NRK Meny
Normal

Irritert Kristoff: – Blei felt av mitt eige lag

OSLO/SAN REMO (NRK): Alexander Kristoff meiner lagkameraten øydela for triumfsjansen i Milan-Sanremo.

Aelxander Kristoff

SKUFFA: Alexander Kristoff nådde ikkje heilt opp i spurten, vart nummer seks. Det var han ikkje nøgd med.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Kristoff, som vann løpet i 2014, klarte ikkje å henge med heilt i front av tetgruppa over toppen av Poggio, men kom med ein kjempespurt.

– Dessverre blei eg felt av mitt eige lag i dag, seier Kristoff til NRK.

Han var irritert på lagkamerat Guarieri, som heilt fram til spurten hadde gitt alt for Kristoff, men ikkje hadde krefter igjen då han skulle køyre opptrekk for nordmannen.

– Jacobo Guarnieri kjem på venstre sida og roper på meg, så eg slenger meg på han. Men han gir ikkje beskjed om at han er heilt på grensa. Han hadde ikkje meir å køyre for, men det får eg aldri beskjed om.

– Han burde ha gitt signal om at han var heilt på «limit», seier Kristoff, som ga Guarnieri skryt for resten av hjelperyttarrolla i vårklassikaren.

– Kva har de lært av dette til neste gang?

– Han må i alle fall vere klinkande klar på at han må seie ifrå om han ikkje føler seg bra. Han må vere såpass ærleg å gi beskjed, seier Kristoff, som til slutt blei nummer seks.

Løpet vart vunne av franske Arnaud Demare, med Ben Swift og Jurgen Roelandts på plassane bak.

Boasson stakk av like før mål

Edvald Boasson Hagen låg glimrande plassert over den siste bakketopppen, etter at Sky tok initiativet opp Poggio, og sette høg fart inn i bakken. Michal Kwiatkowski (SKY) rykka mot toppen, og hadde teten med eit par kilometer att.

Tetgruppa henta Kwiatkowski tilslutt og då prøvde tempohesten Fabian Cancellara seg, med to kilometer att.

Gruppa samla seg att, men inn på den siste kilometeren klinka Boasson Hagen til. Han fekk med seg på belgiske Greg Van Avermaet på bakhjulet. Då spurten om sigeren gjekk hadde Boasson Hagen brukt for mykje krefter, og klarte ikkje å henge med.

– Eg var med bra framme og det var ei ganske stor gruppe. Det har skjedd tidlegare at folk har gått på slutten og eg tenkte at det var mange sterke spurtarar i gruppa. Derfor tok eg sjansen og prøvde. Eg hadde håpa på ei større luke, seier Boasson Hagen.

– Kanskje eg kunne fått ei betre plassering om eg hadde venta til spurten, seier Boasson Hagen.

Edvald Boasson Hagen

TOM I SPURTEN: Då rykket til Edvald Boasson Hagen ikkje funka, hadde han ikkje krefter att til spurten.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Siste nytt

  • Panathinaikos utestengt

    Den greske klubben Panathinaikos er utestengd frå den neste europeiske turneringa dei kvalifiserer seg for dei tre neste sesongane, har UEFA bestemt.

    Årsaka er at dei ikkje har makta å få orden på økonomien, og har brote dei såkalla økonomisk fair play-reglane.

  • Sandnes Ulfs første poengtap

    Med 0-0 mot HamKam på Hamar tapte Sandnes Ulf sine første poeng i årets 1. divisjon, etter tre sigrar i sesongopninga.

    Sandnes-laget er dermed på tredjeplass, på målskilnaden bak Aalesund og Notodden. HanKam er framleis utan siger, men har tre uavgjorte.

  • Anklaget for å ha solgt laguttak

    Belgias tidligere landslagssjef Marc Wilmots anklager Chelsea-keeper Thibaut Courtois' far for å ha solgt lagoppstillinger til mediene under fotball-EM 2016.

    Overfor TV-kanalen BeIN Sports påstår Wilmots at Courtois lekket uttakene så snart de var gitt til spillerne.

    Marc Wilmots og Thibaut Courtois
    Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Ranheim - Brann og Stabæk - Start
Mesterligaen: Semifinale Bayern München - Real Madrid