Hopp til innhold

Bolsjunov brukt i propagandashow før Putin-tale: – Står fram som uhyggjeleg

Fleire av Russlands OL-heltar vart vist fram på scena før president Vladimir Putin skulle tale til folket. Langrennsstjerna Aleksandr Bolsjunov var den einaste utan krigssymbolet på brystet.

OL-helter før Putin sin tale.

UTAN «Z» PÅ BRYSTET: Aleksandr Bolsjunov, i lag med fleire andre OL-utøvarar på scena i Moskva.

Foto: AP

Atle Grønn, som er professor i russisk, er ikkje særleg imponert over Bolsjunov sitt val.

– Det blir berre spekulasjonar om Bolsjunov gjer det som eit aktiv val. Uansett så har han stilt opp, og allereie det er eit teikn på at han er med på PR-maskineriet, seier Atle Grønn til NRK.

I samband med ei jubileumsmarkering av anneksjonen av Krim-halvøya i 2014, var det fleire OL-heltar som viste seg fram på scena før president Vladimir Putin skulle tale til folket.

På bileta frå seansen kunne ein sjå at nær alle av utøvarane stilte opp med bokstaven «Z» på ytterjakka, og det gjer Grønn oppgitt. Han meiner bruken av symbolet sender uhyggjelege signal.

«Vest for Russland»

Bokstaven «Z» er symbolet Russland har brukt i samband med invasjonen og krigføringa i Ukraina.

Norges Sjakkforbunds kongress

LITE IMPONERT: Atle Grønn tykkjer ingenting om at utøvarar og born blir brukt i propagandashow.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

– Etter ein transkriber bokstaven til latinsk, så betyr den «for» på norsk. Spørsmålet er kva han er for: Nokon seier at han er for Putin, andre for Russland, og nokon for siger, seier Grønn.

Men han seier at bokstaven kan ha endå ei betydning.

– Den andre er «vest for Russland», som altså betyr at vi skal vestover, og Ukraina er vest for Russland. Det byrja med at dei stridsvognene som skulle til Ukraina, var markerte med bokstaven, og dei skulle vestover. Det er ingen fasit, men det har vorte eit sterkt symbol som verkar uhyggjeleg, meiner Grønn.

Russian President Vladimir Putin attends a concert marking the eighth anniversary of Russia's annexation of Crimea in Moscow

TALTE: Vladimir Putin talte til det russiske folket.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Trakk seg frå konkurranse

Det er uvisst kva standpunkt fleire russiske utøvarar har tatt til krigen i Ukraina. Sjakken er eit døme på det. Jan Nepomnjasjtsjij har gitt tydeleg beskjed om at han er imot krigen, medan den russiske sekundanten hans Sergej Karjakin har uttrykt si støtte overfor Putin.

Det skal òg seiast at Bolsjunov visstnok ikkje skal ha hatt «Z» på brystet tidlegare heller.

Cross-Country Skiing, FIS World Cup, Lahti, Men's 15 km

BRUKT PÅ SHOW: Aleksandr Bolsjunov vart hylla av det russiske folket fredag.

Foto: KALLE PARKKINEN / BILDBYRÅN

– Vi kan tolke det i beste meining, men vi veit så lite om det, for mange av dei heltane har ikkje stått fram med anti-krig, eller at dei er mot krigen. Snarare tvert imot, seier han.

Likevel trakk han seg frå ein 15-kilometer fredag, og mykje tyder på at Putin sin seremoni var årsaka til det.

Bolsjunov skulle eigentleg stille til start i konkurranse mot fleire av dei russiske OL-stjernene fredag, men trakk seg få minuttar før start.

Skipresident Jelena Välbe forklarte til MatchTV at det skyldast «enkelte grunnar», men forsikra at han ville vere tilbake i Kirovo-Tsjepetsk fredag kveld.

Der skal han gå jaktstart laurdag, sjølv om han ikkje gjekk den første distansen.

Grønn vil ikkje spekulere i kva OL-utøvarane eigentleg meiner om krigen, men tykkjer det er hårreisande det publikum blei vitne til frå scena i Moskva.

– Det er ei propagandagreie. Eg reagerer mykje meir på at barn blir brukte, enn vaksne utøvarar. For dei kan seie nei, men at barn står i denne Z-formasjonen er usmakeleg, meiner NRK-eksperten.

Viste andlet

I tillegg til Bolsjunov, deltok desse utøvarane:

Symjaren Jevgenij Rylov, rytmisk sportsgymnastikk-systrene Dina og Arina Averina, turnaren Viktorija Listunova, og kunstløparane Jevgenija Tarasova, Vladimir Morozin, Viktorija Sinitsina og Nikita Katsalapov.

Beijing Olympics Medal Ceremony

SØLV: Kunstløp-paret Viktorija Sinitsina og Nikita Katsalapov på medaljeseremoni i OL i Beijing.

Foto: Sue Ogrocki / AP

Hyllesta av OL-heltane kom før Russland-president Putin talte til folket. Ifølgje Ap var det 200.000 tilskodarar på og utanfor Luzjniki stadion.

– Til dei russiske idrettsheltane våre. Tusen takk. Tusen takk for sigrane deira, sa konferansieren for Putins propagandashow.

Russiske og kviterussiske utøvarar er utestengd frå dei fleste idrettsforbund som følgje av den pågåande invasjonen i Ukraina, som starta torsdag 24. februar.

Les også Romanov kalla svikar av russisk politikar etter byte til Noreg – sjakkekspert rasar over utsegnene

ZxNkQDGle-E

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal