Hopp til innhold

Beinhard Warholm om Russland-retur: – Openbert kva som bør gjerast

Karsten Warholm er tydeleg på kva han meiner om ein mogleg retur for russiske utøvarar i konkurranse. Ukrainsk høgdehoppar tykkjer diskusjonen er forferdeleg.

Karsten Warholm

KLAR I TALEN: Karsten Warholm, her frå Ulsteinvik.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Hekkstjerna uttaler seg om temaet i forkant av hans eige stemne, Karsten Warholm Invitational, i Ulsteinvik onsdag.

Det gjer han etter at NRK delte at Astrid Uhrenholdt Jacobsen var ein av dei som tok til orde for å inkludere russiske og belarusiske utøvarar under eit møte med Den internasjonale olympiske komité.

Utspelet har skapt stor debatt i Noreg, og no deler Warholm sitt syn på saka.

– Eg tenkjer korleis Russland bruker idretten som propaganda, så meiner eg kanskje at det ikkje burde vere sånn. Med mine verdiar er det openbert kva som bør gjerast, sa Warholm på eit digitalt pressetreff onsdag ettermiddag.

På spørsmål om kva han meiner bør gjerast, seier han dette:

– Det er å halde oppe situasjonen slik han er no.

Karsten Warholm

DELER SYNET: Karsten Warholm om mogleg retur av russiske og belarusiske utøvarar.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Ufatteleg tung situasjon

Russarar og belarusarar har vore utestengde frå friidretten sidan krigen i Ukraina starta, men sist veke opna Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) for at russiske og belarusiske utøvarar igjen kan få tilgang til internasjonal idrett.

Utøvarkomiteen har vore klare på at ein eventuell tilbakevending av russiske og belarusiske utøvarar må skje under strenge kriterium, og at dei konkurrerer som nøytrale utøvarar.

Warholm tykkjer diskusjonen er vanskeleg, men er klar på ein ting:

– Det er litt vanskeleg å sitte her og nyansere når eg ikkje har sett meg altfor mykje inn i kva som er konflikten. Det viktigaste vi kan gjere er å halde stø kurs på det vi driv med, sa Warholm og la til:

– Det er ein kjensgjerning at idrett og politikk er ein stor miks, og det er ein ufatteleg tung situasjon, seier han.

Torsdag skal Warholm springe 400 meter flatt i heimbyen Ulsteinvik under sitt eige stemne, og han gler seg stort.

– Det er veldig deileg at det startar på heimebane. Det blir fantastisk å arrangere stemne her, og eg meiner vi har den beste utgåva i år.

– Forferdeleg

Ein som også deltek på Karsten Warholm International i Ulsteinvik, er den ukrainske høgdehopparen Jaroslava Mahutsjykh (21).

Diamond League - Zurich

FORFERDELEG: Ukrainske Jaroslava Mahutsjykh ristar på hovudet over diskusjonen.

Foto: ARND WIEGMANN / Reuters

Ho er regjerande verdsmeister innandørs og europameister utandørs, og ønskjer ikkje at russarar og belarusarar skal få vende tilbake til idretten når landet hennar blir angripe.

– Eg skjønner ikkje korleis det er mogleg. Mange liv har vorte øydelagde og mange har døydd, seier Mahutsjikh til NRK.

– Kva tenkjer du om at det no snakkast om å få dei tilbake?

– Det er forferdeleg. Eg meiner at det ikkje er rett å ta dei tilbake. Men la oss sjå korleis det blir, akkurat no er det berre diskusjonar, seier VM-sølvvinnaren frå 2022.

Karsten Warholm Invitational kan du sjå på NRK 1 torsdag 2. februar frå klokka 20.

Les også: Kilder til NRK: Jacobsen tok til orde for Russland-retur i IOC-møte

I motvind

Det har storma rundt leiaren av den norske utøvarkomiteen, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, dei siste dagane, i kjølvatnet av at Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) på onsdag hevda at majoriteten av utøvarrepresentantar ønskte russiske og belarusiske utøvarar tilbake til den internasjonale idretten.

Det skjer etter at Uhrenholdt Jacobsen mellom anna sa:

«Etter vårt syn er ikkje-diskriminering ufråvikeleg. Oppdraget vårt er å halde fram med å vere ei samlande kraft, og det bør framleis vere fokuset vårt. Det betyr at ingen utøvarar burde ekskluderast på bakgrunn av passet sitt»

Astrid Uhrenholdt Jacobsen

LEIAR: Astrid Uhrenholdt er leiar for den norske utøvarkomiteen.

Foto: Terje Pedersen

Laurdag beklaga den norske utøvarkomiteen korleis dei hadde handtert saka, og tysdag ettermiddag kalla komiteen inn til eit møte med norske utøvarar.

Då erkjente Jacobsen at dei mange meiningane rundt saka har ført til at ho har måtte gå over arbeidet ho har gjort.

– Når ein blir gjenstand for så mykje pepar, så byrjar ein etter kvart å stille spørsmål ved alt ein har gjort, sa Jacobsen.

Les også: Jacobsen snakker ut om IOC-bråket: – Begynner å stille spørsmål ved alt man har gjort

Siste nytt

  • Geiger spurtslo Riiber: – Må bruke det som motivasjon

    Det ble en norsk-tysk duell i lagsprinten i kombinert. Til slutt ble det et spurtoppgjør mellom Vinzenz Geiger og Jarl Magnus Riiber.

    Nordmannen tok kommandoen inne på oppløpet, og lå først for å kontrollere. Men tyskeren kom bakfra med en enorm fart, og spurtslo noe overraskende Riiber.

    Dermed ble det andreplass på Jørgen Graabak og Riiber som gikk for Norge 1.

    I den tyske leiren var stemningen god etter lagkonkurransen:

    – Det betyr mye for oss at vi kan stå på toppen, og det gir oss motivasjon til de neste konkurransene, sa Geiger til NRK etter å ha gått over målstreken først.

    – Vi er godt vant, men vi kan ikke vinne hver gang. De vinner på en god dag, sa Graabak til NRK.

    Og la til:

    – Vi er ikke fornøyd med å bli nummer to. Vi må bruke det som motivasjon framover.

    Norge 2, med Andreas Skoglund og Espen Andersen, ble til slutt nummer seks.

  • Leeds stengte eget stadion etter råd fra politiet

    Den engelske fotballklubben Leeds har lukket ned hjemmebanen Elland Road etter råd fra politiet. Alle ansatte er sendt hjem.

    Premier League-klubben bekrefter selv grepet fredag.

    I en melding i klubbens kanaler i sosiale medier heter det at alle klubbens kontorer og virksomheter stenges inntil videre.

    Klubben beklager videre ulempene dette måtte medføre.

    Det opplyses ingenting om årsaken til det uvanlige grepet, annet enn at politiet har vært inne i bildet forut for beslutningen. BBC melder at årsaken skal være relatert til sikkerhet, og at en trussel fremsatt i sosiale medier skal ligge bak.

    Samtlige ansatte i Leeds er sendt hjem.

    Premier League - Leeds United v Southampton
    Foto: PHIL NOBLE / Reuters
  • Dårlig nytt for Rekdal og Rosenborg – skadd spiller må opereres

    Rosenborg-spiller Edvard Tagseth må under kniven etter at han pådro seg en skade denne uken.

    Tagseth skadet seg på trening, melder RBK på egne nettsider fredag.

    Undersøkelser gjort i etter kant av episoden har konkludert med at vingbacken må opereres.

    – Edvard har pådratt seg en kneskade som vil bli operert til uka. Med de nødvendige forbehold ventes han tilbake i løpet av mai, sier RBK-lege Ola Aas i en uttalelse.

    RBK-trener Kjetil Rekdal må dermed klare seg uten forsvarsspilleren i mange kamper innledningsvis i årets seong.

    Rosenborg innleder ligasesongen mot Viking hjemme på Lerkendal 10. april.

    (©NTB)

    4 runde i cupen mellom Viking og Rosenborg
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste