– Me kan be folk slutte å skrike, det gjorde me ikkje før den første kampen. Det gjer me nok no, seier president i Agon, Ilya Merenzon.
Agon er arrangøren bak årets sjakk-VM, og Merenzon har tydeleg teke til seg kritikken frå ein frustrert Magnus Carlsen etter gårsdagens remis i opningskampen av VM i sjakk.
– Vi kunne høyre nokre lyder utanfrå, so me var ikkje helt avstengt frå omverda, sa Magnus Carlsen til NRK.
Og det er på ein litt spesiell arena at verdas to beste sjakkspelarar møtest.
Glasburet
For inne i eit glasbur, midt i New York, konkurrerer Magnus Carlsen og Sergej Karjakin om å bli verdsmeister i sjakk.
Men rundt buret sit det hundrevis av VIP-tilskodarar og følgjer samtlege oppgjer. Fleire av partia er heilt utseld.
Og trass i at glaset skal vere heilt lydtett, høyrde både Carlsen og Karjakin lydar utanfrå under det første partiet.
– Under partiet høyrde eg nokre lydar, men eg prøvde berre å konsentrere seg. Ein kan ikkje følge med på det som skjer rundt, seier Karjakin til NRK.
Og dei lydane vil VM-sjefen gjere noko med.
– Eg veit at dei klaga, og då må me prøve å gjere noko med problemet, seier Ilya Merenzon til NRK.
- Les også: Innadvendt i en utadvendt verden
Isolere dørene
I tillegg til å be folk om å slutte å rope under kampen, vil Merenzon prøve å gjere resten av buret so lydtett som mogleg.
– Me kan betre isoleringa for å gjere det meir lydtett. Golvet kan også forsterkast. Sjølve glaset er lydtett, men dørene er kanskje ikkje heilt tette.
VM-sjefen påpeiker at dei er veldig opptekne av å legge forholda til rette for at både Carlsen og Karjakin skal kunne prestere best mogleg.
– Eg vil ikkje at dei skal bekymre seg for noko. Viss bråket gjer det, vil eg prøve å gjere noko med det.
Og det er nok Magnus Carlsen særleg glad for.
– Eg håpar me er enda meir i vår eiga verd neste gong, sa Carlsen etter det første VM-partiet.