter.

Foto: AFP

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal