Hopp til innhold

Måper av halvmaratonen til konkurrenten etter Paris-Roubaix: – Kvifor?

Paris-Roubaix blir rekna som eit av dei mest krevjande sykkelritta i verda. Etter å ha fullført rittet søndag, snørte Cameron Wurf på seg joggeskoa og sprang ein halvmaraton.

Cameron Wurf

HARDE ØKTER: – Eg er svolten no, skreiv Wurf på Instagram då han la ut oppdateringa om halvmaratonen søndag.

Foto: Team Ineos Grenadiers/Strava

Med dei 256,6 kilometrane frå Compiègne til Roubaix, og 54,5 kilometer på tidvis dårleg lagd brustein, er Paris-Roubaix det kanskje mest unike rittet for proffsyklistane og har fått kallenamnet «Helvete i Nord».

Søndag vann Mathieu van der Poel utgåva til herrane, i det som var den raskaste utgåva i historia med ein snittfart på 46,84 kilometer i timen.

22 minutt og 44 sekund bak Van der Poel kom Cameron Wurf i mål, til ein 128.-plass. Australiaren sykla rittet som hjelperyttar for Ineos Grenadiers-laget og kom mellom anna over målstreken i same gruppe som Edvald Boasson-Hagen.

Etter å ha køyrt over grensa til Belgia, var Wurf likevel ikkje ferdig med dagens aktivitetar og gav seg ut på ein halvmaraton. Den sprang han på éin time, 26 minutt og 55 sekund.

– Det er jo imponerande å gjere det. Det var ikkje i mine tankar å gå ut for å springe etter det løpet, men kvar sin smak, seier Boasson-Hagen.

Både i kommentarfeltet på Strava og under Instagram-innlegget til Ineos Grenadiers har det komme ei rekkje reaksjonar på Wurfs dobbel. Team Jayco Alula-ryttar Lukas Pöstlberger var blant dei som ikkje fullførte rittet. På Instagram skriv han:

– Det er berre eitt spørsmål: Kvifor?

Paris-Roubaix

BERYKTA: Det er få stader i sykkelsporten som er like berykta som Arenbergskogen. Her er ryttarane i aksjon under rittet søndag.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

– Vanskelegaste var å knyte på seg skoa

Wurf starta idrettskarrieren sin som roar og var med i OL i 2004. Deretter gjekk det vidare til sykling, der han var aktiv på proffnivå frå 2008 til 2014. Etter nokre år der han satsa primært på triatlon, har han kombinert triatlon-satsing og proffsykling sidan 2020.

39-åringen har sjølv svart i kommentarfeltet på Instagram.

– Eg skulle ønske eg hadde eit svar til deg, skriv han som eit svar på Pöstlbergers kommentar.

– Med ristinga frå brusteinen var den vanskelegaste delen av løpeturen å knyte på seg skoa, skriv Wurf i ein eigen kommentar.

På sin eigen Instagram-konto forklarer Wurf det utradisjonelle valet slik:

– Dagen baud på ei flott moglegheit eg kunne ta nytte av for å springe med verkeleg tunge bein, medan eg førebur meg mot min neste Ironman, skriv han.

Cameron Wurf

IRONMAN: Wurf kunne juble for Ironman-siger i København i 2021.

Foto: KELD NAVNTOFT / AFP

Fjorårsvinnaren i Norseman, Jon Sæverås Breivold, seier til NRK at han vurderte noko liknande etter å ha køyrt det norske sykkelrittet Lillehammer GP i fjor, men at han då droppa det.

– Det er ei tøff overgangsøkt. Det er vel ikkje heilt etter boka, men han er ikkje kjend for å gjere ting heilt etter boka heller, seier han.

– Det er jo galskap. Det er det ingen tvil om. Samtidig skjønner eg han godt, i og med at han trenar mot Ironman. Då må han nytte seg av dei moglegheitene som finst, seier Breivold.

Les også Sportssjefen måper av Jons ekstreme triatlon-rekord: – En uhyrlig prestasjon

BREIVOLD: Er først i mål for andre året på rad. Denne gangen med ny rekord.

Kristoff: – Totaltida kunne kanskje vore jamn

I Ineos hadde Wurf Gabriel Rasch som sportsdirektør i tre sesongar. Nordmannen jobbar no for det norske profflaget Uno-X.

– Det er vilt å gjere det etter Roubaix, men det er ikkje første gong, seier Rasch, og viser til at Wurf har gjort liknande etter andre éindagsritt tidlegare.

Han omtaler Wurf som ein energisk og utettervend fyr, men seier at det «aldri har falle meg inn og gjere det etter eit slikt ritt». Særleg aktuelt var det heller ikkje for Alexander Kristoff, som vart best av dei norske ryttarane i Paris-Roubaix med ein 15.-plass.

– Eg hadde nok ikkje hatt det i beina, han tok det jo med ro på Roubaix då og kom 22 minutt bak ... Eg hadde jo klart å springe, men eg hadde nok fått ei dårlegare tid enn han. Men totaltida kunne kanskje vore jamt, seier han humrande.

Kristoff sjølv kom til Roubaix med blodige sår i handflata. Han sa til TV 2 at han sleit med å halde i styret over det siste brusteinspartiet.

– Det freista kanskje ikkje så mykje med ein halvmaraton søndag kveld?

– Nei, det freista ikkje, svarer Kristoff.

Les også Blodig Kristoff avslører ukjent drama: – Jæklig vondt

Kristoffs hender

Sportsnyheter

Sædís Rún Heiðarsdóttir var langt nede etter Vålerengas nederlag mot Wolfsburg i Mesterligaen.

Oppløst i tårer etter «fullstendig hodemist»: – Det var en gave

Mens de fleste snakket om Wolfburgs omdiskuterte vinnermål, gikk en nedbrutt Sædís Rún Heidarsdóttir av banen vel vitende om at hun serverte tyskernes første mål.

Solveig Løvseth under Ironman i Hawaii.

Solveig hjemme etter sensasjonen i Ironman: – Hun har ei lysende framtid

26-åringen ble historisk da hun sikra Norges første VM-tittel på kvinnesida. Sportssjefen tror ikke mange skjønner hvor stor prestasjonen er.

en mann som løper på en bane

Opnar for endring etter verdsstjerne-flukt: – Får sjå kva veg vi går

Verdsstjerner som Rai Benjamin og Femke Bol droppar hekkeløp. Karsten Warholm er ikkje framand mot å teste noko nytt.

Siste nytt

  • Solid hjemmeseier for Detroit og Brandsegg-Nygård

    Detroit Red Wings, laget til den norske NHL-ferskingen Michael Brandsegg-Nygård, sikret seg en 4-1-seier hjemme mot Florida Panthers onsdag.

    Den første perioden var målløs, men to minutter ut i andre periode tok Detroit føringen. Mason Appleton sørget for 1-0. Midtveis i perioden la Patrick Kane på til 2-0.

    Gjestene fra Florida fikk også nettkjenning i denne perioden. Brad Marchand tegnet seg på scoringslisten etter 14 minutter. Det skulle bli den eneste scoringen for Panthers denne kvelden.

    Med snaut to minutter igjen på klokken i den tredje perioden, var det igjen Appleton som var sist på pucken. I et forsøk på å hente inn ledelsen og i det minste gå videre til forlenging, tok panterne fra sør ut keeper Sergei Bobrovsky.

    Den taktikken ga ikke uttellingen de håpet på, men åpnet i stedet for at Michael Rasmussen kunne fastsette sluttresultatet til 4-1 for vertene bare 18 sekunder før kampen var ferdigspilt.

    Dette var den fjerde kampen 20 år gamle Michael Brandsegg-Nygård spilte for rødvingene fra Detroit. (NTB)

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: GREGORY SHAMUS / AFP / NTB
  • Caroline Graham Hansen kom inn og scoret

    Caroline Graham Hansen hvilte fra start, men entret banen 59 minutter ut i onsdagens mesterligakamp mellom Roma og Barcelona.

    Den norske stjernen fikk æren av å fastsette sluttresultatet til 4–0 i favør storlaget fra Katalonia. Dette var hennes første mesterligascoring for sesongen.

    Barcelona topper tabellen etter to kamper med full pott og ti plussmål. De to andre lagene som har vunnet begge kampene, er OL Lyonnes og Wolfsburg.

    Guro Reiten fikk 35 minutter som innbytter da Chelsea knuste Paris FC 4-0 på Stamford Bridge. London-laget har plukket fire poeng.

    (NRK/NTB)

    Caroline Graham Hansen
    Foto: AP
  • Ada Hegerberg åpnet målkontoen

    Ada Hegerberg spilte fra start med kapteinsbindet på armen da OL Lyonnes fikk besøk av St. Pölten i mesterligaen onsdag kveld.

    Rett før pause åpnet den norske stjernespissen målkontoen i denne utgaven av turneringen.

    Det var Hegerbergs 67. mål på 77 kamper i Champions League, og ingen er i nærheten av å ha så mange i turneringens historie. Nærmest er Anja Mittag på 51.

    Da hadde allrede Jule Brand gitt det franske storlaget ledelsen. Sju minutter ut i andre omgang sørget Lili Yohannes for 3–0 seier til OL Lyonnes, som alltid er en av favorittene til å gå langt i mesterligaen.

    (NRK/NTB)

    ADA

Sendeplan

Kl. Program Kanal