– So raskt ein medalje heng rundt halsen til ein nordmann, vil ordet astma komme opp.
Det seier Ludvig Holmberg, ekspertkommentator i svenske Expressen.
Han meiner no at Norge har ein vanskeleg jobb med å overtyde andre nasjonar om at dei har reint mjøl i posen.
- Bakgrunn: TV 2: Friske løparar blei tilbode astmamedisin.
– Overtyder ikkje oss
Og Holmberg får støtte av NRKs langrennsekspert, Fredrik Aukland.
– Kan det gå utover ryktet til Norge?
– Eg vil seie det. Dette er ei alvorleg sak. Saka med Martin er nok blitt tolka av mange nasjonar som at Norge ikkje er betre enn andre nasjonar. Og med denne saka, der Skiforbundet er ein sentral del, verkar det veldig vanskeleg å forklare for andre nasjonar.
I dag heldt landslagssjef i Norge, Vidar Løfshus, ein pressekonferanse der han forklarte at ingen norske utøvarar har fått medisinar utan å få utredelse av lege, og at heile saka er ei «gedigen misforståing».
FORSVARTE MEDISINBRUKEN: Landslagssjef Vidar Løfshus meiner alle som har motteke medisin har fått utredelse av legar.
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpixDet imponerer derimot ikkje svenske Holmberg.
– Det har kome kritikk frå Polen og Russland, men me har alltid sagt at det er drittsnakk. No er me plutseleg usikre. Løfshus har ikkje klart å overtyde oss.
– Skadar ryktet
– Det skadar garantert ryktet til Norge overfor omverda. Saka med Martin Johnsrud Sundby var mogleg å forklare, men denne saka gjer inntrykket av at det er noko større, seier Holmberg.
Han trur også at svenskane kjem til å reagere sterkt når skisesongen byrjar, og nordmennene tek topplassering etter topplassering.
– Me merka allereie med Marit Bjørgen at svenskane skreik at ho var dopa. Det som kom fram no er i mine auge 100 gongar verre. Eg forventar sterke reaksjonar frå det svenske skifolket når sesongen byrjar.
Men i det norske helseteamet er dei heilt sikre på at dei har gjort rett.
- Les også: – Vet om andre land som også gjør dette.
– Per dags dato er det ingen langrennsløpar som er teken i doping nokon gong, og meir er vel det landet i verda som blir kontrollert mest. Det er ingen som er tekne, og det me driv med er heilt, heilt innanfor regelverket, seier Torger Hansen, leiar i langrennslandslagets helseteam.
Krev avklaring
Medan det norske laget meiner det ikkje er nokon etiske utfordringar med å gje reseptbelagde astmamedisinar til utøvarar som ikkje har blitt diagnostisert med astma, synest Holmberg det er veldig rart.
– For meg høyrest dette ut som rein galskap. Det Norge alltid har sagt er at viss ein ikkje har astma, hjelp ikkje astmamedisinar. Difor lurar ein no på kvifor dei tek det.
Han håpar no at skiforbundet kjem med ei rask avklaring, slik at ein kan legge sakene bak seg.
– Me vil vite kva som går føre seg her. Eg reknar med at det blir nærmare utdjupa.