Hopp til innhold

Bø med Sverige-stikk: – Må gjere ekstreme tiltak

Sveriges skiskyttarar får miljøkritikk etter at dei farta til VM i privatfly. Tarjei Bø meiner grepet viser desperasjonen til svenskane.

Toppbilde nytt

SVENSKE-STIKK: Den svenske skiskyttaren Mona Brorsson la ut bildet til høgre på Instagram før avreise til Nove Mesto og Tsjekkia. Nå får bruken av privatfly kritikk frå fleire hald, blant anna frå Tarjei Bø.

Foto: Anders Boine Verstad/NRK/Instagram.com/monabrorsson

Eg tenker at det feil og at dei ikkje heng med i tida, seier NRKs skiskytingsekspert Synnøve Solemdal.

Ho reagerer på at det svenske skiskyttarlandslaget kom til VM med privatfly.

Utrekningar frå klimaverktøyet Green Producers Tool viser at reisene til privatflyet slapp ut 57 tonn CO₂ denne dagen. Til samanlikning har det norske landslaget slept ut 40,9 tonn CO₂ gjennom heile sesongen fram til VM.

Altså mindre enn svenskane sitt privatfly gjorde 4. februar aleine.

Med rutefly ville svenskane slept ut rundt 11,5 tonn på reisa til VM-byen. Det var slik Noregs landslag kom seg til Tsjekkia.

Synnøve Solemdal rister på hodet av svenskenes avgjørelse.

EKSPERT: Synnøve Solemdal følger VM i skiskyting tett for NRK.

Eg meiner det er unødvendig med privatfly til Tsjekkia, og eg vil tru det er gode samband mellom Stockholm og Praha. Eg synest dei kan ta ein kikk på utsleppa sine og tenke kost/nytte, seier Solemdal.

Følg VMs opningsdistanse, blanda stafett, med sendestart kl. 16.55 på NRK1 onsdag.

Forsvarar bruk av privatfly

Svenskane kan til ei viss grad forstå at nokon reagerer når dei kjem susande i privatfly. Men dei er samtidig svært takksame for at det svenske skiskyttarforbundet tar rekninga og sikrar mest mogleg komfortabel transport.

Vi har tatt privatfly dei siste åra og lykkast i meisterskapa. Det er noko vi ønsker å halde fram med, seier Martin Ponsiluoma.

Og får støtte av lagkompis Sebastian Samuelsson.

Vi begynte å gjere det under koronapandemien og innsåg kor bra det var.

Svensk pressetreff med laget for mixed stafett under VM i Nove Mesto

SVENSK STJERNE: Sebastian Samuelsson er glad dei kan reise med privatfly.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Stikk mot Sveriges «ekstreme tiltak»

Privatflybruken til svensken står i sterk kontrast til haldningane det norske skiskyttarlandslaget har prøvd å fronte denne sesongen.

Tarjei Bø og co. ønsker å bidra positivt til klimakampen og avgrense eige klimaavtrykk. Derfor tok dei buss til sesongens først verdscuprenn i Östersund. Det same har dei gjort ved fleire andre høve når dei skal flytte seg frå ein europeisk vintersportsstad til eit anna.

Ved å gjere endringar har Skiskyttarforbundet spart 17,8 tonn CO₂ samanlikna med på same tidspunkt førre sesong.

Tarjei Bø

NORSK STJERNE: Tarjei Bø kjem til VM full av sjølvtillit.

Foto: NTB

Gjennom sesongen, frå november til februar, har dei totalt sett hatt fire flyturar – med rutefly. Bø meiner svenskane sin bruk av privatfly er eit desperat forsøk på å jamne ut forskjellane på skiskyttararenaen.

– «Sebbe» (Sebastian Samuelsson) er jo veldig opptatt av å gjere ting rett, og kritiserer i aust og vest, så han får svare på det, gliser Bø og fortset:

Sverige er her for å ta igjen oss og dei må gjere nokre ekstreme tiltak for å ta igjen Noreg.

Vi tar ikkje privatfly berre for å vinne mot Noreg, men det er for å slå alle dei andre nasjonane òg, kontrar Elvira Öberg før onsdagens blanda stafett.

Svensk pressetreff med laget for mixed stafett under VM i Nove Mesto

SØSTRER: Elvira (til venstre) og Hanna Öberg på veg til pressetreff før VMs opningsdistanse.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Tviler på svensk fordel

Sveriges utøvarar grunngir privatflybruken også med smittevern. For dei ville det vore krise å bli sjuk før VM, og dei meiner det forsvarer bruken av meir eksklusiv lufttransport.

Det er noko vi vel fordi det er lettare å halde seg friske. Vi slepp å omgåast med så mange folk og får ei enklare reise. Eg er veldig takksam overfor forbundet, seier Elvira Öberg.

Men Solemdal kjøper ikkje argumentet.

Det verkar berre som dei synest det er digg. Nå er vi i ein situasjon der ein skal prøve å kutte utslepp, da må ein starte med dei lågthengande fruktene, meiner ho.

– Viss vi tenker optimalisering for prestasjon, kor mykje kan dei tene på å ta privatfly?

Det kan hende at du klarer å unngå noko sjukdom, men det trur eg du klarer med å ha på munnbind, ha med eigen matpakke og passe på handhygienen òg. Eg trur ikkje dei får noko fortrinn når det gjeld konkurransane, slår Solemdal fast.

Vi er framleis miljøsvin

Berre på bussturen frå Oslo til Östersund tidleg i sesongen sparte Noreg miljøet for to tonn CO₂, ifølge utrekningar frå Skiskyttarforbundet. Det er det same som ein flytur tur/retur Miami for éin person.

Det får dei stå for. Vi har gjort dei kutta så godt vi kan, seier Karoline Knotten om svenskane, men åtvarar samtidig Noreg om å bli for moralsk overlegne:

Vi er framleis miljøsvin, seier ho.

Les også Store skader etter uvær – stenger VM-stadion: – Rett og slett farlig

NRKs skiskytterekspert Ola Lunde reagerer på de farlige forholdene i Nove Mesto

Samuelsson håpar å skape balanse i eige klimarekneskap etter enda karriere.

Det er ikkje bra for miljøet, men det blir ingen reiser til Thailand når eg blir pensjonist, seier han.

Elvira Öberg deler same oppfatning.

Det er klart at det ikkje er det beste ein kan gjere. Vi hadde floge uansett og er ein større tropp, men det er ikkje heilt forsvarleg heller, seier ho om flyreisa til laget til VM.

For ordens skuld: 25 NRK-tilsette flyr t/r Oslo-Praha i forbindelse med VM. Det utgjer utslepp på om lag 12 tonn CO₂.

Spilles av
Kommentatorene settes ut: – Det er over grensa
Neste

Sportsnyheter

Alexander Isak og Jon Dahl Tomassen går av banen.

Raser etter svensk fiasko: – Får han ikke sparken nå ...

Reaksjonene hagler etter Sveriges tap mot fotballminiputt. Nå vil både supportere og eksperter kvitte seg med sjefen.

en gruppe menn i uniform på et jorde

Dette er Norges skrekkscenario: – En konspirasjonsteori

«Alle» mener Norge er så godt som VM-klare. Men hva må til for at drømmen skal ryke på målstreken?

Eduardo Camavingo (t.v), Jules Kounde og Kylian Mbappe poserer i spenstige antrekk på vei til landslagssamling med Frankrike i fotball.

Stjernenes klesstil vekker oppsikt: – Influenser på steroider

Drip or skip? De franske fotballstjernene bryr seg om langt mer enn fotball.

Siste nytt

  • Frankrike snublet på Island – skade bekymrer Brann

    Island greide sterke 2-2 hjemme mot storfavoritt Frankrike i VM-kvalifiseringen.

    Victor Pálsson sørget for at islendingene hadde ledelse til pause, mens Kristian Hlynsson fikset utligningen da Frankrike så ut til å ha snudd kampen og hadde los mot sin fjerde strake seier.

    De franske målene kom ved Christopher Nkunku og Jean-Philippe Mateta med kort tids mellomrom halvveis ut i 2.-omgangen.

    I den islandske gleden over en sterk prestasjon bekymrer skaden til Brann-spiller Sævar Atli Magnússon. Han lå nede med store smerter og ble raskt byttet ut like før hvilen.

    Island har fire poeng etter like mange kamper i VM-jakten. Det holder til en tredjeplass når to runder gjenstår. Frankrike topper med ti poeng, mens Ukraina står med sju. Aserbajdsjan er sist med sitt ene poeng.

    Kristian Hlynsson
    Foto: AP
  • Miniputt-nasjon klar for VM

    Den lille øygruppen Kapp Verde skal spille fotball-VM for aller første gang i landets historie.

    Det ble klart etter at Eswatini ble slått 3-0 hjemme på nasjonalarenaen i Praia. De trengte bare uavgjort for å havne foran Kamerun i gruppe D.

    Det bor bare litt over 500 000 mennesker på Kapp Verde. Det gjør de til tidenes nest minst folkerike nasjonen som skal spille VM, etter Island som klarte bragden i 2018.

    Fotballspillere fra Kapp Verde jubler over mål.
    Foto: Reuters
  • Gjør comeback på landslaget etter alvorlig sykdom: – Egentlig litt tidlig

    Alexander Blonz (25) skal testes forsiktig i håndballandslagets kommende kamper i Trondheim. Han har lagt bak seg en tøff tid.

    Troppen til landslagssjef Jonas Wille ble lagt ut mandag. Blonz gjorde nylig comeback for Aalborg etter å ha hatt en lang vei tilbake til topphåndballen.

    Rett før jul i fjor fikk Blonz kneskålen ut av ledd på trening. Dagen etter ble rogalendingen diagnostisert med en blodpropp i hjernen. Rask medisinsk behandling måtte til.

    I januar fulgte så en kneoperasjon, før legene fire måneder senere måtte inn å gjøre et inngrep i hjertet.

    Wille har tatt ut hele 21 spillere til samlingen.

    Sander Sagosen blir med på disse oppkjøringskampene. Trønderen er tilbake etter å ha kommet seg fra en leddbåndsskade i tommelen. (NTB)

    Alexander Blonz Norge mot Sverige i EM
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal