45.000 kilometer.
37 land.
286.000 høgdemeter.
16 månader.
Det er oppskrifta til Førsvolls spinnville sykkeltur. Starten går 25. mai, og viss han held det planlagde tidsskjemaet er han tilbake på Nordkapp oktober 2024.
– Eg er berre ein heilt vanleg fyr, seier Førsvoll.
Ruta frå Europas nordende til Afrikas sørende er ei populær rute for syklistar som liker å trø dei ekstra kilometrane. Det spesielle er returen frå Afrika til det kalde nord.
For ifølgje Førsvoll er det ingen som har sykla same rute opp igjen.
– Eg drøymer om å gjere noko som eg ikkje er i stand til å gjere. Noko som er heilt fullstendig umogleg. Då fann eg ut at dette verka temmeleg umogleg, seier Førsvoll.
- Sjå ruta Atle skal sykle:
Dei fleste som gjennomfører slike turar har gjerne trena målretta mot dette over fleire år.
Dette er ikkje tilfelle for Førsvoll.
For han har brukt jobben som matleveringsbod til å førebu seg til turen.
– Det eg har gjort no dei siste månadene er å levere mat. Det blir ein ikkje rask av, men ein blir godt trent, seig og herda, seier Førsvoll.
Han sykla i totalt 72 timar som matleveringsbod i april. Det er over 18 timar med sykling i veka.
– Eg må seie meg samd i at dette er ein spesiell måte å lade opp til sykkelturen på, seier Førsvoll mens maten blir levert.
Det plingar inn nok ei bestilling på telefonen.
Vi skal levere pølser og brus til ein person på døra.
– Det som er spennande no er kor langt av garde vi skal, seier Førsvoll medan han kikkar ned i telefonskjermen.
Denne gongen vart det ein tur på to minutt. Turen frå 25. mai tek derimot litt lengre tid.
– Dette er ein ekstremt egoistisk ting å gjere. Kanskje det mest egoistiske ein kan gjere, seier Førsvoll om turen.
Dette er derimot ikkje hans første sykkeltur med solid lengd. Tidlegare har han sykla Noreg på langs, gjennom heile Finland og også delteke i Trondheim-Oslo.
Likevel føler Førsvoll at han er ute på ukjend farvatn.
– Forma er betre enn den nokon gang tidlegare har vore, men om det er nok, det veit eg ikkje, seier Førsvoll.
- Se hvordan Førsvolls dager som matbud er:
– Heilt ekstremt
NRKs sykkelekspert Sondre Sørtveit lar seg forbløffe av Førsvolls sykkelprosjekt.
– Det er helt ut av ei anna verd eigentleg. Det er eit veldig vakse prosjekt. Utruleg imponerande dersom han får det til, rett og slett. Det er heilt ekstremt, seier Sørtveit.
Han har aldri høyrt om nokon som har køyrt same rute, og seier han blir vanvettig imponert om Førsvoll klarer det. Men, han er noko tvilande til treningsmetoden i forkant av reisa.
– Det er jo veldig ambisiøst då. Han har helit sikkert fått sete mykje på sykkelen i alle fall, men det er nok heilt andre utfordringar som vil møte han på den ferda der. Veldig utradisjonelt, men tøft satsa, seier Sørtveit.
Han nemner vêr, vind, klima og tøffe verforhold som utfordringar han kjem til å møte på. Han trur trening i form av lengre turar enn frå dør til dør hadde vore langt meir optimalt.
– Du treng nokon veldig lange, lange turar for at kroppen skal takle det der. Eg synest ikkje det høyrest ut som den mest ideelle oppladinga.
To underbukser og laushundar
På turen skal Førsvoll prøve å leve så minimalistisk som mogleg. Med seg har han blant anna berre to underbukser.
Turen har vore planlagd heilt sidan koronatida, men ikkje vore gjennomførbar før no. Ei siste lita hindring no er derimot at fleire av landa han skal sykle gjennom er i ustabile tider med blant anna krig og borgarkrig.
Likevel reknar han ikkje dette som den største utfordringa.
– Det eg fryktar mest på turen er noko så banalt som laushundar. Det å vere på landsbygda i Tyrkia og bli omringa av fem til ti laushundar, den tanken skremmer meg, seier Førsvoll.