– Eg hadde eigentleg innsett at løpet var køyrt då eg ikkje presterte noko bra i EM, så eg vart ganske overraska, seier Suzanna Tangen til NRK.
Så overvelda vart ho at OL-draumen kunne vorte knust i den augneblinken beskjeden kom. Tangen sat nemleg på sykkelen då ho fekk beskjeden.
– Eg fekk telefonen medan eg var på treningstur og halde på å krasje sykkelen då eg høyrde det, så ja, ein kan vel seie at eg vart veldig glad, seier Tangen og ler.
Var med Lars Monsen på tur
32-åringen er relativt ukjend for det norske publikummet. For det første er ikkje parasykling ein idrett som mange i Noreg kjenner til. For det andre byrja ikkje Tangen satsinga før etter at ho hadde busett seg i Canada i 2016, der det var meir tilrettelagt for å satse på parasykling.
Men i Noreg er det kanskje deltakinga hennar i Lars Monsen-programmet «Ingen Grenser» som mange hugsar.
Funksjonsnedsetjinga til Tangen kjem av at ho fekk ein betennelse i ryggmergen då ho var to år gammal. Det førte til at ho vart mellombels lam frå halsen og ned. Etter kvart kom kjensla og styrken tilbake i overkroppen, men i beina har ho framleis nedsett styrke og balanse.
Difor vart handsykling ein naturleg veg for den mildt sagt aktive 32-åringen.
– Eg dreiv litt med handsykling i Noreg og, men der var det ikkje noko miljø. I Canada byrja vi å tilby syklar i samband med jobben, og då byrja eg å trene meir aktivt, fortel Tangen.
No ligg ho på rundt 18 treningstimar i veka og køyrer konkurransar rundt om i verda.
Måtte søke om wildcard
Ansvarleg for parasykling i Noreg, Jason Dyck, forklarer at Tangen i utgangspunktet ikkje var kvalifisert på grunn av at Noreg som nasjon ikkje hadde tatt nok poeng internasjonalt til å kunne sende utøvarar til Paralympics.
Men sidan Tangen er den einaste norske utøvaren som konkurrerer internasjonalt for augneblinken, var det umogleg for henne å hente nok poeng åleine. Difor søkte Dyck og sykkelforbundet om eit av fem wildcard for å få ho med til Tokyo.
– Ho har vore blant dei beste handsyklistane, så vi kjende oss ganske trygge på at dei skulle akseptere den førespurnaden. Samstundes veit ein aldri, så både eg og Suzanna grein ein del då vi fekk stadfesta at det gjekk i orden, seier Dyck.
Han blei henta inn av sykkelforbundet i 2019 for å berre fokusere på parasykling. Å få ein utøvar til Paralympics på første forsøk er difor veldig stort.
– Parasykling har vore veldig langt nede i nokon år, så det betyr så klart veldig mykje at Suzanna er med. Det er mange unge utøvarar som ser opp til ho no, så dette har mykje å seie for jobben som både eg og utøvarane våre legg ned, seier Dyck.
Håpar å inspirere andre
For Tangen er ikkje nødvendigvis resultatet i Tokyo det viktigaste ho håpar å få ut av OL-deltakinga. Det er Paris i 2024 som er det store medaljemålet.
Men der ho sjølv måtte flytte ut av Noreg for å skjønne at handsykling var noko ho ville satse på, håpar ho at deltakinga kan opne opp auga til fleire unge syklistar i OL.
– Det er veldig mange menneske i Noreg som har tilpassa sykkel. Eg håpar å inspirere dei som sit heime og tenkjer at det ikkje finst nokon moglegheiter. No har vi faktisk NM i parasykling i Noreg, og det må folk få vite om, seier Tangen.
At det har komme eit noregsmeisterskap i parasykling i Noreg, er eit stort steg i riktig retning, meiner Tangen. Ho takkar Jason Dyck for at det no er litt blest rundt det.
Ho trur òg at parasykling, og spesielt handsykling som ho sjølv driv med, har potensial til å bli ein populær publikumsidrett. For til liks med landevegssykling som vi er vand til å sjå under Tour de France, er det fartsfylt og mykje dramatikk undervegs.
– Det er mykje som skjer under ein fellesstart. Vi kan komme opp i ein fart på 80 kilometer i timen, og i feltet som skal til OL er det mange som har liten erfaring med å sykle i felt. Så det kan bli litt nervøst, men sjølv kjenner eg alltid at eg har god kontroll, seier Tangen.
Suzanna Tangen skal køyre to øvingar under Paralympics. Tysdag 31. august klokka 01.00 syklar ho temporitt, medan fellesstarten går dagen etterpå klokka 05.20.