Hopp til innhold

Aukland: – Alt tyder på at Northug aldri vil vinne Tour de Ski

Kan Petter Northug nokon gong vinne Tour de Ski? Ekspert, lagkamerat og trenar er ueinige.

Petter Northug Tour de Ski

GJEV IKKJE OPP: Petter Northug drøymer framleis om å vinne Tour de Ski. Men i år vann han ikkje ein einaste etappe og var langt frå toppformen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Draumen lever, men det går jo til helvete kvart år.

Petter Northug står med bøygd hovud på toppen av Alpe de Cermis nok ein gong. For tiande året på rad har han pressa kroppen til det siste, utan å kunne strekke armane i veret.

Likevel blei 30-åringen i går historisk. Berre Petter Northug har fullført alle dei ti versjonane av Tour de Ski. I seks av dei har han vore på pallen. Men kan Northug nokon gong vinne?

Jespersen: – Northug kan vinne

– Ja, Petter kan vinne Tour de Ski. I denne touren har han ikkje vore i god Petter-form. Men han har jo vore verdas beste langrennsløpar i mange år, så viss han går skikkeleg inn for det kan han ta det, meiner landslagsløpar Chris Jespersen.

Jespersen jubla etter andreplass i Tour de Ski

BEST I BAKKEN: Chris Jespersen kunne juble etter andreplass i Tour de Ski for to år sidan. I vinter har han slite med sjukdom, men håpar å vere tilbake i verdscupen i Nove Mesto 23.januar.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

For to år sidan blei Jespersen nummer to i Tour de Ski og hadde den beste etappetida opp monsterbakken. 32-åringen som har slite mykje med sjukdom før årets sesong, veg omtrent det same som Northug og viste med etappesigeren at ein kan gå fort i bakkar sjølv om ein veg over 80 kilo.

– Petter må kanskje trene litt meir spesifikt på bakken. Men han er nok litt redd for at slik motbakketrening kan gå utover spurtstyrken. Tidlegare år har han i tillegg prioritert meisterskap høgare, men i år trudde eg han skulle prikke inn toppformen. Men det har han tydelegvis ikkje klart, seier Jespersen til NRK.

– Burde vore året til Northug

NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland er ikkje einig.

– Han har prøvd ti gongar og hatt ti eventyrlege sesongar, men aldri vunne Tour de Ski. Det trur eg han heller ikkje kjem til å gjere. Dette var året han verkeleg kunne satse på touren utan meisterskap, seier Aukland og legg til.

Nå er det veldig mykje som tyder på at det er ikkje mogleg, spesielt på grunn av sisteetappen opp bakken.

Northug med Bauer på toppen av pallen

PÅ PALLEN: Petter Northug står med fire andreplassar og to tredjeplassar i Tour de Ski. I 2010 måtte han sjå tsjekkiske Lukas Bauer gå før han i mål.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Landslagstrenar Trond Nystad er derimot einig med eleven Jespersen og trur me ein gong får sjå at nord-trønderen dukkar opp fyrst på toppen av bakken.

– Om han held på eit par år til, så er eg sikker på at han kan vinne Tour de Ski. Han har sagt at han ikkje kan trene spesielt på den bakken her, for det er så mange andre viktige skirenn. I år har han også ein del stong-ut og fått for lite forsprang på dei andre før bakken, seier Nystad.

Northug sjølv gjev iallfall ikkje opp.

– Eg må tydelegvis ha mange forsøk. Eg skal prøve igjen. Men så lenge Martin går sånn som han gjer, er det ingen som slår han.

Petter Northug tror de markerer med fyrverkeri i anledning at han IKKE har vunnet i Tour de ski de ti årene han har gått.

Sjå kva Petter Northug meinte om Tour de Ski-framtida etter målgang i går.

Siste nytt

  • Ishockey: Seks spillere ferdige i Vålerenga

    Vålerenga Ishockey opplyser at sentrale spillere som Mika Partanen, Mark Auk og Christopher Bengtsson ikke blir med laget inn i 2024/25-sesongen.

    Per dags dato er det klart at hele seks spillere på utgående kontrakt ikke forlenger med Oslo-klubben.

    Foruten Mika Partanen, Auk og Bengtsson gjelder det Markus Søberg, Alex Dostie og Joona Partanen. Mika Partanen, lagets poengkonge i grunnserien, pådro seg nylig en kneskade som må opereres, og det er ikke uaktuelt at han kan bli VIF-spiller igjen på et senere tidspunkt.

    – Per nå er han ikke Vålerenga-spiller neste sesong, men vi vil holde dialogen med Mika og se hvordan han føler seg når han er tilbake etter rehabilitering, sier sportssjef Anders Myrvold til VIFs nettsted.

  • Ny deltakerrekord i Holmenkollstafetten – verdens største løp i 2024

    Mer enn 72.000 deltakere er påmeldt til årets Holmenkollstafett lørdag 4. mai, og arrangeren markedsfører seg som verdens største løp i 2024.

    I en pressemelding fra arrangøren Tjalve IL heter det at det igjen går mot en knusende deltakerrekord.

    Det er påmeldt rundt 72.000 deltakere fordelt på 4800 lag, og det er fortsatt mulig å melde på lag. I fjorårets stafett deltok 60.000 løpere fra 4093 lag.

    Med et deltakerantall på over 70.000 er Holmenkollstafetten verdens største løpsarrangement i 2024, ifølge arrangøren.

    (©NTB)

    3hDjhqCJX5U
    Foto: NTB
  • Thiago Silva forlater Chelsea etter sesongen

    Forsvarsveteranen Thiago Silvas (39) dager i Chelsea-drakten er talte.

    Mandag opplyser klubben at brasilianeren gir seg der etter inneværende sesong. Silva har spilt for Chelsea siden 2020, og han har blant annet vunnet mesterligaen med den engelske storklubben.

    – Chelsea betyr mye for meg. Jeg kom hit med intensjon om å bli i bare ett år, og det endte opp med fire år. Sønnene mine spiller for Chelsea, og vi er stolte over å være en del av Chelsea-familien. Jeg håper de kan fortsette karrierene sine her, sier Silva til Chelseas nettsted.

    (NTB)

    Premier League - Aston Villa v Chelsea
    Foto: Andrew Boyers / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal