– Det var i 1993. Då var sponsorar klare. Vi var klare. Og vi var fast bestemt på at no skulle vi ha eit profflag, og trene utanfor landslaget med eigne trenarar. Vi var klar til å finansiere satsinga vår utanfor forbundet, seier Ole Einar Bjørndalen, 31 år etter planane om å bryte ut.
Men han og Tyldum blei blankt avvist av Noregs Skiskyttarforbund den gangen.
– Det blei sperra og stoppa, og vi fekk ikkje lov til å gå verdscuprenn. Det var ingen sjanse. Vi hadde lyst til å gå renn, men dei påstod at dei hadde rett til å stenge oss ute, så det var heilt uaktuelt, fortel Bjørndalen då han gjesta Dagsrevyen torsdag kveld.
Jon Åge Tyldum stadfestar historia 31 år etter.
– Eg hugsar det var mykje bråk om å få eigne sponsorar. Det var mange diskusjonar fram og tilbake. Vi samanlikna oss med langrenn som var meir proffe og tente pengar på sponsorat, seier Tyldum til NRK.
Han vann verdscupen samanlagt både i 1992 og 1995.
– Ikkje bestekompisar
Men konflikten sette i gang ein prosess mellom forbund og utøvarar.
– Det bidrog til at ein diskusjon kom opp. Og vi byrja å diskutere knallhardt med forbundet om at vi måtte prøve å leve av idretten – fordi den gangen klarte vi ikkje å leve av idretten, seier Bjørndalen, og kjem samstundes med eit eksempel frå 1990-talet:
– Jon Åge Tyldum vann verdscupen totalt og hadde kanskje så vidt ei industriløn. Vi kunne ikkje selje oss til sponsorane. Men etter kvart fekk vi selt eitt sponsormerke på drakta, og deretter kanskje eitt på våpenet.
Ifølge Jon Åge Tyldum var det «ingenting å hente» økonomisk på den tida.
– Skiskyting var ikkje noko du kunne leve av. Du var avhengig av å bu billig og kanskje ha snille foreldre i ryggen, seier han.
– Til slutt enda vi opp med ein fire-fem merker etter reforhandlingar med skiskyttarforbundet år for år, seier Bjørndalen, som samstundes fortel om knallharde forhandlingar med forbundet.
– Vi var ikkje akkurat bestekompisar med presidentar og generalsekretærar. Men vi fann alltid løysingar. Og det var diskusjonar med forbundet døgnet rundt. Dei var tilgjengelege heile tida, både julaftan og nyttårsaftan om det var noko vi ville diskutere.
– Det var ein kort kommunikasjonsveg med leiinga og mange kaffemøter. Vi kom fram til noko vi kan vere stolte av i dag. I dag har mange plassar på konkurranseutstyret dei kan selje. Og jobbar dei knallhardt kan dei leve godt av å drive med skiskyting på toppnivå, seier Bjørndalen.
– Veldig trist og leit
I motsetnad til Skiforbundet si konflikt med alpinisten Lucas Braathen klarte skiskyttarforbundet å løyse gnissingane den gangen.
Braathen annonserte torsdag at han skal konkurrere for Brasil neste sesong, eit halvt år etter at han fortalde at han la opp, Ein av årsakene til at han gav seg var at han mista skigleda etter bråket med forbundet.
Konflikten handla om kven som skulle ha tilgangen til blant anna bilde og marknadsrettar.
– Han hadde vore ei gullgruve for Noreg sitt skiforbund. Tenk å ha hatt han i ti år til. At dei ikkje klarte å lande det var veldig trist og leit. Eg trur det hadde vore mogleg. Men då må ein møte Lucas på hans premissar. Samstundes må han gi ein del, og forbundet må gi ein del.
– Han er ung og nytenkande og verdas beste slalåmkøyrar, og er langt forut si tid i tankegang. Han er bevisst på merkevare og «image-bygging», noko som Skiforbundet kanskje ikkje klarar å følge med på.
– Vi må heller ikkje gløyme at dei enkeltutøvarane som kjem opp no ikkje kjem frå bygda med «lua under armen». Det er mange proffe menneske der ute som har eit godt team rundt seg. Det blir forlanga mykje, og det blir kravd mykje. Og det må eit heilt anna samarbeid til for å møte dei store personlegdommane. Dei er ikkje berre store i Noreg. Dei er store i heile verda, seier Ole Einar Bjørndalen.