Hopp til innhold

Åtvarar mot kilometerkrigen: – Det er nok nå

Jørgen Graabak meiner topputøvarar ikkje bør pushe grensene meir med tanke på koronasituasjonen. Idrettslege åtvarar også mosjonistar mot å bli inspirert av rekordforsøka i langrennsmiljøet.

Langrennsåpning Beitostølen. NM kombinert sprint fristil 5 km menn

Jørgen Graabak trenar heime i Trondheim om dagen og jaktar ikkje kilometerrekordar.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Det har utvikla seg ein heilt spesiell kamp i langrennsmiljøet den siste veka.

Søndag kveld toppa det heile seg da Anders Aukland, Jørgen Aukland og Joar Thele avslutta rekordforsøket etter 31 timar og 516 kilometer.

Ikkje utan risiko å gå 50 mil

Den tidlegare olympiske meisteren i kombinert meiner at nå bør det vere nok.

– Eg er heilt for å pushe grenser og utfordre seg sjølv, det synest eg er skikkeleg kult. Samtidig synest eg me som profilerte og rutinerte utøvarar skal gå framfor som eit godt eksempel i den situasjonen me er i nå. Det er ikkje utan risiko å gå over 50 mil på ski, seier Graabak, som måndag ettermiddag la ut denne meldinga på Twitter:

Laster Twitter-innhold

– Når det blir sett i gang så strenge tiltak for befolkninga, som også me idrettsutøvarar skal fylgje, så synest eg me skal halde oss innanfor rimelege grenser.

Aukland og Thele

Sist helg brukte Anders Aukland og Joar Thele i underkant av 18 timar på å gå 320 kilometer på kryss og tvers i Nordmarka. Denne søndagen gjekk dei rundt og rundt vatnet Gjerdingen heilt nord i marka.

Foto: Privat

Langløpar Joar Thele var ein del av rekordtrioen søndag. Han er einig i at rekordjaget har gått litt langt dei siste vekene.

– Det har tatt veldig av dei siste par vekene. Det har blitt veldig ekstremt, og det er ikkje heilt bra alt som har skjedd, seier Thele dagen etter rekorden.

Han merkar godt at folk fylgjer med og fortel at fleire unge utøvarar spør om tips til lange skiturar.

– Eg håpar dei blir inspirert, men ikkje til så ekstreme turar. Ein skal vite kva ein held på med. Og me må heilt klart passe på kva me legg ut. For oss har dette vore fine treningsmål i ei tid der mange skirenn blei avlyst, seier han og lovar at for hans del er nå «kilometerkrigen» nå over.

Etter 320 kilometer sist søndag og 516 i går.

Anders Aukland meiner at kroppen toler mykje meir enn det mange trur.

– Dei grensene har ikkje eg vore redd for å pushe, for meg gir det inspirasjon. Eg håper at eg kan ha motivert andre, seier han.

Strava-bilde

I ein seks kilometer lang rundløype gjekk Anders Aukland og co. i over 31 timar.

Foto: Skjermdump frå Strava

Er meir mottakeleg for smitte

Idrettslege Lars Engebretsen ved Olympiatoppen, meiner at også topputøvarar må vere bevisste på at ein er meir mottakeleg for smitte når ein bryt kroppen heilt ned.

– Me har ennå ikkje fått noko sikre data, men teoretisk kan me seie immunforsvaret er svekka når ein bryt ned kroppen med hard trening, seier Engebretsen.

Joar Thele (t.v.), Anders Aukland og Jørgen Aukland etter målgang

Ein sliten trio var ferdig med rekorden seint søndag kveld.

Foto: Privat

Han åtvarar også mosjonistar om å la seg inspirere til å gå ut på lengre og hardare turar enn ein van med i situasjonen me er i nå.

– Vanlegvis er jo dette ein veldig god inspirasjon for mosjonistar. Men akkurat nå er det usikkert. Det er ingen ting som tydar på at det er farleg å trene. Råda er framleis 30–60 minutts aktivitet 3–5 dagar i veka. Men om det er lurt for vanlege folk å la seg inspirere av desse langturane nå, er svaret nei, fortel Engebretsen.

Juniorløparar bør ikkje gå «ekstremturar»

Landslagstrenar i langrenn, Eirik Myhr Nossum, opplever at «kilometerkampen» er ei greie som er intern for toppen av Langrenns-Noreg. Utøvarane er svært godt trent og kjenner kroppen.

Han er meir uroa for at det kan inspirere juniorløparar.

Dersom effekten av dette for eksempel er at juniorar skal gå 24 timar i strekk ... Det er ikkje sunt. For dei kjenner ikkje kroppen sin godt nok. Men i eit folkehelseperspektiv, om folk lar seg inspirere til å gå ut og røre seg, så er det veldig positivt, seier Nossum.

Eirik Myhr Nossum

Eirik Myhr Nossum håpar ikkje juniorløparar let seg inspirere til å gå dei mest ekstreme turane.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Men din klare beskjed er at for eksempel juniorar og unge løparar ikkje kan halde på med dette?

– Ja. Det er eg veldig skeptisk til, men det å pushe grensene sine – det er eg positiv til. Men grensa er nok nådd lenge før 24 timar for dei aller fleste.

NRK-ekspert Torgeir Bjørn er heilt på linje med Nossum.

– Dette er ikkje noko yngre løparar må følge etter. Det er ikkje det som er vegen til å bli ein god skiløpar i tradisjonell langrenn. Og dei som har gått desse lange turane har trent mykje i mange år. Dei er gjennomtrente, forklarar Bjørn.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal