I slutten av februar vart det klart at Levon Aronian, den sjette beste sjakkspelaren i verda, følgjer den aukande trenden i internasjonal sjakk. Han blir amerikanar.
38-åringen har vunne tre OL-gull med Armenias landslag og blir rekna som ein folkehelt i heimlandet. No gir han opp fødelandet og flyttar til St. Louis, Missouri, for å bli ein del av det amerikanske landslaget.
– Det å oppgi fødelandet sitt sit nok langt inne, men gjer ein det av økonomiske motiv blir det sett ned på i ein periode, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.
Sinquefield-effekten
Aronian blir USAs nest beste sjakkspelar, bak Fabiano Caruana. No har dei fire høgast ranka amerikanske spelarane tidlegare spelt sjakk under ein annan nasjon.
Ein ting dei har til felles, er at dei er tilknytta St. Louis Chess Club.
Men kvifor skjer dette?
– Det heng saman med at klubben er eigd av ein styrtrik milliardær som ønskjer å gjere St. Louis til sjakkhovudstaden i verda. Han spyttar inn enorme midlar.
Bae er titulert som internasjonal meister i sjakk grunna sin FIDE-rating på 2409.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix– Kva som ligg i økonomien som ventar utøvarane veit ein ikkje, men eg trur ikkje Aronian kjem noko dårleg ut av det, for å seie det litt forsiktig.
Bae legg til at Aronian i St. Louis vil bli tilbode flotte fasilitetar og ein god treningskvardag.
Mannen som gjer det heile mogleg er St. Louis Chess Clubs gründer, eigar og styreleiar, Rex Sinquefield.
I tillegg til å gjere St. Louis til sjakkhovudstaden i verda, ønskjer han å heve nivået til det amerikanske landslaget.
Dyre overgangar og hjernevaskanklager
I tillegg til Aronian vil det amerikanske landslaget bestå av Fabiano Caruana, Wesley So, Leinier Dominguez, og den japanskfødte amerikanaren Hikaru Nakamura.
Caruana og Dominguez representerte høvesvis Italia og Cuba då OL vart arrangert i Tromsø i 2014, medan So representerte Filippinane OL-et to år før, då som deira høgast rangerte spelar.
Aronian har ei FIDE-ranking på 2781 og blir USAs nest beste spelar. Her frå Norway Chess i 2019.
Foto: Carina Johansen / NTBFire av fem har endra føderasjon til USA (Caruana bytta frå USA, til Italia og tilbake til USA igjen). Alle fem er blant dei 20 beste spelarane i verda.
– Det er vel ikkje direkte ulovleg å byte nasjon i nokon idrettar, men det finst strenge reglar. I sjakken har ein forholdsvis store gebyr for slike overgangar, spesielt for dei beste spelarane, seier Bae.
– Det er betydelege beløp, men det er berre ei pølse i slaktetida for Sinquefield.
Desse beløpa, og dessutan karantenetid før ein kan representere ein annan nasjon, er sett inn av det internasjonale sjakkforbundet for å gjere det vanskelegare for spelarar å endre nasjon.
77-åringen har i amerikanske medium vorte beskriven som ein pioner innan indeksfond og han har òg vore involvert i politikken i Missouri.
Foto: Paul Morigi / APTil no har det ikkje stoppa Sinquefield og det amerikanske landslaget.
Wesley So drog til USA for å studere, og vart i vaksen alder adoptert av skodespelaren Lotis Key og ektemannen Bambi Kabigting.
Sos biologiske mor har skulda adoptivforeldra for å ha hjernevaska sonen. So har representert det amerikanske landslaget sidan 2014, men vart amerikansk statsborgar så seint som 8. mars 2021.