Hopp til innhold

Bolsjunov stussa over Klæbos vurdering – får tydeleg svar

Aleksandr Bolsjunov seier han hadde venta at Johannes Høsflot Klæbo vurderte ei utestenging av Russland på «edrueleg vis». Sistnemnde meiner at oppmodinga om å stengje ute russarane, som følge av krigen i Ukraina, var heilt rett.

NM teamsprint langrenn

TILBAKE: Johannes Høsflot Klæbo var tilbake i skisporet etter koronasjukdom i mars. Han spurta Byåsen inn til NM-sølv på lagsprinten.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Eg står trygt ved den avgjerda. Eg var klokkeklar og det står eg for, seier Johannes Høsflot Klæbo til NRK.

Bolsjunov la tidleg skulda på norske utøvarar for at russarane vart «kasta ut» av Noreg og ikkje fekk delta i Drammen og Holmenkollen i starten av mars.

Russlands stjernelag kom til Gardermoen måndag 28. februar, fire dagar etter invasjonen av Ukraina. Same dag vart dei erklærte uønskte av Skiforbundet.

Dagen etter sende Det internasjonale skiforbundet (FIS) ut ei pressemelding. Russiske utøvarar ville ikkje stille til start i Drammen, Holmenkollen eller Falun av «tryggingsomsyn».

Les også Bolsjunov mener norske utøvere fikk russerne kastet ut – Golberg kaller det «trist»

Langrenn Holmenkollen

Therese Johaug og Johannes Høsflot Klæbo var i forkant av avgjerda tydelege på at dei ikkje ønskte å sjå russiske utøvarar på startstreken.

Det fekk Aleksandr Bolsjunov til å stusse.

– Eg trudde Klæbo ville vurdere situasjonen på edrueleg vis, uttalte russaren til Ivan Dukukins Tiktok-kanal for ein snau månad sidan.

Langrenn Holmenkollen

DROG HEIM UTAN Å DELTA: Aleksandr Bolsjunov og dei andre russiske løparane fekk beskjed om at dei ikkje fekk delta i Drammen og Holmenkollen 1. mars.

Foto: Annika Byrde / NTB

Russiske skuldingar

Bolsjunov ville ikkje sjå bort frå at Klæbo kan ha vorte pressa til å seie det.

Russlands skipresident Jelena Välbe delar tilsynelatande den oppfatninga. Ho meiner meiningane hans sprikar og har peika ut den norske motparten sin, Erik Røste, som arkitekten bak den russiske utkastinga.

Då Johaug uttalte til NRK at ho fann det upassande at russarane fekk delta etter Lahti-renna i slutten av februar, insinuerte Välbe at det var etter instruksjon frå nokon høgare opp i systemet. Det har Johaug avkrefta og Røste avkrefta.

– Desse russiske utspela frå Välbe og enkelte andre oppfattar eg som fleire forsøk på å ta merksemda vekk frå det som er fakta i denne tragiske situasjonen, sa Røste til VG tysdag.

NM på ski i Harstad 2022

SKIPRESIDENT: Erik Røste sit til liks med Jelena Välbe i FIS Council.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Eg har ikkje fått med meg så mykje. Det der får dei styre som dei vil, seier Klæbo på spørsmål om den siste månadens skriveri i russisk presse.

Han gjekk onsdag Byåsen inn til NM-sølv på lagsprinten, saman med Martin Julian Buvarp, snautt fem veker etter at han sist gjekk skirenn.

– Definitivt rett

Koronasjukdom gjorde at han mista innspurten i verdscupen i Noreg og Sverige, og dessutan første del av NM i Harstad. I andre del av NM på Lygna, innrømmer han at han har sleppt seg litt nedpå.

Russiske medium opptek lite av tida hans og han ser ingen grunn til at han skulle vurdert situasjonen annleis:

– Vi ser alle no at den avgjerda som vart gjord då dette slo ut definitivt var rett, så får det får vere opp til FIS og dei som skal bestemme seinare kva som skjer. Det at det framleis held på seier sitt.

Les også Bolsjunov brukt i propagandashow før Putin-tale: – Står fram som uhyggjeleg

OL-helter før Putin sin tale.

På spørsmål om korleis han ville behandle nordmannen om dei møttest på startstreken, svarte Bolsjunov at han håpa dei ville konkurrere mot kvarandre.

– Eg håpar situasjonen i verda vil forbetre seg og at alt blir bra.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal